Det var på høg tid å besøke team Gjelsvik avd. Stavanger. Karianne og eg var einige, impulsive og bestilte billettar ein sein kveld på nettet. Jauda, det var kaffelatte, shopping, tapasfest og feiring av mangel på interkraniale cyster, slikt som ein normalt driv med på bytur. Men team Gjelsvik avd. Stavanger hadde fleire overraskingar på lur. Tur! Turar i fleng, faktisk! I vakkert kulturlandskap, på lange iskalde jærstrender, og i noko så eksotisk som ein kolonihage.
Bru-landskap. Eit steinkast frå oljebyen.
På turen kryssa vi delar av kulturløypa på Bru. Grunneigarinitiert landskapskunst. Herleg!
(Og vi må berre komme att for å gå resten av løypa..)
Bru - Bruhalsen - Bruhåve - Brustolen! Team Gjelsvik.
(foto: Wenche)
Moderne helleristningar. -Sjå! -Her er bokstaven min! -Min og! 5-åringane kappast.
Høner, sauar, kyr, hestar (hest er best til pølsefest), kjælen katt. Dyreliv i alle variantar. Steingardar på kilometervis. Bru var flott! Her er det fint å padle også.
Gourmetkokk med fiskepakkar på bålpanne.
Italiensk storfamilie-kjensle rundt langbordet. Kjekt å vere inkludert i ein stor gjeng og mange generasjonar.
Hellestø!
Søndag hagla det inn meldingar og facebookstatusar om metervis med snø i Møre og Romsdal. Vi for på stranda. Vinterstrand rett nok. Jærstrendene ligg på rekke og rad nedover. Storslått. Og iskaldt.
Jump - Feistein fyr
Sidan det var kaldt og opptil fleire ungar hadde bølgeleika seg våte så tok vi kaffien i den nye kolonihagehytta til Wenche på Ølberg.
Barnebarnbed.
Eit hjørne til kvart barnebarn, med noko spiseleg hageleg.
Steingalne er vi vel alle, Wenche driv til liks med dei fleste i familien og samlar på stein. Små minne frå små og store turar. Dette vert eit flott bed! (Det er sjølvsagt også med Stavangerstein "heim" til Duckville på Skarset..)
Kolonihage var kult! Stad for draumar, magedrag med frisk luft. Det vert spennande å følgje livet på Ølberg framover våren og sommaren!
Hurra for Facebook som gjer det lett å dele, lett å like.
Jump - firerbanden.
(Foto: Wenche)
Takkar for ei super helg, fine turar og godt reisefølgje! Etter ei "byhelg" i Stavanger så kom eg heim med saueskit og sand på støvlettane. Rogaland har visst også mykje å by på av naturopplevingar..
Jæren er jammen meg flott! Berre så synd eg aldri har rota meg dit....
SvarSlett