Vi var litt usikre på vegvalet frå Tunga. Vinterruta går sør for elva, men vi fekk ulik informasjon om elvane var opne eller ikkje. Vi gjekk på nordsida. Det var laust og spora låg djupt i snøen. Vi frykta at vi måtte lage løype sjølv på slutten. Heldigvis hadde ein person med hund gått heile vegen opp før oss.
Eg gjekk meg totalt tom dei siste to kilometrane og var veldig glad for å komme fram. Skjærtorsdag vart ikkje fotografert, og skal i gløymeboka snarast.. På hytta hadde andre trivelege påsketuristar allereie fyra opp og bore inn rikeleg med vatn. Det var jammen gull verdt!
Langfredag vakna vi opp til dette:
Karitind (1982 moh)
Topptur eller ikkje? Det var mykje nysnø og skavlar i fjellet. Begge hadde lyst å sjå Veltdalshytta. Det vart kvistaløypa. Spora frå dei som gjekk i går var vekke, så vi måtte gjere jobben sjølv.
Topp stemning og høg påskefaktor etter første motbakken
Trude tok ein "Cecilie Skog" og dura på. Eg greidde berre såvidt å halde eit slags følgje sjølv om ho trakka spor. Etterkvart svelga eg stoltheita og godtok arbeidsfordelinga. Det var sol. Det var kvistar. Det var 25 cm pudder. Uendelege landskap utan eit spor, utan ein lyd. Terrenget vart meir kupert og fjell og dalar dukka opp.
Vi vert små i store landskap. Trude trakkar løype mot Nausthornet (1896 moh). Ja, ho trakka faktisk løype HEILE VEGEN!
Det er slike "moments" som gjer det verdt slitet med å komme seg hit..
Panoramaet sørvest for Heimste Veltdalsvatnet. Tordsnose (1975 moh) til venstre og Nausthornet til høgre. Heilt bak i midten Svartegga (1937 moh)
Kart over området
Mor gikk fra Reindalen over Rødalseggja til Rødalen i sin ungdom. men det var på sommerføre, med gummistøvler, før noen hadde hørt om fjellsko.
SvarSlettHei og takk for sist ;)
SvarSlettVar noen smekkre bilder her fra påsken. Får håpe du ikke lider fortsatt av gnagsår etter turen. jeg får sette meg ned å gå igjennom noen av turene dine her.. virker meget bra ;)
mvh
Trym E.
Hei Trym! Tynnare sokkar og tjukkare strategisk polstring berga jentetoppturhelga. ;O)Trur dessutan det hjalp å bruke skia i faktiske oppoverbakkar..! Ser at du er flink til å velje litt "andre" turmål, så plukkar nok opp nye turtips hos deg og.
SvarSlett