onsdag 11. november 2015

Søndagspadling

8.11.15 Alnes. Første gongen eg var med på leit etter bølgja på nordsida.


Søndag
Padlepakkefrukost
Favorittplass
Favorittfolk

Vente på den PERFEKTE bølgja...
- i dag kom ho for brått på, men NESTE gong!

Ein bitteliten klump i halsen. Det kan verte ei stund til neste gong eg nyt synet av heimlege strender på Valderøya mot Sunnmørsfjell i horisonten. Fine folk som kjem til å leike seg om søndagane utan meg. Trøysta er at dei kjem til å finne nye plassar og lære seg nye triks som dei deler når eg kjem tilbake!

Molnesrevet

01.11.15 Søndagstur. Grått og vått og november. Toppturen vart skrinlagt og vi for ut på Vigra for litt frisk luft. Molnesfjellet er aldeles ikkje eit fjell, men utsikta er flott og ein kan kjenne på ver og vind lenge nok til at det er stas og kort nok til å sleppe varige mein.

Molnesfjellet - og utsikt over Molnesrevet

Molneset - frå slit i gamle dagar til ynda mål for tur og fritid i dag

Molnesrevet utover

"Lisje helvete" - trur eg det heiter her. Kul plass. Masse jettegryter bortover berga. 

Vi runda av dagen med novemberbad på Giske og rett heim til kaffi og strikking. Sjeldan kombinasjon, men ikkje mindre kjekt av den grunn!

Dokumentasjon novemberbad. 

Det var grueleg varmt i lufta sjølv om det var ruskete ver, så badinga gjekk over all forventning. Vasstemperatur målt til 9 grader. 

fredag 30. oktober 2015

Kongstindan - Svolvær

27.10 Det har vore mykje jobbaktivitetar i nord om dagane, og denne gongen hadde vi drege med turkleda i tillegg. Vi var spente på kor mykje snø og kor lenge det var lyst. Turtips i fleng og fleire moglege ruter. Vi valde stien mot Kongstindan denne gongen.

A short trip to Svolvær, but we still managed a hike towards the mountain Kongstindan. Magical light and sunset behind Vågakallen mountain. I'm really looking forward to stay in this area next year!

Utsikt bort på Fløya og Svolværgeita

"Dramalandskap" mot Kabelvåg

Litt snø, litt glatt og magisk lys. Det var greit å finne stien oppover og kjekt å gå på nye trakk. 

"Mirror lake"

Sommerfuggel i vinterland?

Mot Store Kongstinden (552 moh)

Solnedgang bak Vågakallen
 
Solnedgang og "rosatime" då vi labba gjennom Svolværbyen tilbake til hotellet

Erobringa - Lille Kongstinden ca 400 moh

Her er det berre å ta for seg av turstiar - eg gler meg til å utforske fleire! Takk for turen! #verdasbestekollegaer

mandag 19. oktober 2015

Forsøk nr 2 på Åvasstinden...


18.10 Skodda hang i fjella frå morgonen, men det var lova sol og ein kunne skimte blå glimt innimellom. Kjentfolk på ferga og god stemning. Fine oktobersøndagar er bonus.

My second attempt to reach Åvasstinden. The sun was not strong enough to melt the fog away, so we ended at the northern part of Romedalstraversen. It turned out to be a warm and colourful october Sunday. There were still sweet blueberries to find in the hills. Great views in between the fog. We'll come back for hiking at the traverse and Åvasstinden later.  

 
Start. Ruta går mellom Kuvane, over store Kuven og vidare bort til ryggen på Åvasstinden. 
Toppen låg i skodda, men eg var optimistisk på at sola ville ta tak utover dagen.

Stien opp til Ørstaskaret går på venstre side av "juvet". Om ein skal til Åvasstinden skal ein krysse over oppi bakkane. Det er greit å krysse fleire stader og lettare å gå oppover enn det ser ut på bildet. 

Haustfargar - og framleis mengder av gode blåbær!

Vi gjekk i trøyeermane oppover bakkane. Det var heilt vindstille og varmt og godt, Oppe på ryggen på omlag 900 moh tok vi lunsj. Skodda letta IKKJE og vi måtte bestemme oss for vidare ferd. 

Toppen heldt seg godt innpakka

Lunsjutsikta til nordre del av Romedalstraversen. Det freista meir å vandre langs ryggen der enn å gå vidare opp i skodda. 

Første "topp" på ryggen (markert formasjon i terrenget, men ikkje på kartet).  

Egga var akkurat brei nok til at det var kjekt å gå der. Det var stupbratte sva på austsida ned mot Romedalen

Målet for dagen - Plan B

Vi trudde dette var topp to på ryggen og "Høgehornet" (men det er høgde 968 altså..) 

Oppe på toppen såg vi over til Romedalstinden! For eit skue! Den hang i lause lufta i skodda, og det var heilt magisk

Romedalstinden

Traversen vidare sørover. 
Skodda kom og gjekk, og vi gjekk ikkje viare. Dei neste 500 emtrane og eit par tre knattar vidare var heilt innafor. På eit eller anna punkt vert traversen klyvete, men det går an å gå lenger enn vi gjekk i dag. 

Romedalen og Romedalstinden. lekkert. Vi måtte sitte her oppe og nyte oktobersol, haustfargar og alpine toppar i skodda,

Spennande geologi i Langedalen. Er dei runde knattane i dalbotnen rasvollar eller "pingoar"?

Sjå! - vi ropar i kor. 
Det einaste glimtet av Åvasstinden som vi får denne dagen. - Den ser no heilt uangripeleg ut, seier Synnøve. Eg rekk ikkje svare før ho held fram med at ...vi må no gjere eit nytt forsøk på den der ja. 

På heimveg. 
Vi ser stølen i dalen, ryggen på Klovetinden og Ålebyen bakerst 

I Ørstaskaret låg det snø.
Dette er ein gammal ferdselsveg mellom Vartdal og Ørsta, og ein artig overgang mellom dalane. 

"Bomullsdammen" i Ørstaskaret

Toppen for dagen. Ser bra ut nedenfrå og. 

Oppsummert: Super søndagstur. Vi kom oss på ein topp, fekk løyst svetten i motbakkane og hadde eit WOW-moment då Romedalstinden steig ut av skodda. Litt nedtur at det var ein namnlaus sak vi "erobra", men både Åvasstind og Romedalstraversen ligg der til seinare og. 


Ruta

mandag 5. oktober 2015

Middagshornet (1091 moh)

20.09 Besøk og ny topp! Det er mange Middagshorn på Sunnmøre, men dette har eg "rett i fleisen" frå Ålebyen, og ein gå frå Barstadvika eller Nordre- Vartdal. Vi starta på Vartdalssætra (Høgebakken) og det såg ut til å verte ein strålande haustdag.

Å, for ein strålande morgon!

Middagshornet kneisar bak der.

I siget!

Romedalstinden

Stien forsvann for oss etterkvart, men vi såg kvar vi skulle. Haustfargane var i emning og sola varma. Skodda leika med toppane

Finaste fargane!

Eg hadde gledd meg vilt til utsikta frå ryggen, men skodda innhenta oss. Det var heilt vindstille og trykkande. 

Ryggen mot toppen

Eg prøvde meg på at: -Det er no ikkje så nøye med toppen, vi kan berre snu når vi ikkje ser ein dritt. Gamle toppturtakter var vekt til live og jentene hadde fått los. Så det var ikkje mykje interesse for å snu, nei!

Hege mot toppen

Vått og vakkert i skodda

Glimt av alpint landskap

Ny tusenmeterstopp! JUHUU!!

Eit glimt av ryggen vi hadde gått opp - og i dag vart det same vegen ned. 

Det vart heilt grått før vi kom oss ned til bilen.  Eg var overraska over god god stien var heile vegen på ryggen, det var lett å gå. Sjølv utan panoramautsikt til Molladalen så var det ein skikkeleg fin tur! - Manglande utsikt betyr faktisk berre at gjestane må komme att på besøk! Nytt forsøk og betre utsikt neste gong. 

Takk for turen og ei kjempekjekk helg! 
#turistieigefylke