lørdag 8. oktober 2011

Bølgjeleik på Vigra

Etter ei veke med absolutt dritver, var det håp om gode forhold for bølgjeleik utanfor Blimsanden. Stranda padleklubb stilte fulltallige, ein rykande fersk Ålebybuar og aktivitetsleiar fekk lufta seg, og Tor Inge tok turen frå Herøy. Betre vert det ikkje.


Nesten for fint, kor hadde det vorte av all dønningen? Ragnhild på veg ut frå stranda.

På leit etter bølgjene kom vi over ein ualminneleg kjekk og velkledd gjeng, som viste seg å vere på veilederkurs i regi padleforbundet. Ein og anna kjenning var det og...

Så kom vi til Molnesrevet. 100-vis av meter med brytande bølgje bortover. Spennande!

Molnesrevet braut i alle retnignar, så etter ei stund for vi innover mot Bårevika og leika litt der. Her er Hallgeir på dagens snille bølgje....

Kenneth fekk seg og eit par fine surfar her.


Utforbi Bårevika. Melis på Gamlemsveten. FIIIIINT!

Lunsj, motsjøpadling, medsjøpadling, og brått var vi her. Hallgeir i sentrifuga. Dette gjennomgjekk han heilt frivillig eit par gonger, og kom ut att like blid.... Slike bølgjer er litt utanfor mi komfortsone nett no, men kven veit?

Eg er litt meir her - i småbølgjene inne med stranda. Artig å leike seg her og.

Men det endar jo framleis med litt bading då...

Skatten i enden på regnbogen..... Vi må vel ut å leite etter den?

Kjekt å verte kjent med fleire padlefolk i området! Takk til Tor Inge som passa på å ta nokre bilde av meg og.. Fleire turar under planlegging, og det lovar godt.

I dag padla vi ca 9 km strekning, men då har eg ikkje rekna med noko att og fram på surfar undervegs....

NOTE TO SELF: Bølgjehøgda på yr.no stemmer sånn nokonlunde. Blimsanden er betre med litt meir vind. Bølgjene legg seg tvert når vinden snur 180 grader.

torsdag 6. oktober 2011

Stormsamling 2011

Bonuspadletur fredag gjer at det er verdt å stå opp 5.00... Frå Bergen, Askvoll og Ålesund rotta vi oss saman på 11.45 ferja til Bulandet.
Gjengen på sjøen - sjekk glisa....

Etter den vanlege "Oops - var det ei fylling her?" kom vi oss ut i open sjø og fekk kjenne litt på bølgjene. Den intense motvinden vi hadde kampa mot i starten løya, og det vart ein nydeleg ettermiddag på sjøen. Kristin imponerte stort med ro og teknikk i bølgjene.  

Bua til Gunlaug var base for helga, grei plass å bu frå eit padlesynspunkt..

Kenneth demonstrerar re-entry og rulle

Smittsomt, og fleire måtte teste kameratredning og cowboyentring. Dagen vart avslutta med eit par middagar og samling i Floren.  

Ny dag. Etter å ha sjaua litt utstyr, og fått kursgjengane avgarde hadde vi eit hav av moglegheiter. Eg slit litt med å organisere meg sjølv på eigenpadling. Det er nesten kjekkare å vere med på kurs og å ha stramt program frå morgon til kveld. 

Det vart guida tur med Lasse, i første omgang. 

I andre omgang vart det ei redningsøkt med Jørn og Kjell i halvmetersbølgjer og ein del vind. Lenge sidan eg har øvd på dette no, og har ikkje prøvd i slike forhold før. Det var ei positiv overrasking. Ikkje så skummelt, slett ikkje så vanskeleg og cowboy'en sat som eit skot. Greit å vere HEILT sikker på at dei andre klarar å redde meg og, så det var ei bra økt!

Konsentrert cowboy

Stormsamling i Bulandet er sett saman av ufråvikelege tradisjonar: Bra padling, fulle ferjer, breiflabb, lysbilder med digging av oss sjølve laurdagskvelden og tur til Sandøy på søndag. Slik er det, og eg har ein mistanke (og eit håp) om at det kjem til å vere slik ei stund til...

For variasjonen sin del entrar vi Sandøy frå vest denne gongen.

Grunnkursgjengen på Sandøy

Gult-er-kult-kameratane på bølgjejakt.
 

Juhuuu! Litt action.

Små i stort landskap

Søndagsgjengen

Takk til Nina som organiserte oss 10 stk i lag på Bua, Kenneth som køyrte halve vegen og alle som var med å gjere samlinga til nok eit padlehøgdepunkt! 

Vi samlar jo framleis på kilometer, og eg trur det vart omtrent 29 km i løpet av helga...

For meir stormstoff sjekk:

onsdag 28. september 2011

Atlanterhavsvegen og Kvitholmen

Hustadvika. Havblikk. Herleg!
Søndag ville vi ture på eigenhand og Play-kameratane er klare. Vakrare morgonstund kunne vi ikkje fått.

I gang med turistruta - her er gjengen ved Håholmen

Atlanterhavsvegen neste! Toppen til venstre er Melen.

Tidevatn i mot og dønning i ryggen. Interessant å padle under brua.

Ut neste bru. Eit nytt risikomoment dukka opp. Havfiskekrokar i full fart..Tryggast å halde seg litt på avstand frå dei ivrigaste fiskarane...

Familieråd

Tore på havet. Hustadvika nord. Skipsleia bak.

Susan på veg mot Kvitholmen

Kvitholmen har eit fyr, ei fin hamn, ca 20 villsauer og eit vennelag som held fyret i stand. Her vart det lunsj, polarbrødbildetaking, fyrsafari og gjestebokskriving. Rett travelt.

Returen tok vi i strak linje. Tor Inge fann den einaste bølga som hadde stått opp i dag..

Skarveberg og mange små holmar og skjer på Averøysida av kryssinga.

Eg tullar ikkje når eg snakkar om havblikk...

Grønlandsstyle på alle tilbake. Eg padla grønnlandsåra til Susan heile vegen, og var kjempefornøgd. Må ha. Berre MÅ ha..

Kjensle av tidsmaskin når vi runda Håholmen for siste gong..

Turen vart totalt ca 22 km. I godt lag og med fine opplevingar og diskusjonar undervegs.  

Takk for turen!





tirsdag 27. september 2011

Padlesamling på Rangøya

24.-25.september debuterte eg på padlesamlinga på Rangøya. Susan stilte med bubil, og det var eg jammen glad for når vi for nordover. Kulingkasta reiv i bilen og pussarane gjekk for fullt. Er det galskap å dra på padlesamling ved Hustadvika no?

Fredag var det foredrag: Audun fortalte om charterpadling på Lanzarote, og Bao viste bilder frå baidarka-turen langs norskekysten med Thygesen.

Laurdag vart vi med på den organiserte turen: "Langtur i skjerma farvatn". Varmt, vindstille og lite sjø så det med skjerma farvatn kunne vi no spart oss.

Litt briefing før start. Legg merke til kor sentralt plassert bubildamene var.. midt i sentrum heile helga!

Før vi viste ordet av det var det lunsj.

Fin utsikt til Hustadvika i sør og Hestskjær fyr (midt på bildet nedanfor) i nord. Dit skulle vi visst ikkje, men no veit vi om det til seinare...

Alle padla forbi den raude saken som låg og flaut i ei lita bukt og lurte høglydt på kva dette var for noko.  Jon Oli tok ansvar, og gav oss ein liten lærepenge... Det var ein redningsflåte. Når ein finn slike så skal ein sjekke flåten, ringe politiet, og gjerne taue den til næraste kai med bilveg. Og i alle fall ikkje padle rett forbi og lure på kva det der er for noko. Denne kom vistnok frå ein seglbåt som hadde havarert på Hustadvika kvelden før, men det hadde gått bra med folka ombord.   

Masse fugleliv med ørn, skarv, hegre, gås og måsar.

Flott område! Skikkeleg uvant for meg å sjå heimlege fjell frå sjøsida.

Turen vart avslutta i ein tidevasstraum rett nord for Rangøya. Artig! Eg kom meg ikkje opp nokre av dei tre straumane, så det må finpussast litt på teknikken. Her er Cato i fint driv oppover.

Vi var ute i ca 6 timar og Jon Oli hadde nøyaktig 14 km på GPS'en. Langtur og langtur fru Blom. Kjekt å padle att - det er i alle fall heilt sikkert!

Tilbake på Rangøya var det betydeleg betre stemning i teltleiren.

Knallgod bacalaomiddag i godt selskap med gjengen frå HKK var ei kjekk avslutning på dagen. Det dukka opp nokre kjente fjes frå tidlegare treff, og det er alltid triveleg å sjå att folk, om ein no ikkje får snakka så mykje med dei...

Vertskapet på Rangøya, Inge og Marit Rangøy, har berre ein heilt utruleg god service! Dette er ein perfekt plass å ta med små og store grupper på padletur, også utanom treffet.

fredag 23. september 2011

Kyststien på Farstad

Bursdagshelg på Skarset med strålande sol og klår haustluft. Jubilanten, turisten og eg for på førmiddagstur til Nordneset.

Hustadvika er imponerande i all slags ver, og kyststien går gjennom eit flott kystlandskap.

Årstidskjensla har gått heilt i vranglås. Dei siste markblomstrane nikka og svaia langs stien og vart til ein fin bukett. Kven snakkar om haust?