søndag 15. april 2012

Søndagstur i Stavika

Det er kjekt å komme seg ut og lufte seg litt. Søndagsturen gjekk til Stavika.
Stavikstranda mot Aukra og Midsund

Kjekt med strand, og sjølv om vi har blitt store, søstersen og meg, så er det framleis artig å sjå etter fine steinar og skjell.

Eit industriområde eller to er heller ikkje å forakte. Her ser vi rett bort på "Ormen Lange"

Gruppebilde høyrer med! Her fann vi ut at det hadde vore fint med reker og kvitvin. Særleg om temperaturen hadde vore ca 25 grader varmare. Omlag på den tida på kvelden når Hurtigrutene møtast på vika rett utom her. 

Utsikta heimover mot Skarset; Tinden og Skalten. Skulle ha vore på Tinden ein gong og....


mandag 9. april 2012

Veltdalshytta - Fieldfarehytta - Pyttbua

Langfredag ettermiddag kom vi fram til Veltdalshytta.

Ei utruleg kul og stor hytte, som ligg vakkert til. Dette er verkeleg hjartet av Tafjordfjella. Inga mobildekning og langt til alt.

Veltdalen har mykje historie. Tafjord kraft har regulert vatna og ca 1 km frå hytta ligg ein skjulestad frå krigen; Fieldfarehytta. Den ville vi sjå! To kjekke skottar fortalte at vi kunne følgje spora deira og at dei hadde gravt ut hytta tidlegare på dagen.

Då vart det kveldtur. Vi hadde aldri funne denne om det ikkje gjekk spor hit.  Her låg det tre mann frå 1944-45. Dei tilhøyrte Kompani Linge, og hadde vore med på tungtvannssabotasjen på Rjukan. Året i Tafjordfjella resulterte "berre" i ei sprengt jernbanebru, men må ha vore ei heftig påkjenning for karane.

Spartansk innreiing. Denne delen fungerte som soverom/stove/telegrafkontor.

Kjøkkenet i andre enden. Stor kontrast til den moderne turisthytta...

Utsikt frå døra

Namnet på hytta kjem frå operasjon "Fieldfare" (Gråtrost), og ikkje gammalnorsk for "fare til fjells", som eg trudde i starten. Eg skal lese meg opp på boka "Tungtvannssabotørene" og Joachim Rønneberg som var sjefen for gutane. Det var skikkeleg artig å sjå denne hytta, så nytt høvet om du er på desse kantar!

Det vart sprengkaldt om natta, minus 17. Ny dag med sol og blå himmel. No kunne vi gå tilbake i harde spor og gnistrande puddersnø. Bakkane gjekk lett. Sekken var lettare, for vi har no matvett. Det var herleg å ha energi til å berre gå jamnt på.

For andre gong kunne vi nyte utsikta mot Karitind. Eg vert meir og meir fornøgd med denne påsketuren! 

Dei nye skotske vennane våre i godt driv.

Pudder! Nokre svingar vart det no på oss.

Trude tilbake til Pyttbua.

Same folka var framleis på Pyttbua, så det var nesten som å komme heim. Etter ei god økt i solveggen var det vasshenting og fotografering. Det var ein slik fin ettermiddag at vi nesten ikkje ville gå inn.
Putteggenden

Thea (8) var den sprekaste påsketuristen av alle. Ho viste veg til elva, grov snøhole og gjekk på Puttegga. Ho var og ein racer til å snørekøyre med hunden sin.
Det er rett og slett berre å velje og vrake i Tafjordfjella.

Søndagen var det sjarmøretappa att. 2 mil med stort sett staking flatt og litt nedover tilbake til bilen! Så fekk vi brukt dei musklane og..

Det er eit paradoks at det er så lite folk i fjellet i påsken. Vi var ein 10-12 personar påskehelga som nytta desse hyttene og løypene og 1/3 av desse var utlendingar. Det er eit utruleg flott tilbod å ha lekre hytter (med flyboren ved) og trygge merka løyper tilgjengeleg i fjellet, nesten gratis. All honnør til dei som brukar fritida si på DNT-arbeid!
Totalt har vi gått ca 60 km BORTOVER på Randonne-ski. Kanonpåske! Takk for turen Trude!

Link til Påsketur - del 1

Påske i Tafjordfjella

Skjærtorsdag for Trude og eg til Tafjordfjella. Vermeldinga var ikkje så bra, så vi var førebudde på ein tung tur innover til Pyttbua. Veret vart betre enn venta. 2 mil er likevel langt. Turen er ganske flat, men med randonee-ski og 20 kg på ryggen vart det tungt nok.

Vi var litt usikre på vegvalet frå Tunga. Vinterruta går sør for elva, men vi fekk ulik informasjon om elvane var opne eller ikkje. Vi gjekk på nordsida. Det var laust og spora låg djupt i snøen. Vi frykta at vi måtte lage løype sjølv på slutten. Heldigvis hadde ein person med hund gått heile vegen opp før oss.

Eg gjekk meg totalt tom dei siste to kilometrane og var veldig glad for å komme fram. Skjærtorsdag vart ikkje fotografert, og skal i gløymeboka snarast..  På hytta hadde andre trivelege påsketuristar allereie fyra opp og bore inn rikeleg med vatn. Det var jammen gull verdt!

Langfredag vakna vi opp til dette:
Karitind (1982 moh)
Topptur eller ikkje? Det var mykje nysnø og skavlar i fjellet. Begge hadde lyst å sjå Veltdalshytta. Det vart kvistaløypa. Spora frå dei som gjekk i går var vekke, så vi måtte gjere jobben sjølv.
Topp stemning og høg påskefaktor etter første motbakken

Tilbakeblikk mot Pyttbua (1161 moh). Eg var svært mykje meir positivt innstilt i dag. I går forbante eg hytta som vi aldri kom fram til...

Trude tok ein "Cecilie Skog" og dura på. Eg greidde berre såvidt å halde eit slags følgje sjølv om ho trakka spor. Etterkvart svelga eg stoltheita og godtok arbeidsfordelinga. Det var sol. Det var kvistar. Det var 25 cm pudder. Uendelege landskap utan eit spor, utan ein lyd. Terrenget vart meir kupert og fjell og dalar dukka opp.

Vi vert små i store landskap. Trude trakkar løype mot Nausthornet (1896 moh). Ja, ho trakka faktisk løype HEILE VEGEN!

Stor glede når vi kan ta av fellene og det er BERRE nedoverbakkar resten av vegen.. Karitind, no sett frå andre sida, i bakgrunnen.

Det er slike "moments" som gjer det verdt slitet med å komme seg hit..
Panoramaet sørvest for Heimste Veltdalsvatnet. Tordsnose (1975 moh) til venstre og Nausthornet til høgre. Heilt bak i midten Svartegga (1937 moh)

Dei første dagane så lærte vi litt om energiforbruk. Vi gjekk oss tomme på eit blunk. Slik skigåing, med tung sekk og på kalde dagar kostar. Det gjekk best når vi hadde ca 1 time aktivitet og deretter tvangspåfyll med mat og drikke. Når vi etterkvart klarte å gjennomføre det så held kreftene heile dagen. Et FØR du er sulten, drikk FØR du er tørst og meir av alt enn det du trur du vil ha. Det er faktisk skikkeleg utfordrande å klare å proppe nok energi inn i ein kontorkropp. Solid frukost er og eit triks. Egg og bacon, eller middagsrestar frå kvelden før funkar ypperleg i tillegg til skiver/knekkebrød.


Kart over området

onsdag 4. april 2012

Loganbrød

Dagsturar er topp! Då treng ein ikkje tenke på eller planlegge noko spesielt, og kjøleskåp og dundyne ventar heime etterpå. No framover ser det ut som det kan verte ein overnattingstur eller to. Då er det eine store spørsmålet: Korleis få i seg nok mat?

Eg er ikkje glad i havregraut, og veit av erfaring at eg ikkje får i meg nok av det. Summen av vurderingar rundt vekt, volum, haldbarheit og energiinnhald hjelp lite om eg ikkje faktisk får det i meg.

Motivert av denne oppskrifta Kaasin.no på Loganbrød så vart det baking.

Når eg likar alle ingrediensane så lovar det godt for sluttproduktet.

Halv porsjon av denne gjekk fint i Elektrolux-miksaren. Noko seier meg at det er knallhardt arbeid å elte saman dette for hand.

Halv porsjon vart akkurat ei langpanne. I steikomnen såg det slikt ut (originalen var glattare og meir brødaktig..):

Loganbrød luktar godt og smakar energi på eit vis. Det er ikke så mykje smak at det gjer noko. Dette skal halde seg i vekesvis i romtemperatur.

No skal eg teste denne porsjonen. Innlegget her vert oppdatert med erfaringar av: Haldbarheit, spisevennlegheit over tid og opplevd energitilførsel. Eg trur ikkje at dette erstattar anna mat på tur, men det kan absolutt vere eit energirikt supplement til mellommat, smårasting og for å få i seg den ekstra energien ein treng på langtur.

Tankar om justeringar til eventuelt neste porsjon: meir kokesjokolade, meir tørka frukt (mango), litt salt, mandlar i staden for hasselnøtter, litt havregryn (store lettkokte), litt meir sirup.

søndag 25. mars 2012

Nyfrelst sunnmøring på Skårasalen (1542 moh)

Søndagstur - Sunnmøre - ski - skodde med lovnad om sol. Forventningane var store og spenninga høg. Stemninga i bilen upåklageleg.

I Kvistaddalen køyrde vi så langt som vegen var open. Vi labba innover mot stølen og det kjendes nesten som julaftan. For kvar sving så letta skodda og nye toppar dukka opp på alle kantar. Den eine meir dramatisk enn den andre. Nesten meir spennande enn å pakke opp pakker...

Ferdig med oppvarminga. No såg vi opp på "vårt" fjell. Ann Kristin og eg er klar for motbakkane.

Taggerekka vert kalla "Kvistadkjerringane". Seige høgdemeter i grovkorna varm snø.

Utsikta og turfølget gav ny motivasjon, sjølv om bakkane effektivt avslørte manglande kondis, og etterkvart manglande styrke og så sviktande uthaldenheit... Fjellet var overraskande fint å gå opp på. Bortsett frå dei siste metrane på toppen var det verken luftig eller katastofalt bratt.

Frå ca 1000 moh var det hardare snø, med eit passeleg tynt og opptint styrelag. Her ser vi toppen, og det er berre sjarmøretappa att. På veg opp møtte vi to ulike grupper med guide (utlendingar) på veg ned. Sunnmøringane tjener som kjent pengar på alt...

Alle "vondtar" er gløymd når ein kjem opp til dette! Utsikt ned på taggane og Sunnmørsalpane aust(eg trur vi ser Storhornet som det svartaste massivet litt til høgre, Hornindalsrokken litt til venstre for midten og Kvitegga heilt til venstre).  

Blid gjeng på toppen!

Frå toppen mot nord. Den første ryggen heiter vist Storhornet her og.. Så ser vi over Bondalen til Grøtdalstindane, med Kolåstinden og Sætretindane lenger bak. Eller "Slogen overalt" som det også kan seiast...

Spennande skulpturar på toppen. Jan Ove lurer på korleis det ser ut ned her. -Oi, seier han. Då veit eg at eg ikkje treng å sjekke det sjølv...

JIIIHAAA!! Been there - done that! Sola fekk tak og vi fekk den beste nedturen vi kunne ønske oss.

SUNNMØRE!! Det er dette eg vert nyfrelst sunnmøring av...

Sola steika og det kokte i hovudet under hjelmen. Låra vart surare og surare nedover. Snøen vart blautare og blautare. På slutten av bakkane brann det i låra og eg hadde INGEN kontroll. Stilen var nok ikkje noko å skryte av. Då var det jammen godt å komme ned på stølen, og berre ha att eit par kilometer i "hockey"-stilling på skogsbilvegen... ("hockey" meg her og "hockey" meg der...)

Kenneth gøymde skredsøkaren sin i siste snøflekken før bilen, så eg fekk prøve min. Jammen fann eg den! Kanskje vi skulle ha testa det før turen, men uansett greit å ha prøvd.

"Johnsen"-gjengen er supre turkameratar.
Tusen takk for turen!

Meir om Skårasalen, kart og turbeskrivelse finn du på fjellinordvest.net
I følge sikre kilder er Skårasalen det fjellet i Møre og Romsdal med høgast primærfaktor, faktisk Norges 7. høgaste primærfaktor.