mandag 9. april 2012

Veltdalshytta - Fieldfarehytta - Pyttbua

Langfredag ettermiddag kom vi fram til Veltdalshytta.

Ei utruleg kul og stor hytte, som ligg vakkert til. Dette er verkeleg hjartet av Tafjordfjella. Inga mobildekning og langt til alt.

Veltdalen har mykje historie. Tafjord kraft har regulert vatna og ca 1 km frå hytta ligg ein skjulestad frå krigen; Fieldfarehytta. Den ville vi sjå! To kjekke skottar fortalte at vi kunne følgje spora deira og at dei hadde gravt ut hytta tidlegare på dagen.

Då vart det kveldtur. Vi hadde aldri funne denne om det ikkje gjekk spor hit.  Her låg det tre mann frå 1944-45. Dei tilhøyrte Kompani Linge, og hadde vore med på tungtvannssabotasjen på Rjukan. Året i Tafjordfjella resulterte "berre" i ei sprengt jernbanebru, men må ha vore ei heftig påkjenning for karane.

Spartansk innreiing. Denne delen fungerte som soverom/stove/telegrafkontor.

Kjøkkenet i andre enden. Stor kontrast til den moderne turisthytta...

Utsikt frå døra

Namnet på hytta kjem frå operasjon "Fieldfare" (Gråtrost), og ikkje gammalnorsk for "fare til fjells", som eg trudde i starten. Eg skal lese meg opp på boka "Tungtvannssabotørene" og Joachim Rønneberg som var sjefen for gutane. Det var skikkeleg artig å sjå denne hytta, så nytt høvet om du er på desse kantar!

Det vart sprengkaldt om natta, minus 17. Ny dag med sol og blå himmel. No kunne vi gå tilbake i harde spor og gnistrande puddersnø. Bakkane gjekk lett. Sekken var lettare, for vi har no matvett. Det var herleg å ha energi til å berre gå jamnt på.

For andre gong kunne vi nyte utsikta mot Karitind. Eg vert meir og meir fornøgd med denne påsketuren! 

Dei nye skotske vennane våre i godt driv.

Pudder! Nokre svingar vart det no på oss.

Trude tilbake til Pyttbua.

Same folka var framleis på Pyttbua, så det var nesten som å komme heim. Etter ei god økt i solveggen var det vasshenting og fotografering. Det var ein slik fin ettermiddag at vi nesten ikkje ville gå inn.
Putteggenden

Thea (8) var den sprekaste påsketuristen av alle. Ho viste veg til elva, grov snøhole og gjekk på Puttegga. Ho var og ein racer til å snørekøyre med hunden sin.
Det er rett og slett berre å velje og vrake i Tafjordfjella.

Søndagen var det sjarmøretappa att. 2 mil med stort sett staking flatt og litt nedover tilbake til bilen! Så fekk vi brukt dei musklane og..

Det er eit paradoks at det er så lite folk i fjellet i påsken. Vi var ein 10-12 personar påskehelga som nytta desse hyttene og løypene og 1/3 av desse var utlendingar. Det er eit utruleg flott tilbod å ha lekre hytter (med flyboren ved) og trygge merka løyper tilgjengeleg i fjellet, nesten gratis. All honnør til dei som brukar fritida si på DNT-arbeid!
Totalt har vi gått ca 60 km BORTOVER på Randonne-ski. Kanonpåske! Takk for turen Trude!

Link til Påsketur - del 1

5 kommentarer:

  1. takk for titten -eg har aldri vert i Tafjordfjella - enda dei er rett ved...
    så da er det vel på tide ;)

    monikasmil

    SvarSlett
  2. Fasinerande historie og fine bilete! Lite padling på deg i påska? Ikkje så farleg når ein har slik natur i nærleiken. :-)

    SvarSlett
  3. Takk for koselig samvær ilag på Puttbua. Kjekt å lese bloggen din(spesielt kjekt for Thea at du fikk med at ho var sprek 8 åring på fjelltur)
    Du vil nok få besøk av meg på bloggen din for å lese om din turglede i framtida.
    Husmor på ferie

    SvarSlett
  4. Odin: Lite padling ja, men satsar på at det er litt same musklane som har vore i bruk, så det kan kategoriserast som grunntrening...
    Merete: Kjekt å vere i lag i med dåkke i påsken - eg koste meg skikkeleg på fjellet! Hyggeleg om du kikkar i bloggen, og Ålesund er vel ikkje større enn at vi traffast igjen!

    SvarSlett
  5. Takk for fin rapport. :) Tung å gå flatt med randonne og helfeller ja... :) Trur ej ville ha satset på fjellski, men sporty :)

    SvarSlett