onsdag 4. april 2012

Loganbrød

Dagsturar er topp! Då treng ein ikkje tenke på eller planlegge noko spesielt, og kjøleskåp og dundyne ventar heime etterpå. No framover ser det ut som det kan verte ein overnattingstur eller to. Då er det eine store spørsmålet: Korleis få i seg nok mat?

Eg er ikkje glad i havregraut, og veit av erfaring at eg ikkje får i meg nok av det. Summen av vurderingar rundt vekt, volum, haldbarheit og energiinnhald hjelp lite om eg ikkje faktisk får det i meg.

Motivert av denne oppskrifta Kaasin.no på Loganbrød så vart det baking.

Når eg likar alle ingrediensane så lovar det godt for sluttproduktet.

Halv porsjon av denne gjekk fint i Elektrolux-miksaren. Noko seier meg at det er knallhardt arbeid å elte saman dette for hand.

Halv porsjon vart akkurat ei langpanne. I steikomnen såg det slikt ut (originalen var glattare og meir brødaktig..):

Loganbrød luktar godt og smakar energi på eit vis. Det er ikke så mykje smak at det gjer noko. Dette skal halde seg i vekesvis i romtemperatur.

No skal eg teste denne porsjonen. Innlegget her vert oppdatert med erfaringar av: Haldbarheit, spisevennlegheit over tid og opplevd energitilførsel. Eg trur ikkje at dette erstattar anna mat på tur, men det kan absolutt vere eit energirikt supplement til mellommat, smårasting og for å få i seg den ekstra energien ein treng på langtur.

Tankar om justeringar til eventuelt neste porsjon: meir kokesjokolade, meir tørka frukt (mango), litt salt, mandlar i staden for hasselnøtter, litt havregryn (store lettkokte), litt meir sirup.

3 kommentarer:

  1. Dette så jo riktig godt ut.

    SvarSlett
  2. Spennende! Tror jeg må teste ut! Jeg prøvde Cecilie Skog sine polarkjeks, men dei var rett og slett for gode;)))

    http://jillremme.blogspot.com/2011/10/polkjeks-for-en-real-langtur.html her finner du polarkjeksene:)) God Påske Lene:))

    SvarSlett
  3. Eg trudde det var kake du åt på turen! Du store mi tid som vi fekk erfare at utan mat og drikke dug helten ikkje. Oppskrifta vart visst helst mat kvar time!!!

    SvarSlett