På veg oppover diskuterte vi stjernebilda. Nokon kunne vi. Det var noko som lyste så sterkt i vest. - Er det Venus kanskje? Vi vart gåande å kikke på denne ei stund. - Ser den ikkje litt rar ut? Litt stor? Beveger seg veldig fort? -Litt flammeaktig? - Nei, dette kan ikkje vere ei vanleg stjerne. - Er det ein meteoritt?
Eg googla sjølvsagt når eg kom heim, og jauda, her hadde vi sett eit himmelfenomen; Asteroiden 433 EROS.
Sjølv om eg har vore her før, så var det langt innover. Føtene (og særleg hofteleddsbøyaren) ville ikkje heilt vere med. Eg hadde difor nok å bekymre meg om på veg opp.
På toppen av Vardane!
Kaldt. Rundskue med lysa frå Ålebyen og Spjelkavika, Hareid m.m Ønskjar meg framleis nytt fotoapparat til kveldsturar...
Så skulle vi ned. Alt var så vaklevorent og ekkelt og eg hadde ikkje kontroll på ein flekk. Hadde sjølvsagt gløymt å sette skoa i "utfor-stillet" - så det hjalp no betrakteleg å spenne dei fast....
Føret var supert for ein nybegynnar som meg. Hardpakka snø med nokre centimeter laust oppå. Det var litt uvant å berre ha lyset frå hovudlykta å sjå etter. Absolutt meir kjekt enn skummelt.
Dette var ein superfin gjeng å fare på tur med. Alternativa denne tirsdagskvelden var foredrag med Cecilie Skog på Giske eller "frustrerte fruer" på TVèn og begge delar vart lett utkonkurrert!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar