Viser innlegg med etiketten Bulandet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bulandet. Vis alle innlegg

torsdag 6. oktober 2011

Stormsamling 2011

Bonuspadletur fredag gjer at det er verdt å stå opp 5.00... Frå Bergen, Askvoll og Ålesund rotta vi oss saman på 11.45 ferja til Bulandet.
Gjengen på sjøen - sjekk glisa....

Etter den vanlege "Oops - var det ei fylling her?" kom vi oss ut i open sjø og fekk kjenne litt på bølgjene. Den intense motvinden vi hadde kampa mot i starten løya, og det vart ein nydeleg ettermiddag på sjøen. Kristin imponerte stort med ro og teknikk i bølgjene.  

Bua til Gunlaug var base for helga, grei plass å bu frå eit padlesynspunkt..

Kenneth demonstrerar re-entry og rulle

Smittsomt, og fleire måtte teste kameratredning og cowboyentring. Dagen vart avslutta med eit par middagar og samling i Floren.  

Ny dag. Etter å ha sjaua litt utstyr, og fått kursgjengane avgarde hadde vi eit hav av moglegheiter. Eg slit litt med å organisere meg sjølv på eigenpadling. Det er nesten kjekkare å vere med på kurs og å ha stramt program frå morgon til kveld. 

Det vart guida tur med Lasse, i første omgang. 

I andre omgang vart det ei redningsøkt med Jørn og Kjell i halvmetersbølgjer og ein del vind. Lenge sidan eg har øvd på dette no, og har ikkje prøvd i slike forhold før. Det var ei positiv overrasking. Ikkje så skummelt, slett ikkje så vanskeleg og cowboy'en sat som eit skot. Greit å vere HEILT sikker på at dei andre klarar å redde meg og, så det var ei bra økt!

Konsentrert cowboy

Stormsamling i Bulandet er sett saman av ufråvikelege tradisjonar: Bra padling, fulle ferjer, breiflabb, lysbilder med digging av oss sjølve laurdagskvelden og tur til Sandøy på søndag. Slik er det, og eg har ein mistanke (og eit håp) om at det kjem til å vere slik ei stund til...

For variasjonen sin del entrar vi Sandøy frå vest denne gongen.

Grunnkursgjengen på Sandøy

Gult-er-kult-kameratane på bølgjejakt.
 

Juhuuu! Litt action.

Små i stort landskap

Søndagsgjengen

Takk til Nina som organiserte oss 10 stk i lag på Bua, Kenneth som køyrte halve vegen og alle som var med å gjere samlinga til nok eit padlehøgdepunkt! 

Vi samlar jo framleis på kilometer, og eg trur det vart omtrent 29 km i løpet av helga...

For meir stormstoff sjekk:

søndag 10. oktober 2010

Stormsamling i Bulandet

8.-10. oktober var øyremerka Stormsamling. Litt nervøs hadde eg meldt meg på surfekurs. Torsdagen roa nervane seg, då det var meldt FLAU vind og 1 m/s i Bulandet.

På Sandøy søndag - ytst ute i øyariket

Eg hadde klubben sin Avocet i helga. Zarek fekk vere med - under sterk tvil. I totida fredag var vi innstallert på Bualoftet i nydeleg ver. Vi padla tur ut på nordsida, til Buesteinane og rundt heile Bulandet tilbake til Nikøy og Gjørøy. Eg har aldri vore så langt vest før, og det var ei fin oppleving. Mange padlarar som dukkar opp over alt er uvant - men veldig kjekt. 

Kart frå fiskeridirektoratet si løysing - blå linje - ca område for runde både fredag og laurdag

Laurdagen var det surfekurs. På grunn av det flotte veret vart det kanskje ikkje akkurat det. Men vi tok runden andre vegen, og padla yttersia på heile Bulandet på leit etter den fine bølgja. Roger var sjef og vi for ut til dei brota vi såg. Fekk prøve oss litt, og såg på eit par flotte brot som dessverre (eller heldigvis?) gjekk i alle retningar, var alt for store eller steinete til å prøve seg på.

Eskimoredning må vi øve meir på. Det tykte verken eg eller Nina var spesielt kjekt.  Bildeshowet på laurdagskvelden såg mykje kulare ut enn det det EG hadde sett i løpet av dagen.. Vi let oss begeistre og breiflabben til Liv Turid gjekk unna. Kjell hadde vore på teknikk-kurs, medan Arinbjørn og Roy Ove hadde testa BSI-gjengen sine redningar..

Søndagen var det meir vind (frisk bris 9-10 m/s) frå nord. Vi let vekkerklokka få fri så det vart lunsjtid før bualoftet var rydda og vi for ut. Til Gjørøylykta og store bølgjer. Ikkje aktuelt for meg å gjere noko lenger ut der. Innom Fedøy og ut i sundet vestafor med stakane i. Store men fine bølgjer, så der vart vi ei stund. Så tok vi kaffien på Sandøylykta før vi for indre lei innatt. Alle kom med 16.00 ferja - og var einige om at dette hadde vore ei super helg!

Arinbjørn, Nina og eg på Sandøy mot Buesteinane.

Eg hadde (nesten) heilt fotofri - så det er Kjell og Odin som har dei flotte bilda  frå helga.
Bilde og videoar frå Stormsamlinga finn du på Odin sin padleblogg og Askvoll padleklubb. Kjell har og eit flott blogginnlegg med bilder frå stormsamlinga.

Tur/aktivitet i helga: Fredag: ca 10 km (4 t), Laurdag: ca 12 km (6 t), Søndag: ca 6 km (3 t)