fredag 9. august 2013

Kameratredning - for spesielt interesserte

Grått og meldinga sa frisk bris/liten kuling frå nordaust. Padleklare. Då vart det Blimsanden. I slike forhold kan vi padle mot vinden så lenge vi gidd, og få medsjø tilbake. "Worst case" er å hamne på stranda att. Det vart vel og mumla noko om faktisk forskning og kameratredning.   

Blimsanden

Det er jo fint her sjølv på ein grå og litt trist dag. 


Greie forhold å padle ut. Litt sjø og motvind, men ikkje noko dramatisk. Vi padla ca 2/3 ut mot Rossholmen, ca ein times tid utover. Snudde. Sjølv om eg var førebudd, så var eg litt nervøs dei første 2 minutta med skvalpemedsjø. Akkurat nervøs nok å kalle inn til flåte og bytte til euroåre.
Med vinden i ryggen kjentes det ut som heilt vindstille. Merkeleg fenomen. Med vind og dønning frå litt ulike retningar så vart det ikkje direkte surf innover, men god medsjøpadling. Særleg Kristin fekk kjenne på at kajakken (PH Scorpio) ville sidevegs når ho ikkje brukte roret. Med ror var det sjølvsagt ikkje noko sak.  Nukaen er veldig fin og retningsstabil med skeg i slike forhold.  

Vindmålaren på Vigra viste middelvind på ca 7 m/s og maksvind på ca 9 m/s den perioden vi var ute (piece of cake), så faktisk målt vind var mindre enn meldt.

Kart over turen (9 km) - frå Kristin. 

Sjekk sikksakken nede til venstre. Det er avdrifta på kameratredningane vi dreiv på med på slutten. 
Kristin og eg kjenner kvarandre ikkje spesielt godt, og vi har padla i ulike miljø/ulike kurs/instruktørar osv. Difor var vi einige om å gjere kameratredningar slik vi var vant til, og samanlikne litt etterpå. 

Det viser seg alltid at folk har lært ulike varianter. Det siste året har eg hatt meir fokus på eigenredning og rulle, så kameratredninga var nesten litt rusten.

Nokre erfaringar:
1. Når det er lenge sidan eg har gjort kameratredningar vert eg nervøs når eg skal redde. (Note to self: Tull og tøv. Øv oftare med fleire ulike folk. Skjerp deg!)
2. Metoden med kajakkane omvendt, fot inni, vippe seg opp og snu seg med støtte i reddar sin kajakk, var ny for Kristin. Evaluert som lur og effektiv. 
3. Eg har hatt fokus på bevistlause folk og krisemaksimering ei stund (aktivitetsleiarkurs er ikkje berre sunt altså). Dermed hadde eg gløymt at den som ligg i vatnet fint kan hjelpe til med å snu kajakken. Det kan jo vedkommande faktisk som oftast. Det er veldig mykje lettare å få tak i ein kajakk som ligg rett veg i skvalpesjø og vind.  
4. Kristin testa metode med kajakkane same veg, der eg måtte dra meg opp på bakdekka, vri føtene inn i cockpit og snu meg med støtte i reddar sin cockpit. Det gjekk heilt fint. Vi var einige om at det er lurare å legge kajakkane omvendt på denne metoden og. Metode under punkt 2 er mindre energikrevjande for den som ligg i vatnet. 
5. Kristin ville teste metoden gå opp mellom båtane. Eg hadde ikkje trua, men det gjekk fint å redde ho på denne måten. No har Kristin ganske bra fysikk, så litt usikker på om det hadde gått like glatt for alle. Men mine fordommar mot at det var ein totalt ubrukeleg metode vart altså gjort til skamme. Lurt å legge båtane omvendt også her. Metode under punkt 2 framleis favoritt.  
6. Eg ville teste stigeredning (trur eg det heiter). Reddar let personen i sjøen henge på akterenden av den tomme kajakken, held den 90 grader ut frå eigen båt med baugen godt innpå reddar sin båt, og den i vatnet krabbar opp som ved cowboyentring. Det gjekk og heilt fint. Metoden under punkt 2 vart dagens vinnar. 

Det er jo ofte slike forhold (litt vind, litt sjø) på delar av ein tur, til dømes under ei kryssing, så vi var einige om at forholda var veldig realistiske. Og at vi var fenomenalt flinke som øvde litt. POENG!

Nokre fleire erfaringar: 
7. Vi hadde diskutert for/imot åretau på førehand. Ingen av oss hadde åretau og det var uproblematisk å halde styr på begge sine årer. 
8. Kristin fekk erfare kor fort kajakken forsvinn når ein tilfeldigvis slepp den eit millisekund... Eg har gjort same erfaringa på Blimsanden før, og måtte då symje heilt inn på stranda for å (noko slukøyra) hente den att. På ope hav får du ikkje tak i den att. Så note to all: HALD FAST I KAJAKKEN DIN! ALLTID!
9. I litt skvalpesjø så stabiliserar det reddar sin kajakk om den i vatnet heng i baugen på reddar sin kajakk. Vi testa og det stemmer. Det er og med på å gjere "veltaren" mindre nedkjølt. Og om personen har panikk osv... 
Men det er ikkje naudsynt å gjere dette uansett i alle situasjonar. Med godt tak i ein anna kajakk har reddaren oftast meir enn god nok støtte. Personar som kjenner kvarandre og har drillen inne vil spare så mykje tid på å berre tømme, legge kajakkane omvendt og hoppe oppi at det kanskje veg opp for nedkjølinga. Forhold, temperatur osv er avgjerande for vurderinga her sjølvsagt.  
10. Dagens rulle - sat som eit skot!
11. Nedkjøling. Sjølv i sommarsjø, med ull og tørrdrakt, med 5 min motvindspadling mellom øktene så vert ein kald etter 4-5 turar i vatnet. 

Det var utruleg kjekt å drille, samanlikne kameratredningar og friske opp ferdigheitene litt. Øving gjer meister og handlaget er ferskvare. Veldig bra padleøkt!

1 kommentar:

  1. Bra innlegg. Dere er så flinke på å gjøre sånne der ting.

    SvarSlett