Godt nøgd med å vere på sjøen att!!
Vi var litt seint ute, skulle ikkje noko spesielt spennande. Berre litt inn fjorden til Helle. Kjedelege greier. Berre at når vi først har komme oss ut, så vert det som regel bra likevel.
Padlar i solnedgang. Klassikar?
Stilt og fint på sjøen. Alden og klettane på Værlandet dukkar opp bak Atløy. Vi kunne ikkje hatt det betre når vi plaskar avstad rett utanfor stoveglasa våre!
Vart kontrollert våt i håret. Vart mørkt ca 5 minutt etter at vi landa kajakkane.
Søndag 19. september drog vi ut att om ettermiddagen. Drittvær og innehelg. Men er det god nok unnskyldning at det regnar når ein skal padle og har tørrdrakt? Tydelegvis ikkje...
Sidan det snart vart mørkt la vi ambisjonsnivået lågt. Granesundet nordover. Kjedeleg. Men her har vi ikkje vore på ei stund, så greit nok.
Rett før Sandvika vart det ei infernalsk piping. Vi hadde splitta ein gjeng med oterar, minst tre, som ikkje var heilt nøgd med det.
Det er vel ein grunn til dei store naturfotografane ikkje brukar kompaktkamera...
Men her er beviset: Oter - og nærme!
Vi padla ut til Eimindlykta og litt til.
Måtte sjekke hytta til Arve medan vi var i området. Ser bra ut!
Den staken vi hadde tenkt å runde viste seg å vere veldig langt ute. Vi kryssa sundet og for sørøver langs Atløy. Tok ein liten miljøsjekk på oppdrettsanlegget. Såg bra ut der og: Klårt vatn og sprek laks.
- HAI! gaular Nina. Dum som eg er dett eg nesten uti. Det var nok berre ei nise, ikkje den store sensasjonen, men kjekt å sjå.. Nina påstår det var artig å sjå reaksjonen min og. Hmf.
Like etterpå vert vi stupbomba av nokre store fuglar, og når vi ser etter er heile berget fullt av skarv! Fleire og nærare enn eg har sett nokon gong.
Etternølarane sitt her
Vakkert i Granesundet
Ikkje vart det regn, Granesundet var fullt av dyreliv, og eg tek tilbake litt av det stygge eg sa i starten på turen. Det er berre greitt: Det gjeld å komme seg ut!
Tur 1 ca 12,5 km
Tur 2 ca 13 km
Flott tur, men nå venter jeg på rapport fra Talstadhesten.
SvarSlettHilsen mamma
Her var det mykje nytt sidan sist. Såg ut til å ha vore ein flott ferie i fjellheimen også!
SvarSlettFlotte bilete og fin tekst!