Alt fekk plass - men det tok ein time...
Nina med Alden
På hjørnet ved Brurastakken mot Tviberg. Storenipa til venstre.
Vi padla langs Tviberg sørover for å finne teltplass. Stilt og fint på sørsida, men berre bratte berg. Kartet freista med ei fin bukt på vestsida. Berre at for å komme dit så måtte vi rundt att... Havdønning og bølgjer på ca 1 meter vart bekjempa (med skrekkblanda fryd). Men det var det verdt, for verdas beste teltplass låg nemleg i Kalvågen!
Kveld i Kalvågen
Fullpakka kajakkar er greie å padle men noko herk å bere. Vi er verdsmestrar til å sette opp telt og lage stormkjøkkenmat. God stemning i leiren!
Morgonstemning i basecamp. Hurtigruta kan sjåast til venstre rett over teltet.
Søndagen vakna vi til sommar! Hurtigruta kom tøffande forbi og vi mekka egg og bacon til frukost. No skulle vi til topps! Storenipa på 190 m.o.h er det høgaste på Tviberg, og vi kleiv opp. Møtte ein sprek og spenstig 8-taggar som var litt forundra over å få besøk. Utsikta frå toppen var heilt fantastisk i alle retningar. Turen vart avslutta med bad i sjøen! I september! Ikkje kvart år for min del..
På toppen! Solund i bakgrunnen.
Padleparadiset vi skulle ut i om ettermiddagen - Hindøy, Avløyp, Heggøy og Staveneset lengst bak
Kalvågen - vår perfekte teltplass (dog utan vatn), og Alden. Telt og kajakkar vart nesten usynlege frå toppen men ligg godt plassert inst i bukta.
Kjell kom padlande ut til felles lunsj før vi sette kursen austover att. No for vi på nordsida med øyhopping for auge. Stas med nærkontakt med to ørner. Hindøy - Avløyp - Heggøy. Vi rakk akkurat å komme oss gjennom Vaulen på Heggøy før det fjøra for mykje. Knallsol og stilt på sjøen. Kjell for innatt til Staveneset og vi padla Granesundet heim.
Testing av årefotografering. Storenipa på Tviberg bak
(Foto: Kjellay)
Avløyp
Smak av HAV - mot Kinn
(Foto: Kjellay)
Trangt og grunt og kjekt gjennom Vaulen
Oppdrag Circumnavigation* Atløy - Tviberg gjennomført med stil! Det store spørsmålet er kvifor i alle dagar vi ikkje har dreve med telting før? Eit par slike turar til og vi er klar for Arctic Sea Kayak Race 2011 til sommaren. I alle fall Short Ramble.
*Circumnavigation – literally, "navigation of a circumference" – refers to travelling all the way around an island, a continent, or the entire planet Earth.
Eller rundt Atløy......
Flott rapport som vanleg ! Takk for turen !
SvarSlettEn fantastisk tur. For en landkrabbe på Skarset ser og høres det skummelt ut. Godt at mor fikke vet om slike turer før etterpå.
SvarSlettHilsen mamma
Flott tur damer:) og kar!
SvarSlettKjempeflott turskildring, Lene! Det vart nokre kilometer det der! Flotte bilete!
SvarSlettSidan du har fått prøvd deg i bølgjer, er vel surfekurset på Bulandet "peanuts" no? ;-)
Ingen tur utan hundepass - takk Arild! og når det gjeld surfekurs er eg vel meir motivert enn nokon gong, ser at det trengs viss ein skal "berre" skal drive med turpadling og..
SvarSlett