søndag 4. november 2012

Surfesøndag på Alnes

Novembersøndag. Blikkstille både i lufta og på fjorden i Ålesund. Sol på snøkvite sunnmørstindar. Trude og eg kom først ut til Alnes, og vart litt overraska over dei tunge dønningane som slo inn mot stranda. Ops. Sopass forhold ja.

Gutane kom sigande etterkvart og meinte det var greie forhold. Så vi kledde oss for bading og eg psyka meg opp.

Flåten klar for Alnessurfing

Det vart ein god splæsj i forsøket på å komme seg ut frå stranda. Det var mykje drag i bølgene, men ikkje så kaldt i sjøen som eg hadde trudd. Vel utpå for vi mot Lesteskjeret. Eg heldt på å renne vekk med alt for mykje klede til rettframpadling. Til trass for svettebygene var det veldig artig å padle utover. Det er sjeldan eg har padla i så stor dønning. Kombinasjonen gammal sjø og HEILT vindstille er fantastisk! Det braut godt mot land, så eg held meg på god avstand frå berga.

Trude på toppen av dønningen

Ved Lestaskjeret var det brott, rotesjø, stein og litt uoversiktleg. Det var og veldig ulik storleik på dønningane, så det som såg greit ut var i neste augneblink ei frådande fontene av sjøsprøyt. Gutane leika seg litt her, medan eg held på "low-risk-profilen".

Ved Lesteskjeret

Vi for tilbake på stranda for lunsj og surfing. Eg hadde lagt hjelm og hette i cocpiten, og rota i luka etter matpakka. Då kom det ein 2-3-åring stabbande. -båt? Spurta han. -Jaudå, kajakk heiter slike båtar, stadfesta eg. - "ette di?" Der kom guten med hetta. Jaudå, den er mi. "Hjelm di?" Der kom han med hjelmen. Eg takka og bukka og tenkte at dette var no ein ryddig liten kar. Etter å ha gjeve meg sakene mine snudde gutungen seg med eit sigersbrøl og jumpa oppi cocpiten. -"Mi båt" og det breiaste gliset eg har sett på lenge.

Kajakkentusiasten - ca 2,5 år

Dramatikk vart det og, då det vart skote opp ein naudrakett frå ein liten fritidsbåt som låg og duppa nokre hundre meter frå land. Etter å ha dratt ein tauelinevits eller to vart vi i stuss. Det er vel hundrevis av folk som har sett det? Det ligg no andre båtar der? Med mobilen i handa klar til å ringe 112 kom det heldigvis ein båt fossande med stø kurs mot "havaristen". Det gjekk altså veldig bra denne gongen.

Redningsaksjon

Surfeøkt! Bølgjene var litt mindre enn då vi kom, og det var fine forhold for surfing. Lite bilde, men desto betre surf på meg. Etter nokre "nesten" og "tendensar til" fanga eg ei stor bølgje. Ein skikkeleg lang og ganske rask surf rett fram avrunda med ein bortimot perfekt sidesurf, om eg skal seie det sjølv, før eg elegant hoppa av siste rest av bølgja. Juhuu!! Gutane hadde og fleire fine. Etter ei litt roleg stund kom det fleire fine på rad. Kenneth fanga den største og det var kanonkult lenge. Heilt til han ikkje kom seg av før den braut i fjæresteinane. Dei neste 5 store bølgene sentrifugerte Kenneth og kajakken mellom steinane, og heldigvis var det berre kajakken som sprakk.

Dyr dag på Alnes

Då gav vi oss. Flott padledag med ein liten bismak av påkommande behov for plastsveising.

Alle var einige om at det hadde vore ein fin tur....

6 kommentarer:

  1. Liten luring han der småen :-D sjørøveri på høgste land!
    Såg litt stygg ut skaden på båten til Kenneth, men det går nok bra å få den tett igjen, kor sterkt det vil bli er ei anna sak. Men dei skal leve dei som sel kajakkar også ;-)
    Å padle i store havdønningar er ein flott opplevelse ja, ein kjenner seg liten mot mektige naturkrefter. Flotte bilder!

    SvarSlett
  2. flotte bilder

    eg var så heldig å besøke Alnes i går - med kamera, bålkos og litt selskap i 2 -4 beinte og ein enslig kajak der ute såg vi også ;)

    smil - monika

    SvarSlett
  3. Se der ja, uten ski, straks bedre. :) Kul unge. Og full action - ikke vits å savne hval på turer som det der. ;)

    SvarSlett
  4. Hjelp vel ikke helt med gaffateip på den der...av og til må en betale for moroa men storsett verdt det:))

    Ser ut som en herlig da på vakre Alnes:)))

    SvarSlett
  5. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
    Svar
    1. Åja.. eg sletta pga skrivefeil.. Men det såg moro ut i alle fall! Og fine bilete!

      Slett