søndag 29. april 2012

Erkna fyr

Søndag 29. april kom sommaren. Og vi var klar. Erkna var målet, kajakkar middelet. I gode venners lag vert det ikkje betre søndagar enn dette.

Ut frå Synnes på Vigra - Jason og Sygni

Kva gjev meir sjelefred enn ein open stor horisont, varm sol og ein passeleg gjeng med padlarar i front?

På halvvegen måtte vi fotografere litt. Kjell er ein mester på årefotografering. Alle er med på bildet og sjekk den horisonten! Beinare vert det ikkje. At fotografen er litt meir konsentrert enn resten av oss er jo forståeleg.

Bakomglimt av årefotografering: Så enkelt, men akk og så vanskeleg.

Erkna fyr. Har eg nemnt sol og lange rolege dønningar?

"Askvollbenken". Det er sommar når skift og ekstra påkledning er heilt overflødig under lunsjen.

Det er reglar for fyrbesøk. Er ein på ei øy med eit fyr skal ein (helst etter lunsj) gå opp på fyret og fotografere litt. På Erkna var fyrmeisteren (eller forpaktaren som han kalla seg sjølv) heime og vi fekk omvisning på heile fyret i alle hus og skikkeleg gode historier på kjøpet. Det var veldig kjekt og sette ein spiss på turen.

Utsikta frå fyret mot ca vest.

Erkna har mange sider, til å være ein bitteliten holme langt uti havet. Her er det ca 100 villsauar, og dei var midt i lamminga no. Dirfor lista vi oss litt forsiktig. Frå 1. mai er det ferdselsforbod på grunn av at øya er freda som sjøfuglreservat. Her hekkar ca 400 par toppskarv, og ein haug med andre artar som havhest, ørn, ravn, kråke og andre kjente sjøfuglar.

Forpaktaren pussar opp fyrbygningane, så det går an å leige seg ei seng her. Det er mykje godt stoff for både ornitologar, biologar og kystkulturentusiastar på Erkna. Det er og ein hemmeleg skjulestad på øya som vart brukt under krigen i samband med Shetlandsfarten. Men den er altså hemmeleg.

Den nyaste attraksjonen var Dagmar sine herjingar. Store delar av gangvegen som var støypt i mellom berga var reven opp. Store blokker på fleire tonn var kasta langt opp på land. Kjempekrefter i sving!

Lat meg og få presentere: "Lene si" - splitt, flett ny grønnlandsåre frå Thygesen. Premierèturen kunne ikkje vore betre. Teknikken kan nok finpussast, men eg likar grønnlandsårekjensla.

Nina og eg bytta kajakkar på veg inn. Det vil seie, vi kom ikkje på det før vi var på sjøen. Så vi testa flåte- og-to-stykk-som-byttar-kajakk-øvelsen. Det gjekk kjempefint og er heilt klart ei nyttig øving. Nina har ein lettpadla og fin Neptunia. Men det lurt å tilpasse fotstøttene (Eg gadd ikkje og leggmusklaturen er framleis ubrukeleg 5 dagar etter...)

Erkna fyr

Vi padla frå Synnes på Vigra, rundt Erkna og tilbake. Turen vart totalt ca 13 km. Stas å få vist fram go' sida av Sunnmøre til Askvollingane.

Takk for turen!

Eg har ein mistanke om at det vert fleire fyr i år... Herøy Kajakk Klubb utfordrar til bruk av kysten, besøk på fyr og lokkar med fyrmestergraden. Så det vil vise seg om det vert ein fyrmeistergrad i løpet av året. Nummer ein er i alle fall i boks.

5 kommentarer:

  1. Kjempeflotte bilder Lene:) ser dere hadde en knall dag dere også ja:))

    Det fotoåretrikset må jeg straks ut å prøve. Det så passe kult ut....må vel ha med noe bardunering:)))

    Padles:)

    SvarSlett
  2. Godsida av Sunnmøre fekk vi, ingen tvil om det! Knallflott tur med kjekke folk, og kjekt med omvising på fyret. Flotte bilder ja, og årebildet vart bra etter nokre forsøk, men bardunering er fusk Jill ;-)

    SvarSlett
  3. Så det er helt lovlig å ta seg en båt-tur for eksempel, ut på denne øyen og være der en stund, så lenge det ikke er i hekketiden fra 1. Mai - 1. August?

    p.s Så ut som en kjempekjekk tur :)

    ~Sebastian fra Alnes

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, utanom hekketida kan ein fint ta seg ein tur. Ver obs på at det er villsau på øya, så ikkje forstyrr dei unødig. Flott tur!

      Slett