torsdag 6. november 2014

Trolltinden (1170 moh)

5. november. Det har vore ein litt slakk haust på meg, og det tærer både på fysikken og psyken. Det går ikkje i lengda, så no var tida inne for å ta grep. Kanonfine meldingar. Her må det avspaserast (etter lunsj) og bli nokre timar i sol og dagslys.

Synnøve var med, og vi hadde sikta oss inn på ein topp på Ørskogfjellet. Her har vi begge køyrt forbi ca 1000 gonger og tenkt at vi; "skulle ha vore på den der, gitt".

Trolltinden er den høgaste. Markert landemerke på Ørskogfjellet. 

Grusveg til Skitnesetra. Fint med oppvarming før det bar rett ut i myra. Slike slake lier med myr og lyng sug krefter. Eg syns det gjekk seint med meg, men vi seig no oppover mot Egga.  

Opp i venstre kant og heile ryggen bortover. Det var planen. 

Nydeleg med sol og dagslys. Eg fekk i grunn meir energi enn eg brukte oppover, sjølv om beina var tunge. Det var som å sette seg sjølv på lading. 

Lekkert haustlandskap

Topp nr 1: Middagsfjellet (848 moh). Flott utsikt!

No har vi i alle fall landa ein topp! To store glis. Begge var usikre på om vi rakk hovedtoppen. Klokka gjekk veldig fort. 

Haramsfjella fra ny vinkel med Blåskjerdingen midt i smørauget.

Tomrefjorden og Midsund (Otterøya) bak. 

Det var lett å gå i høgda, og snart såg vi varden på topp 2: Sandfjellet (903 moh). 
Trolltinden kom fort nærare. Den ER innan rekkevidde? Eller?

Vidare over egga måtte vi først ned ca 150 høgdemeter  før siste ryggen. 

Egga var kjempefin. Snø og is gjorde det litt ekstra spennande. 

Ned egga (Foto: Synnøve)

Blåne mot blåne

Novembersol i lyngen. Det såg nesten ut som ildtustar bortetter. 

Vi var innafor tidsmessig, og la i veg opp mot det store målet for dagen. Vi såg at vi kunne komme oss ned frå skaret til hovudvegen, og sleppe å gå egga tilbake i mørkret. Då vart det eit heilt anna reknestykke med tida. Den siste motbakken var akkurat så seig som den såg ut til. Ur og bratt. Brattare enn ein trur, Ikkje ser ein toppen, berre nye steinar og meir motbakke. Halde seg i gang, men ikkje få mjølkesyrestopp. Mental trening. Det gjer godt. Sjølv lav raud haustsol gjev krefter. Eg kjende "batteria" fylle seg opp.  

Steinbu før toppen. Grei nødbu det her. 

Arktisk. Iskaldt. Snøkrystallar og winterwonderland på toppen. 

På med stilongs, dunjakke, vottar, ekstra buff. 

Sjarmøretappa! Jammen klarte vi det ikkje! HERLEG! Iskaldt, men herleg! 

-FOR ein dag!!! Vi seier det i kor og vi seier det gong på gong. - Dette trur eg motvirkar vinterdepresjon resten av året, seier Synnøve. Eg kunne ikkje vore meir einig. 

Månen stig over Moldefjorden medan dei siste solstreifa sleikar over Ytstetinden. 

Høg wow-faktor. Her var det berre å suge inn lys og utsikt! Kulda beit, og det var ikkje aktuelt å vere på toppen særleg lenge. Minusgrader og god bris. Samstundes så må det nytast, så lenge ein kan. 

Solnegang fra toppen

Solnedgang frå toppen er både god og dårleg berekning. Vi la fort i veg nedover, og kom ned til skaret før det var mørkt. Heile lia var full av ryper, og dei var ikkje akkurat redde. 

Rype med vinterdrakt. 

Det vart mørkt, og vi rigga oss til: ete niste, justere påkledning og finne fram hovudlyktene. Det gjekk strålande å ta seg ned frå skaret, og vi fann ein grei trasè ned til Bakkesetra. Litt vått, og ingen sti, men heilt uproblematisk å komme seg ned. Månen var nesten full, og hadde det vore heilt snødekt kunne vi sikkert gått utan lys. I lyset frå lyktene blinka det i rimfrost og den gode vinterstemninga sette seg i heile skrotten. 

Kart over turen. 
Dei siste 2-3 kilometrane opp til bilen langs hovedvegen på Ørskogfjellet var det minst artige. Mykje tungtrafikk. 
Flott runde som kan anbefalast! Totalt vart det ca 13 km og ca 1000 høgdemeter opp og ned.  

Standardutrustninga i sekken skal supplerast med: Broddar, refleksvest, tynn vindsekk og god støttebandasje. No er lyktesesongen 14/15 i gong!

søndag 19. oktober 2014

Gildt rundt Giske

19.10 Med gjestar både frå Ulsteinvik og Sunndalsøra var det kjekt å få vist fram runden vår. "Giske rundt" skuffar aldri, og det som starta grått vart ein fantastisk haustdag.

Yeah! Søndagstur og høg stemning frå start.

Fin flåte, strand og Valderøya

Giskebrua. Nesten kunst. 

Guida tur frå småbåthamn til småbåthamn. Nokre dagar har vi flaks med alt. Det var flo og vi kunne snirkle mellom alt som var av stein på sørsida. Det er meir som å padle ei skikkeleg grov ur. 

Skarvesteinen

Havblikk og varme i sola - for ein dag! Alnes i horisonten. 

Våtmarksområde, fugleliv og herlege haustfargar på sjøen

Ein oter sprella rundt på grunna og forsvann i tangen. Ei stor havørn letta tungt. Det myldra med fugl, gås, ender, måser, og mange flokkar med mindre uidentifiserbare. 

Snirkling

Dagens selbilde. Ein gjeng på 10-15 stk dukka opp ved Kvalneset.

Fargerik og fresh i pausen!

Lunsj med utsikt til fridykking

Ørna måtte sjekke oss ut..

Ann fant ei tom kråkebolle flytande. kjempestor og kul. Kan det ha ein samanheng med fridykkaren?

Tilbake på stranda vart det ei rulleøkt. Sygni rulla Romany, Mildrid rulla og sculla, eg rulla og bomma ca annakvar gong. Vrangsida var vrang. Eg fekk testa re-entry og rulle på begge sider, og det gjekk no rimeleg greit. Ann fekk til å rulle Nukaen med grønnlandsåre. 
Alt i alt ein herleg dag!

Giske rundt 8,5 km

lørdag 11. oktober 2014

Padling og redningsøvingar i Ulstein

11.10 Endeleg klaffa det at eg kunne hive meg med på FB- invitasjonen frå Arnfinn.Fin laurdagssyssel å nyte ein solskinnsdag på Ulsteinfjorden i lag med trivelege padlefolk som eg ikkje har sett på lenge. Vi hadde mumla om redningar og tenkt nokre scenarioer på chattemeldingar i førkant.

Ulsteinvik

Elin ikkje rådlaus med halv åre

Elin og Mildrid med fleire hadde gjort god reklame for HKK kvelden før: Link til NRK Møre og Romsdal

Mildrid strålar om kapp med kajakken sin..

Ulsteinvik

Rast og godstemning på ein liten holme nord for Dimna.

Ørnereir. Ikkje nokon heime men vi såg minst 50 hegrar på vegen

Arnfinn i Play'en sin

Flott tur, deileg lunsj i sola, godt å vere på sjøen og triveleg selskap! Dei som hadde lyst la opp til ei økt ved stranda med meir baderelaterte aktivitetar. 

Mildrid scullar gullkajakken

Eg fekk teke oktober-rulla. 4-5 ruller (standard, grønnlandsåre) som sat slik nokonlunde fekk rullesjølvtillita opp på eit akseptebelt nivå att. Dei siste turane på Alnes har tæra hardt på den. 

Frank ruller

Arnfinn hadde ønska seg øving på bevistlaus person. Greit å ta ein runde på det. Det er enkelt i teorien. Om avstanden er litt større enn 50 cm frå start går tida fort, og det er fort gjort at det vert litt kluss med årer og vippetak. Eg ser dessutan at det er mykje tyngre for meg å vippe personar som har kjølkajakk enn personar som har flatbotna kajakk. Greit å ha øvd litt på - og måtte vi aldri få bruk for det!

Frank er "bevisstlaus" og vi øver

Eg ønska meg to kajakkar i vatnet samstundes utan moglegheit for egenredning. Mildrid og eg testa først, og så var det karane sin tur. Også her var det greit med ein gjennomgang, og vi plukka med oss nokre triks for å korte ned tidsbruken. 

To i vatnet

Få tømt ein kajakk..

Få førstemann ombord i tømt kajakk

Rollebytte

Kjekk dag med nyttige øvingar. Sjøen har begynt å verte kaldare no, det kjenner vi godt. 

10 km totalt med att og fram på redningsøkta


fredag 10. oktober 2014

Heftig og begeistra rundt Godøya

07.10 Sygni og eg hadde padleavtale, og avtalar held ein jo, sjølv om eg framleis var lang i armane etter helga. Vi landa på Godøya rundt. Meldingane var austavind, men berre 3-4 m/s. Styrken på austavind langs kysten her er kanskje Yr.no si største svakheit. Vi såg kva som var av faktisk vind (frisk bris) og var førebudde på det meste. Det som er fint med Godøya er at det er veg eller sti rundt heile øya, mobildekning og mogleg å komme i land dei fleste plassar om ein svelgar kamelar når det gjeld stil og striper i kajakken.

På nordsida av Godøya i skuggen - med frisk bris i mot. 

Den første timen var ei rein arbeidsøkt, men vi viste at det kom sol og medvind etterkvart.

Innover mot Ålesund - fin by frå sjøen og!

På aust-tuppen var det vind og straum og skikkeleg skvalpete. Eg måtte ta litt i for å komme forbi. Det eg hadde tenkt som medvind vart i første omgang sidevind, saman med krappe fjordbølger. Interessant. Balansen fekk trening. Det var skikkeleg "tippy" rørsler i kajakken, utan noko mønster. Det slo oss kvifor vi padlar minimalt i fjordane...

Sidesjø, men berre store glis hos Sygni. Då er det vel greit for meg og då..

Etterkvart kom vi ned til Høgsteinen fyr søraust på Godøya. Dette er eit innseglingsfyr, 11 meter høgt og av sjeldan vare; teglstein. Fyret er opphavleg frå 1857 og freda som kulturminne no. 

Høgsteinen fyr

Veldig fint. Må ha to fyrbilde i dag. 

Neste etappe var kjempekjekk! Langs heile austsida fekk vi medsjø og småsurfa bortover. Inne ved land var det nesten heilt vindstille, sjølv om det gjekk kvitt midtfjords. Herleg å suse avgarde utan å bruke krefter i det heile. Vi kom nesten på Lesten og møtte dønning frå havet. Sikkert lurt å gå i land? Matpakkeeting og andre naudsynte ærend må ein berre ta seg tid til, og eg ville ha litt å gå på før vi skulle runde Lesten.

Ikkje akkurat strand, men landingsplassen gjorde nytta.

-Vi har eit hav av tid før det vert mørkt, kjem det skråsikkert frå meg. Eg var førebudd på nokre kilometer med lite vind og litt dønning. I det same vi runda "Lesten" kom det vindrosser rett i fleisen på oss. Eg vart nesten feid avgarde. Dette måtte ha noko med formasjonen og fallvind frå fjellet å gjere, for i teorien skulle det ikkje vere mogleg med austavind her.. Gisp og gulp. Kva gjer vi no? Eg gjekk gjennom halve alfabetet og padla på. Det gjekk framover såvidt, men ikkje mykje. Eg såg Sygni sleit med framdrifta og. Akkurat der var vel den minst trivelege plassen å gå i land. Vi bestemte oss fort; kneppe på taueline, gje gass, sjå om det går - plan B snu tilbake. Som tenkt så gjort, og det gjekk. Med tauelina på kom vi oss samla ut av dei hardaste vindrossene til meir normal heftig motvind. Full guff måtte til, men vi kom oss framover, og såg stranda og Alnes fyr komme nærare om enn gradvis. 

I vest hadde vi verdas flottaste solnedgang. Sola gjekk som ei ildraud kule i havet. Ikkje ei sky. Ingen dis. Raud kule. Blått hav. Og det var berre ikkje aktuelt å stoppe for å ta noko bilde. Vi kasta så mange blikk vi fekk til ut i horisonten og prøvde å feste bilda i hjernebarken om ikkje anna. Det er truleg den flottaste solnedgangen eg nokon gong har sett.  

Restane etter århundrets solnedgang


Alnes fyr -no er det berre surfen som står att..

Vi hadde berre eit lite crux att. Korleis var surfen i dag? Det skumma kvitt av surfebølgene i motvinden og det var surferar uti som vi såg vart kasta av bretta sine. Sidan vi kom frå yttersida hadde vi ingen begrep om kor store bølgjene var eller korleis dei braut. Skyminga gjorde det ikkje lettare, og sjølv om eg har surfa litt i år, så har det aldri vore med grønnlandsåre. Vi nærma oss forsiktig, og det reiste seg ein diger dønning under oss. Aiai - ikkje det settet her! Vi rygga og fomla og bakoverpadla til vi fekk meir oversikt, venta til settet hadde gått og dura på. No ser det snilt ut! GO!
Det gjekk faktisk heilt fint, men likevel hadde eg høg puls og skjelv i beina. Eg snubla meg opp på stranda og kjende på at eg var utruleg sliten og hadde det heilt fantastisk på same tid!

Turen rundt enda på 16 km. Resten er frå bilturen heim...

Utruleg fin tur. 
Klåre fargar, nydeleg ver, vind i alle utgåver, sol og lys og mykje mestring undervegs. Takk for turen Sygni!