I Kvistaddalen køyrde vi så langt som vegen var open. Vi labba innover mot stølen og det kjendes nesten som julaftan. For kvar sving så letta skodda og nye toppar dukka opp på alle kantar. Den eine meir dramatisk enn den andre. Nesten meir spennande enn å pakke opp pakker...
Ferdig med oppvarminga. No såg vi opp på "vårt" fjell. Ann Kristin og eg er klar for motbakkane.
Utsikta og turfølget gav ny motivasjon, sjølv om bakkane effektivt avslørte manglande kondis, og etterkvart manglande styrke og så sviktande uthaldenheit... Fjellet var overraskande fint å gå opp på. Bortsett frå dei siste metrane på toppen var det verken luftig eller katastofalt bratt.
Alle "vondtar" er gløymd når ein kjem opp til dette! Utsikt ned på taggane og Sunnmørsalpane aust(eg trur vi ser Storhornet som det svartaste massivet litt til høgre, Hornindalsrokken litt til venstre for midten og Kvitegga heilt til venstre).
Blid gjeng på toppen!
JIIIHAAA!! Been there - done that! Sola fekk tak og vi fekk den beste nedturen vi kunne ønske oss.
Kenneth gøymde skredsøkaren sin i siste snøflekken før bilen, så eg fekk prøve min. Jammen fann eg den! Kanskje vi skulle ha testa det før turen, men uansett greit å ha prøvd.
Tusen takk for turen!
I følge sikre kilder er Skårasalen det fjellet i Møre og Romsdal med høgast primærfaktor, faktisk Norges 7. høgaste primærfaktor.
Fantastiske bilder!!!! Heldige dere!! :)))
SvarSlett