Det går over all forventning. Skia er ikkje så tunge som frykta og kroppen er ganske samarbeidsvillig. Skifeller er ei genial oppfinning. Lunsj i bakkane under Høgenykjen. Vi er litt årstidsforvirra. Reine påskestemninga jo!
Oppover og oppover. Godt feste. Flott landskap. Snart er vi på høgde med toppen av skitrekket. Motivasjonen er bra. Trude forklarar. Om skibindingar, snøskavlar og val av linjer i terrenget. Eg sug til meg lærdom.
Landskapet vert vakrare. Nesten oppe er Brunstadhornet eit flott motiv bak Høgenykjen. Eg er kjempefornøgd.
Endeleg bikkar vi kanten og kjem opp på toppen. Eg får sjokk. Det er så fantastisk at eg får lyst til å hoppe og rope og heie og ...!! Taggerekka står i mot oss på andre sida av dalen. No ser vi rett BORT på taggane. Det er nesten så eg trur eg kan ta på dei.
Dette er den aller flottaste utsikta eg NOKON GONG har sett!
Det er heilt vindstille på toppen, så det er kjekt å vere her oppe ei stund. Vi tek bilde, et lunsj nummer 2, og drøymer om kor mange av desse toppane vi skal bestige i løpet av året. Høgdeskrekken skal få tøye seg ja!
Eg vart "høg" på utsikta. Som ein rus. Kroppen gløymte alt om puls og mjølkesyre. Ekstase. Langfjella altså. Sykkylven ALTSÅ!
Utforkøyringa er jo eit kapittel for seg, men..
1. Eg kom meg ned med skia på heile vegen. Det er jo ei klar forbetring.
2. Eg var ikkje vettskremt. Også klar framgang.
3. Stil og tempo. Forbetringspotensiale.
TAKK til tålmodige fantastiske Trude som tek meg med inn i eventyrverda i Sykkylven!
På fjellinordvest.net finn du kart og fleire bilder frå Langfjella.
Fantastiske bilder Lene!!! Headeren var knallfin!! =)E å viiiil!!! hihi
SvarSlettHeilt fantastisk Lene:)) Jeg er bitt av basillen helt selv. Og meldt meg på jentetopptur helg i april på standalhytta, en kjempe kjekke gjeng som i fjor tenker jeg:)
SvarSlettHeilt fantastiske bilder:)))
Så utrolig flotte bilder! Og fantastisk natur, nesten som her i Troms! Og dine gledeshyl høres helt opp hit!
SvarSlettFantastiske bilder fra noe som virker å være en flott tur!! Ser råbra ut Lene!
SvarSlett