Viser innlegg med etiketten Vestnes. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vestnes. Vis alle innlegg

mandag 28. februar 2022

Setretur rundt Svartløkvatnet

 27.02 Eg assosierer Svartløken med langrennsløyper og den mest spektakulære skøyteturen eg nokon gong har hatt. I sidesynet har eg fått med meg at det er hytter langs heile skiløypa, utan at eg har tenkt nærare på det. Etter ein grundig kikk på kartet så skjønnar ein kor mange ulike setrer det har vore i området. Om ein skrur på stølsblikket så ser ein spor etter gamle stølshus og seterdrift innimellom. Vi starta turen ved fjellstova på Ørskogfjellet, og gjekk runda på knappe to mil rundt Svartløkvatnet. Då passerte vi minst 7 setrer på vegen!     

 

Bygdasetra


Fin utsikt frå Bydasetra over Svartløkvatnet og mot Frostadtind

Over mot Jostølen og naustrekka ved Tomreosen. 
Svartløkvatnet er vist kjent for godt fiske, og grunneigarane har dreve garnfiske her. 

Jostølen - dette bygget stammar nok frå stølstida. 

Jostølen - flott hytte i dag, der utløa framleis står og fortel om historie lenger tilbake?

På vinterstid er det ikkje lett å sjå kvar Jostølen sluttar og Frostadsetra startar, Vi suste forbi begge.  

Frå varmestova har ein god oversikt over mot Tomresetra

Brautasætra

I sørvestenden av Svartløkvatnet ligg Barlindhaugsætra og Brautasætra. Den første ser ut som ei ganske moderne hytte ved første augekast. Den siste har både sel og fjøs/løer og det er lett å kjenne ho att som ei gammal seter.  

Svartløken

Vi var i stuss om dette var ein gard eller ei seter, men traff to lokalkjende som fortalde oss mykje om historia. 

I boka "På tur i Ørskog" fann vi meir interessant informasjon: Svartløken er ein gammal gard, som etterkvart vart drifta som seter. garden har vore krongods, eigd av Giskegodset og av Abelset-ætta og etterkvart av prestar og gardbrukarar frå Ørskog. Namnet Svartløken finst allereie i registreringar frå 1606. I 1658 var det oppført to bruk her, med 2 hestar, 20 kyr, 18 sauar og 8 geiter. I 1920-åra var det seter- og hotelldrift. Det største huset på tunet er "Løkstova", og her var det fem rom til utleige og dans og tilstelningar i helgene. I tillegg vart det produsert geitost i kjellaren. Det var sommardrift og påskedrift fram til 1939. Deretter vart bygget nytta av Ålesund Raude kors i over 30 år.       

fredag 14. juli 2017

Trippel tusenmeterstopp i Vestnes

14.07. Tjuvstart på ferien med topptur i heimfylket før vidare ferd nordover. Første ferieaktivitet altså etter 85 km. Denne fjellrekka har Synnøve og eg sikla på ei stund, synleg som ho er i frå vegen. Eg har vore litt tungbedt til Vestnes/Tresfjorden på tur, merkeleg nok.

Start på Daugstadsetra (450 moh)

Idyllisk kulturlandskap - heilt til ein startar å gå. Målet vårt var ryggen til venstre. 
Ingen tydeleg sti, vått, klegg og tungtrakka myr med tendensar til kratt. Synnøve karakteriserte forseringa av bjørkeskogen som "å komme seg ut av ei krabbeteine".   

Ryggen rett opp. Effektivt vegval. 
Kan ikkje klage på at det var vått oppover her i alle fall, ut over det som rann frå panna. 

Skade!! 
Standarden for ferieleggane 2017 vart altså sett før lunsj på dag 1.  

På Blåtinden 1166 moh og ryggen vidare. 

Sol og skodde i lett blanding. Vi var litt usikre på å gå vidare, då det brått letta. 

Teambilde! Første topp: Blåtinden 1166.   

Fra Midttinden (1220 moh) tilbake mot Blåtinden. Vestnes til venstre, Molde over fjorden bakerst.  

Trolsk over mot, ja nettopp, Trolltinden.  

På Trolltind (1241 moh) Svartevasstind neste på rekka. I overkant heftig rygg over dit. 

Nydeleg på fjellet sjølv om det er overskya. Issoleie. 

På heimveg. Store landskap og fin fjordutsikt.

Det er faktisk ekstra kjekt å gå turar som ikkje er merkt, der stiane ikkje er opptrakka og vi må tenke litt sjølv. Flott område og flott utgangspunkt. Vi såg potensiale også for fjellskiturar her. 

Fjellrekka med dei tre toppane. Vi var godt nøgde med turen!

Kart
Knappe 1000 høgdemeter. Ca 7 km t/r.

Ferien 2017 starta med stil! Takk for turen. 
Note to self: Ikkje ver så tungbedt til Vestnesfjella!  

mandag 31. mars 2014

Sandtinden (1065 moh) og Sprovstinden (1194 moh)

30.03 Søndag og sol. Litt urven morgon på grunn  av den hersens klokkestillinga. Alle var på rett stad til rett tid og vi kom fram på Ørskogfjellet då trekket opna. Det var ein mjuk start på turen å ta dei første 150 høgdemetrane med t-krok.

Lite snø øvst i trekket og mot Sandtinden. Er det verkeleg nok snø oppover? 

Ragnhild i første bakken.

Kenneth hadde sjølvsagt rett, det var rikeleg med snø og fint føre. Utsikta var bra frå første stavtak. Sola varma, og det var vindstille. Eg gjekk i t-skjorte heile vegen. Flott terreng, og eg gledde meg allereie til nedturen. Det er nye takter frå i fjor. 

Siste kneika mot Sandtinden. Jutevatnet nede i dalen.

Sandtinden (1065 moh).
Fantastisk panorama til Sunnmørsalpar og Romsdalsfjell! 

- Jeg har ikke svetta så mye siden 2008! seier Ragnhild med stor overbevisning. Det glinsar vel i panna på fleire av oss. Det er noko med sugande vårsnø, motpakkar og sol, kombinert med ull og gore-tex....

Rast og plastring. 
Eg hadde teipa grundig før eg for heimanfrå, sidane hælane såvidt hadde grodd frå forrige runde med skisko... 

Dagens første 1000-meterstopp! Herleg! 
Det er slike dagar og stader ord som lykke og livsglede verkeleg gjev meining.  

Romsdalsfjell i horisonten. Kenneth er klar for neste topp. Litt dårleg føre akkurat på toppen.

Sjarmøretappe mellom Sandtinden og Sprovstinden!

Fantastisk landskap!

Etterpå skal vi ned her! Juhuu!! - trur eg....

I godt lag på toppen av Sprovstinden!
 T.v Rypestegg som trur han er usynlig. (Men vi såg nok både han og brødrene..)
T. h. Fotballsupporter og fjellfant som markerar 100-års jubileet til Ålesund Fotballklubb (ÅFK) på turane dette året! Artig stunt.   

Bra toppskavl, så greit å halde seg på rette sida av vardane og på fast fjell.  


Påfyll av energi er viktig. Ragnhild hadde droppa nachspielet kvelden før for å bake sjokoladekake til oss! Poeng i fleng! Kaka var kjempegod. 

Brukbar utsikt i lunsjen

Då var det i grunn berre dagens teambilde som stod att før returen. Det er mogleg at eg problematiserte litt rundt kvar sjølvutløysarfotografen skulle plassere seg på bildet. Den kreative, løysingsorienterte og handlekraftige gjengen som eg var på tur med hadde planen klar og skar igjennom på den saken.    

Teambilde Sprovstinden (1194 moh)

Godt føre, fine bakkar og herleg nedkøyring. Eit ørlite parti der det var litt bratt og litt laust for min smak, men det gjorde ingenting. Det begynner å verte artig å køyre nedover og. Mykje artigare enn første året då eg var livredd og bekymra. Det kjem seg!  

Nedkøyringa (omtrentleg) ned mot Jutevatnet med raudt


Siste fellefikling. Næremstindane og Høgsvora bak. 

I botnen skrådde vi mot høgre. På med feller. Vi gjekk opp lia til overgangen mellom Varguraksla og Sandtinden. Av med feller. Herleg nedkøyring ned til bilen (med unntak av eit lite drittparti med bjørkeris og dårleg føre).   

To nye 1000-meterstoppar, sol, fregner, påskestemning. Strålande organisert av Ragnhild og enormt bra val av turmål av Kenneth. Takk for ein fantastisk dag!