Viser innlegg med etiketten Atløy. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Atløy. Vis alle innlegg

onsdag 16. mai 2012

Hovden (367 moh)

Kvar er det ein topp som ingen av oss har vore på før? Hovden på Atløy vart dagens turmål. Endeleg ei kjensle av vår der vi gjekk opp gjennom lia. Ko-ko, ko-ko, for første gong i år.

 Kusymre

Imponerande varde til å vere eit sopass lite fjell.

Utsikt mot Alden, Tviberg og Herland

Hindøy. Her er det fint å padle...

Mot Smelvær og øyane i Flora; Kinn, Reksta, Skorpa og Batalden. Det kriblar litt i magen når vi veit at ferda antageleg går nordover her i morgon. Her er det nemleg også veldig fint å padle...

Jiiiihaaaa! Ein liten spensdemonstrasjon når Alden ligg så lageleg til.

Vi måtte også ned å sjå på Gapahuken til Atløy 4H ved Herlandsvatnet.

Gapahuken var skikkeleg fin den!

Idyll ved Herlandsvatnet. Neste gong har vi med grillmat og fyrstikker.

Hovden er eit fint turmål! Utfordrar alle venner og kjente i Sunnfjord til å ta seg (minst) ein tur til Atløy i løpet av sommaren!

søndag 24. april 2011

Påskepadling Atløy rundt

Skjærtorsdag var øyremerka padling. Av ulike grunnar starta vi litt seint. Det var litt grått både i naturen og i hovudet. Når vi la ut var det meir på trass enn av noko anna.
Grått i Askvoll. Atløynipa bak. Her skal vi rundt!

Grått utanfor Sauesundet

Bulandsferja ut av skodda på veg innover

Akkurat som i eventyret var det brått simsalabim, og skodda sprakk opp.

Ved Laukelandsøyna såg vi eit hovud som stakk opp. Sel. Eit sekund seinare dukkar det opp på nytt. Er det den same trur du, spør eg Nina. Plopp, plopp plopp. Minst 10 nyfikne hovud ser på oss. Dei legg seg i kjølstripa etter kajakkane, og vert tøffare og tøffare. Dei følgjer oss heilt til Skardvikholmen. Dei mest bråkjekke skremmer vettet av oss med å kaste seg opp og lande med eit enormt plask rett bak kajakkane.  

Havblikk ved Brurastakken

Eg vart nesten religiøs utover. Trolsk og vakker natur steig fram frå skodda. Ikkje eit vindpust.

Soria-Moria-Alden

I Tvibergsundet

Tviberg feriesenter var ikkje ope så vi måtte ty til medbrakt kveldsmat på trappa

Plass til både store og små på Herland

Hamna på Herland

Solnedgang på Høyvika

Dette vart ein spesielt fantastisk tur. Kontrastane på Vestlandet overraskar stadig. Difor er alle prinsipp om at 5-6 bilde er meir enn nok gløymt for i kveld. Bilda er ikkje rettferdige ovanfor opplevinga heller, men det er ei anna sak. Ingen seriøse havpadlarar burde gje seg før dei hadde ein runde rundt Atløy.

Dette er den lengste dagsetappa eg har padla. Atløy rundt er no per def. ein ettermiddagstur...Sjølv om det skal nemnast at det var stummande mørkt då vi kom heim att.
Oppsummering i harde fakta: 33 km. 7,5 time, inkludert tre ilandstigningar.






fredag 24. september 2010

Circumnavigation Atløy - Tviberg

Etter naglebiting, daglege trippelsjekkar av yr.no, og panisk leit etter teltpluggar heile veka stod vi på Øyra i knallvær! To kajakkar - ein haug med bagasje og om mogleg endå større ambisjonar.
Alt fekk plass - men det tok ein time...

Nina med Alden

Småruskete Granesund, stilt og fint sørom Atløy. Forbi Vilnes tok nordavinden for fullt, og eg hadde mittt svare strev med å halde kursen. Vi kom oss over bukta oppunder Brurastakken og fekk att pusten. Men når vi runda hjørnet der vart vi litt bleike. Store bølgjer og kraftig vind direkte frå nordpolen. Tvibergsundet gjekk kvitt. Tilbake i Skarvikja for rådslagning. Tør vi? Er vi gode nok? Kva viss ein av oss får ein velt? Har vi kontroll?

På hjørnet ved Brurastakken mot Tviberg. Storenipa til venstre.

Ringte Kjell som sjekka yr.no ein gong til (meldinga sa 8-9 m/s). Vi åt, pausa, kvilte oss og venta på at vinden skulle løye. Nye personlege rekordar i tolmodigheit og fornuft vart sett denne ettermiddagen. Eit forsøk til og plan B i reserve. Når vi kom rundt for andre gong var det framleis bølgjer, men litt mindre vind. Vi kryssa! Tungt, men greit.

Vi padla langs Tviberg sørover for å finne teltplass. Stilt og fint  på sørsida, men berre bratte berg. Kartet freista med ei fin bukt på vestsida. Berre at for å komme dit så måtte vi rundt att... Havdønning og bølgjer på ca 1 meter vart bekjempa (med skrekkblanda fryd). Men det var det verdt, for verdas beste teltplass låg nemleg i Kalvågen!

Kveld i Kalvågen
Fullpakka kajakkar er greie å padle men noko herk å bere. Vi er verdsmestrar til å sette opp telt og lage stormkjøkkenmat. God stemning i leiren!

Morgonstemning i basecamp. Hurtigruta kan sjåast til venstre rett over teltet.

Søndagen vakna vi til sommar! Hurtigruta kom tøffande forbi og vi mekka egg og bacon til frukost. No skulle vi til topps! Storenipa på 190 m.o.h er det høgaste på Tviberg, og vi kleiv opp. Møtte ein sprek og spenstig 8-taggar som var litt forundra over å få besøk. Utsikta frå toppen var heilt fantastisk i alle retningar. Turen vart avslutta med bad i sjøen! I september! Ikkje kvart år for min del..

På toppen! Solund i bakgrunnen.

Padleparadiset vi skulle ut i om ettermiddagen - Hindøy, Avløyp, Heggøy og Staveneset lengst bak

Kalvågen - vår perfekte teltplass (dog utan vatn), og Alden. Telt og kajakkar vart nesten usynlege frå toppen men ligg godt plassert inst i bukta.

Kjell kom padlande ut til felles lunsj før vi sette kursen austover att. No for vi på nordsida med øyhopping for auge. Stas med nærkontakt med to ørner.  Hindøy - Avløyp - Heggøy. Vi rakk akkurat å komme oss gjennom Vaulen på Heggøy før det fjøra for mykje. Knallsol og stilt på sjøen. Kjell for innatt til Staveneset og vi padla Granesundet heim.

 Testing av årefotografering. Storenipa på Tviberg bak
(Foto: Kjellay)

Avløyp

Smak av HAV - mot Kinn
(Foto: Kjellay)

Trangt og grunt og kjekt gjennom Vaulen

Oppdrag Circumnavigation* Atløy - Tviberg gjennomført med stil! Det store spørsmålet er kvifor i alle dagar vi ikkje har dreve med telting før? Eit par slike turar til og vi er klar for Arctic Sea Kayak Race 2011 til sommaren. I alle fall Short Ramble.


GPSen viste total 40,69 km padling. Sjølv om vi hadde brukt to heile dagar så var ikkje effektiv padletid meir enn 7 timar og 45 minutt. Vi skal jo ete nokre måltid per dag og.. Snittfarta på denne tida var 5,2 km/t. Pakking, telting og tur på land tek tid, og må leggast inn i berekninga av krefter og dagsopplegg. Sjå elles Kjell sin versjon av turen her.
*Circumnavigation – literally, "navigation of a circumference" – refers to travelling all the way around an island, a continent, or the entire planet Earth.
Eller rundt Atløy......

torsdag 1. juli 2010

Atløy med noko attåt

- eller med "trynet fullt i mat..."

Onsdag 30.juni var ein regnfull og trist dag på jobb. Torill hadde lokka meg til Atløy om kvelden. Med lovnad om guida geraniumtur i hagen og testtur på den framtidig merka Kystarvstien Herland- Tevik for eg utover med fulle regnklede og toddy.
Bergfrue x 2

Flott og variert kystnatur - mot Kinnaklova i nord
Kvelden vart berre finare og finare. Litt debatt om sti, vegval og merking vart det undervegs. Vi veit jo å gjere nytte for oss. Damene hadde og full kontroll på både botanikk og geologi i området, så det var mykje spennande å sjå på undervegs, frå orkidear til forkastningar.

Herland er ei flott fiskerihamn, og det er berre nydeleg å komme bort til Herlandsvatnet og elva. No skulle vi vidare mot Avløyp og Kjørvik. Dette er veglause gardar på nordsida med saftige fiskarbondehistorier å fortelje.

Men før vi kom så langt - kveldens perle! Sellvågsanden! Ut frå lyng og knausar dukkar det brått opp den finaste lille sandstranda du kan tenke deg.

Kom sommar og badetemperatur!

Og det var no dei lokale kunne fortelje at det ikkje var mogleg å gå tur på Atløy utan å få "trynet fullt i mat..." Ikkje berre vart det fortalt, det vart og servert! Rekesalat med karri og tzatsiki, moreller, jordbær, kake m.m er ikkje akkurat dagleg turmat på fastlandet, så her er det berre å halde ferjekortet varmt. Med konglomoratstein til ryggstø og fiskekassebord var Sellvågsanden gourmetrestaurant opna for kvelden.

Det smakte himmelsk! Årets første blåbær vart og spist på turen.
 

God mat og god stemning


No har eg padla sørsida og gått nordsida. Atløy er ei perle. Det vert bekrefta kvar gong eg er der. Det beste av alt er at damene (med hjelparar) i regi Atløy IL vil merke og rydde stien - slik at du og kven som helst lett finn fram. Frå Herland til Tevik er det ca 4 km, med variert kystnatur og flott utsikt. Turen passar for alle, er relativt lett, men opplevinga er stor!

Frå ein grå dag til ein super kveld - i godt selskap! Dette er ikkje den lengste turen eg har gått i år, men heilt klart ein av dei kjekkaste! Eg må berre takke for service, tilrettelegging og humør.

Og det kjem heilt sikkert geranium i min hage og etterkvart..

søndag 27. juni 2010

Brurastakken

Søndag utan planer og med FLAU bris på yr.no. I dag skulle det padlast! Nina var klar. Eg var klar. GPSen var med før første gang. Høgst usikker på om den var klar..

Turen gjekk frå Øyra i Askvoll til Sauesundet og sørsida av Atløy. Nyt! Berre superkjekt å padle i dag.


Mot Lammetun

GPSen funka den gitt! Ruta her.

23,4 km, 6 timar og 4 km i snitt. Mykje artig informasjon frå GPS-duppeditten. Høgdeprofilen var relativt slapp. Snittfarta er inkludert matpause og "få-småstein-ut-av senkekjølen-pause" undervegs.

Nina syt for å lufte meg om søndagane . Bra for meg!

Eg er godt nøgd! Det er jo ikkje SÅ langt ut til Alden (t.h) og Værlandet (t.v). Nye turar under planlegging!

Pause!

Brurastakken - best frå sjøen. Med i kåringa om geologisk nasjonalmonument.

Sjarmøretappa heimatt til Askvoll. Vi kjem når ekspressen går.

Ideen om å padle Atløy rundt er meir realistisk no. Det var utruleg kjekt å ha "medvind" heim for ein gongs skuld. I den grad det var vind då. Vi såg ein sel, diverse fuglar samt Jørn Magne og Oddvin med grunnkursgjengen. Brukbart biologisk mangfald på ein dag det.