mandag 28. februar 2022

Setretur rundt Svartløkvatnet

 27.02 Eg assosierer Svartløken med langrennsløyper og den mest spektakulære skøyteturen eg nokon gong har hatt. I sidesynet har eg fått med meg at det er hytter langs heile skiløypa, utan at eg har tenkt nærare på det. Etter ein grundig kikk på kartet så skjønnar ein kor mange ulike setrer det har vore i området. Om ein skrur på stølsblikket så ser ein spor etter gamle stølshus og seterdrift innimellom. Vi starta turen ved fjellstova på Ørskogfjellet, og gjekk runda på knappe to mil rundt Svartløkvatnet. Då passerte vi minst 7 setrer på vegen!     

 

Bygdasetra


Fin utsikt frå Bydasetra over Svartløkvatnet og mot Frostadtind

Over mot Jostølen og naustrekka ved Tomreosen. 
Svartløkvatnet er vist kjent for godt fiske, og grunneigarane har dreve garnfiske her. 

Jostølen - dette bygget stammar nok frå stølstida. 

Jostølen - flott hytte i dag, der utløa framleis står og fortel om historie lenger tilbake?

På vinterstid er det ikkje lett å sjå kvar Jostølen sluttar og Frostadsetra startar, Vi suste forbi begge.  

Frå varmestova har ein god oversikt over mot Tomresetra

Brautasætra

I sørvestenden av Svartløkvatnet ligg Barlindhaugsætra og Brautasætra. Den første ser ut som ei ganske moderne hytte ved første augekast. Den siste har både sel og fjøs/løer og det er lett å kjenne ho att som ei gammal seter.  

Svartløken

Vi var i stuss om dette var ein gard eller ei seter, men traff to lokalkjende som fortalde oss mykje om historia. 

I boka "På tur i Ørskog" fann vi meir interessant informasjon: Svartløken er ein gammal gard, som etterkvart vart drifta som seter. garden har vore krongods, eigd av Giskegodset og av Abelset-ætta og etterkvart av prestar og gardbrukarar frå Ørskog. Namnet Svartløken finst allereie i registreringar frå 1606. I 1658 var det oppført to bruk her, med 2 hestar, 20 kyr, 18 sauar og 8 geiter. I 1920-åra var det seter- og hotelldrift. Det største huset på tunet er "Løkstova", og her var det fem rom til utleige og dans og tilstelningar i helgene. I tillegg vart det produsert geitost i kjellaren. Det var sommardrift og påskedrift fram til 1939. Deretter vart bygget nytta av Ålesund Raude kors i over 30 år.       

mandag 24. januar 2022

Lisetsætra og Amdamssætra i Ørskog

23.01 Vestlandsvinter er eit dårleg utgangspunkt for stølsutforsking. Storm og regn i januar ville ingen ende ta. Vi la difor i veg opp skogbilvegane ved Giskemosaga. I lia ovanfor skulle det fleire stølar innafor rekkevidde. Heldigvis var det køyrespor første stykket og ein person før oss hadde laga fotspor.  Elles var det å trakke seg gjennom med snø frå anklane til knea. 

Første post var Lisetsætra. Fine bygg og klart av nyara dato. Stien vidare til gamlestølen og Snaufjellet fekk ligge i fred - det var alt for mykje snø til å bakse seg oppover der til fots. 

Lisetsætra

Ørskog historielag (årsskrift 1997) fortel at denne stølen vart bygd opp i 1952. Då var det bygd veg opp frå Giskemosaga og to av gardane flytta frå gamle Lisetsætra og hit. Dei bygde fjøs med sel i enden. Drifta held fram til 1968.  


På returen gjekk vi innom Amdamssætra. Her var det fleire bygg i ulik stand og ulik alder. Ei diskre nyare hytte låg det og i utkanten av stølsområdet. 


Stry i fleire variantar

Forfallet har fått overtaket

Flott bygg med mykje historie - vi kunne sjå fleire funksjonar berre av å spasere rundt på utsida. 

Amdamssætra

Gardane på Amdam flytta frå Høgsætra og hit i 1940-åra, etter at skogsvegen stod ferdig i 1939 (Ørskog historielag, årsskrift 1997). 

Vårstemning

Utsikta mot Sjøholt og Ørskogvika

mandag 13. desember 2021

Vaksvikfjellet - overgangstur frå støl til støl

 12.12.22 Vaksvikfjellet er eit flott utgangspunkt for ski- og fjellturar. Til liks med mange slike populære friluftsområde har det tidlegare vore aktiv stølsdrift i området. Infrastrukturen med vegar, parkeringsplassar og hytter har rot i lengre tradisjonar enn søndagsturen. 

Eg har aldri gått langrennsløypene her før. Sidan det var lite snø og plussgradene pressa på frå aust, var berre delar av løypenettet køyrt opp av Lauparen IL -  men desse var nypreppa og flotte. Det vart tur til Grytalisætra først og over mot Kjersemsetra etterkvart. 

Synnøve på Grytalisætra

Seterstemning og "Stikk-ut"-post

Vinterstøl

Kjersemsetra utvida med meir moderne hytter

Kjersemsetra med Stall Kjersem som driv med islandshestar.

Desember er nok ikkje rette månaden å få skikkeleg stølsliv-stemning. Det var likevel ikkje vanskeleg å skjønne at dette var ein enkel og effektiv måte og komme seg frå Romsdalsfjorden til Storfjorden i gamle dagar.

mandag 22. november 2021

Emblemsfjellet på langs med stølsblikk

 21.11 November med eit hint av julestemning er flott, men avgrensar turmåla litt. Vi tok kjente stiar på Emblemsfjellet, men med eit nytt og skarpt blikk på stølane som ligg på rad og rekke.

Røssevollvatnet. Skimtar hustaka på Eikenossætra i skogen 

Glimt av stølsidyll - Eikenossætra

Fleire stølshus var omgjort til moderne hytter og tydeleg i bruk - kjekt! 

Setervollen var skikkeleg attgrodd. Trist, men forståeleg. 

Neste støl Røssevollssætra. Mindre å sjå der, men framleis spor etter folk. 

Gamle murar...

..og eit bygg som stod att. 

Over snødekt myr og hei og knausar bar det. Vi hadde stø kurs austover og neste setervoll var innafor rekkevidde. 

Emblemssætra/Skillingsetra. 
Dette huset har vi sett langs skiløypa før. 

Denne gamle stova hadde vi ikkje lagt merke til før

Flott utsikt og fleire gamle og nyare hytter på setra. 



Resten av bilda er fra Synnøve. Vi tok ein ekstrarunde og fekk med oss Puskesetra på returen. 

Kulturlandskap

Puskesetra

Ex-setervoll, no mørk og dyster granskog.

Det siste store spørsmålet for dagen var om dette også er ei gamal seter, eller berre ei hytte? 

Knappe 9 kilometer og 4 setrer. 

torsdag 7. oktober 2021

Stølshopping i Skodje

 06.10 Skiløypene i området kjenner vi godt, men på beina er det nytt terreng. Frå Liasætra gjekk vi skogsvegen og skiløypa til Steinsetsætra.

Steinsetsætra


På Steinsetsætra går vegen gjennom klynga med gamle stølshus. Det langt nyare hyttefeltet ligg diskre i skogen rundt, med større og flottare bygg. Det var ikkje lett for oss å forstå kva sætra opphavleg vart brukt til. 

I årsskriftet til Skodje sogelag (1998) står det at dei fleste av setrene i området var nemnd i matrikkelen frå 1723, og at mange av dei har vore i drift i alle fall frå 1600-talet. Driftsforma var mjølkesetring. Det vil seie at seterjentene gjekk opp om ettermiddagen, mjølka og sette kyrne på bås om natta. Om morgonen var det om å gjere å få gjort unna mjølkinga og få dyra ut att på beite, før fulle mjølkespann skulle berast ned til bygda. Stølane var som regel i bruk frå jonsok og ut august. På Steinsetstølen var det kyr og mjølking fram til og med 1985 før siste brukaren gav seg. 

Ut i frå kart og terreng fann vi ut at det var greiast å gå vegen vidare til Skodjestølen. Skogen bar preg av å ha vore kulturmark, og vi prøvde å sjå for oss korleis landskapet ville vore med åpne slåttemarker utan granfelt og kratt. 

Vel heime att fann eg ut at vegen vart bygd i åra 1935 - 1938 på dugnad. Alle gardbrukarane som sokna til Steinsetsætra og Skodjestølen måtte stille med 800 timar pliktarbeid, same kor stort bruket var!  

Granalleen helsar velkommen til Skodjestølen. 

Skodjestølen 

Her var det ein tydelegare stølsvoll, og imponerande mange bygg. Buer for folk og bygg for dyr og høy.
Skodjestølen høyrer til gardane på Indre Skodje. Gamlestølen låg vistnok lenger vest, men stølen vart flytta hit ca 1890
 (Skodje sogelag).




Vi syns det var rart at det ikkje var noko vatn eller bekk i nærleiken av stølen.

 I sogeheftet har ei av budeiene delt  minne frå ungdommen, då dei ein tørkesommar måtte gå ned til Fyllingsvatnet med vassbøtter og beretrau! - Det var tyngre å bere vatn opp enn å bere mjølka ned, fortalde ho. - Men vi var unge , hadde det moro og "takla alt" (Solveig Waagene, Skodje sogelag årsskrift 1998) 

Vidare til Apalviksætra gjekk vi på tydeleg og god sti gjennom haustfarga skog. Det tok ikkje lang tid før vi snubla oss ut på ein stor og åpen setervoll, med mange små sel i halvsirkel rundt.   



Idyll på setervollen. Eg såg lett for meg lyse sommarkveldar med ungdommar og spelemann og rømmegrauten på kok her. 

På nedsida av vollen var det eit bygg som såg veldig gammalt ut, og ein dam som verka menneskeskapt. Dette har eg til no ikkje klart å finne ut noko meir om - legg gjerne att kommentar om du veit meir! Kva har dei eigentleg dreve på med her? Var det drikkevasskjelde? Isdam? Andedam? 



Heimvegen la vi over Haugfjellet. Nydelege fargar, delvis gammalskog og myr. Vi var strålande nøgd med ruta og opplevinga! 


9 kilometer - 3 stølar  - flott runde!