Viser innlegg sortert etter relevans for søket Erkna fyr. Sorter etter dato Vis alle innlegg
Viser innlegg sortert etter relevans for søket Erkna fyr. Sorter etter dato Vis alle innlegg

søndag 29. april 2012

Erkna fyr

Søndag 29. april kom sommaren. Og vi var klar. Erkna var målet, kajakkar middelet. I gode venners lag vert det ikkje betre søndagar enn dette.

Ut frå Synnes på Vigra - Jason og Sygni

Kva gjev meir sjelefred enn ein open stor horisont, varm sol og ein passeleg gjeng med padlarar i front?

På halvvegen måtte vi fotografere litt. Kjell er ein mester på årefotografering. Alle er med på bildet og sjekk den horisonten! Beinare vert det ikkje. At fotografen er litt meir konsentrert enn resten av oss er jo forståeleg.

Bakomglimt av årefotografering: Så enkelt, men akk og så vanskeleg.

Erkna fyr. Har eg nemnt sol og lange rolege dønningar?

"Askvollbenken". Det er sommar når skift og ekstra påkledning er heilt overflødig under lunsjen.

Det er reglar for fyrbesøk. Er ein på ei øy med eit fyr skal ein (helst etter lunsj) gå opp på fyret og fotografere litt. På Erkna var fyrmeisteren (eller forpaktaren som han kalla seg sjølv) heime og vi fekk omvisning på heile fyret i alle hus og skikkeleg gode historier på kjøpet. Det var veldig kjekt og sette ein spiss på turen.

Utsikta frå fyret mot ca vest.

Erkna har mange sider, til å være ein bitteliten holme langt uti havet. Her er det ca 100 villsauar, og dei var midt i lamminga no. Dirfor lista vi oss litt forsiktig. Frå 1. mai er det ferdselsforbod på grunn av at øya er freda som sjøfuglreservat. Her hekkar ca 400 par toppskarv, og ein haug med andre artar som havhest, ørn, ravn, kråke og andre kjente sjøfuglar.

Forpaktaren pussar opp fyrbygningane, så det går an å leige seg ei seng her. Det er mykje godt stoff for både ornitologar, biologar og kystkulturentusiastar på Erkna. Det er og ein hemmeleg skjulestad på øya som vart brukt under krigen i samband med Shetlandsfarten. Men den er altså hemmeleg.

Den nyaste attraksjonen var Dagmar sine herjingar. Store delar av gangvegen som var støypt i mellom berga var reven opp. Store blokker på fleire tonn var kasta langt opp på land. Kjempekrefter i sving!

Lat meg og få presentere: "Lene si" - splitt, flett ny grønnlandsåre frå Thygesen. Premierèturen kunne ikkje vore betre. Teknikken kan nok finpussast, men eg likar grønnlandsårekjensla.

Nina og eg bytta kajakkar på veg inn. Det vil seie, vi kom ikkje på det før vi var på sjøen. Så vi testa flåte- og-to-stykk-som-byttar-kajakk-øvelsen. Det gjekk kjempefint og er heilt klart ei nyttig øving. Nina har ein lettpadla og fin Neptunia. Men det lurt å tilpasse fotstøttene (Eg gadd ikkje og leggmusklaturen er framleis ubrukeleg 5 dagar etter...)

Erkna fyr

Vi padla frå Synnes på Vigra, rundt Erkna og tilbake. Turen vart totalt ca 13 km. Stas å få vist fram go' sida av Sunnmøre til Askvollingane.

Takk for turen!

Eg har ein mistanke om at det vert fleire fyr i år... Herøy Kajakk Klubb utfordrar til bruk av kysten, besøk på fyr og lokkar med fyrmestergraden. Så det vil vise seg om det vert ein fyrmeistergrad i løpet av året. Nummer ein er i alle fall i boks.

søndag 10. juli 2011

Rundt Erkna fyr

Laurdag 9 juli. Sosial angst og tvil om padleformen vart elegant lagt i skuffa då Jason inviterte til tur til Erkna fyr. Og så fornøgde er vi etter ein padledag som inneheldt litt av omtrent ALT?


Motvind, regn, sol, bølgjer og havblikk, leik og rockhopping, fyrsafari i kombinasjon med svært godt selskap. Eg veit at det har vore ein bra dag, når eg kjem heim og er like sliten i smilemusklane som i padlemusklane.

Jason på surf

Kenneth på surf.

Stein Erik demonstrerar rockhopping med stil

Eg fekk prøve meg på litt surfing i dag eg og. Fanga ei bølgje veldig fint, og vart plukka opp etter alle kunstens reglar etterpå... Motivasjonen til teknikktrening og meir bølgjeleik er høg!

Den grå holmen som vi tok kompasskurs på om føremiddagen viste seg å vere ein sommarparadis. Erkna fyr



Heile gjengen klar for meir padling etter lunsj og fyrsafari


Rockhopping del 2. Også utført med stil og knusande ro.

Rulletest på slutten av ein lang dag

Fasinerande flotte Erkna

Oppsummering  av turen:
Veldig bra tur!
Mykje dyreliv; Havsule, skarv, ærfugl, teist og diverse måsar.
Ein stor nyfiken sel.

20 km padling med mykje leik undervegs.






mandag 2. april 2018

Påskepadling til Erkna fyr

2.april 18. Vi vakna til kvitt landskap og så tette snøbyger at vi ikkje såg handa framom oss. Vi utsette starten eit par timar og kryssa fingrane for at yr hadde rett. Det skulle skine opp. Det snødde framleis tett då vi køyrde utover mot Vigra, men før vi var klare til å legge ut kom jammen sola!  Planen om Erkna vart difor iverksett etter ei kort rådslagning. Her er det villsauar som lammar og fuglefredning med forbod mot å gå i land etter 1. mai. Turar hit vert då enten tidleg på året eller ut over hausten.

Påskepadling! Vi kunne gått på ski på Blimsanden då vi la ut. 

Eg veit jammen ikkje om eg har sett holmane utanfor her så snødekte som i dag. 

Erkna i sikte og havørn på sjømerket. Dette vert ein bra dag!

Innafor oss gjekk snøelingane tett og Vigra forsvann etterkvart heilt. 

Framom oss låg det dansande dønningar og eit mesterverk bada i sol. Erna med fyret. 

Både Erkna og medpadlarane forsvann i bølgedalane, og eg padla rett som det var med lause hovud i sikte. 

Slike bølger forsvinn på bilde, men det var herleg å kjenne på slik rørsle i sjøen att. 

Framme! Det var mykje drag i sjøen ved landinga mot aust, så vi sette kursen mot Hestevågen. 

Erkna fyr - eit av dei vakraste eg veit.


Veldig glatt på berga, og det vart litt drama med ein ankel. Truleg ikkje brot, og etterkvart var ankelen i alle fall haltbar. Det farlegaste vi gjer som padlarar er faktisk å gå i land...




Så nøgd er eg med å vere på fyrpåsketur!

Storholmen! Ser så nær ut, lett å bli lurt..

Vi sneik oss rundt hjørnet for å få maksimalt ut av påskesola

Påskefyrturistane! Vi vart sittande alt for lenge. 
Trong ikkje dunjakke, trong ikkje vottar! No er det vår, tiddelibom!

Eit hint av Italia - langt ute i havgapet.

Padlarar på snødekt mark på Erkna, sjeldnare enn pingvinar i Antarktis

Måtte rulle. Vrangsida var vrang. Ikkje så kaldt i sjøen, men utruleg salt!

Aprilrulle i boks, i alle fall på godsida

Sjøen hadde stilna då vi for inn att. Silkeføre. 

Adjø Erkna - for denne gong! 

Eventyrlege Erkna forsvinn bak oss. 

Silkeføre

Dei siste kreftene vert brukt til å bere og sjaue på land. 

Takk fur turen! :) 

13,5 km t/r

mandag 1. desember 2014

Erkna i novemberlys

29.11 - Eg trur ikkje eg orkar å padle i helga, var min første beskjed til Mildrid på telefonen..  - Hm. Neivel. Kva med Erkna då?, svarar ho. Omlag på dørstokken min, passeleg lang/kort tur. Alternativet var vel adventsvask (nyttig nok) eller julegåveshopping på Moa (og DET gjer ein ikkje frivillig på ein laurdag). - Eg er med!

Stø kurs mot Erkna

Novemberlys er fint

Litt skvalpesjø over. Dønning og vind frå kvar sin kant gjev merkelege effektar.

Ørnefotografering på yttersida. 

Her som det ofte kan vere litt ruskete var det stilt og roleg.

Landing gjekk fint ved moloen

Ei anna verd?

Villsauene var på sletta, og fyret såg ut som ein festning eller eit lite slott frå denne vinkelen. Om ein no skulle prøve seg som fyrvaktar på ei aude øy, så er nok ikkje Erkna den dummaste.

Storholmen der ute. Hårete mål for 2015?

Giske, Ålebyen og Sykkylvsfjell. Vakkert innover landet og.

Fyrmeisterbustaden. 
Litt mindre slott og festning herifrå. Meir fura, verbitt og standhaftig. 

Erkna fyr - og utsikt mot Runde. 

Mildrid har ein draum om å padle frå fyr til fyr her ute. Real-lunsj i le-veggen på fyret. Fantastisk havutsikt. Finfin novembertemperatur. Fleire plussgrader. Godt med dunjakke, men greit å sitte ein time. Ekstra koseleg med ein god rast på denne tida av året.

Som vanleg frå Erkna, flott solnedgang på veg innatt.

Stor dønning i ryggen gav oss godt driv. 

Synnes

På Blimsanden var det små men veldig fine surfebølgjer. Det vart ein liten halvtime med surf og leik før skyminga var i gong.

Flott tur - takk for drahjelpa og ein super dag på sjøen, Mildrid!

15 km totalt

Erkna er fuglefredningsområde med ilandstigningsforbod på sommaren.