Eg gler meg allereie til kva 2011 måtte bringe, sjølv om nyttårsforsett ikkje er heilt mi greie. Årsskiftet er uansett eit godt høve til å tenke seg litt om.
Eg kjenner meg heldig med god helse, familie og vennar i livet. Med moglegheiter til å gjere nett som eg vil. Dei blanke arka som vert delt ut på nyåret skal eg gjere mitt beste for å fargeleggje...
Håp. Ønskje. Planar. 2011.
- Ein runde i fjelltrimmen i Askvoll
- Ein skitur eller 5?
- Erobre ein ny topp i Fræna i lag med Randi
- Turbodametur til Fanaråken
- Distansemerke i padling?
- Turhelg og eventyr med Hege
- Nye Jaktkameratsprell?
- Tindebestigning i Sunnmørsalpane
- Feriere med deltaking i Artic Sea Kayak Race i Vesterålen?
- Bruke Aksla som det daglege lufteturmålet med Zarek
Kanskje det vert rett travelt? Tida vil vise..
Godt nytt år til deg og. Eg reknar med at du får dagane til å gå ja:)
SvarSlett