onsdag 8. oktober 2014

Padling i "Øyriket i Romsdal"

3.-5 oktober. Fredag 14.00. Gliset gjekk heilt rundt, og det kjendes ut som julaften! Endeleg skulle eg på Nordøyane med kajakk! Mildrid var klar, eg var klar, vermeldinga sa MYKJE VER og vi lurte bittelitt på om vi var heilt galne.

Fredag 17.30. Harøya, Morsund. Liten kuling og regn. To stk kajakkar. To stk tørrdraktkledde bestemte damer. Skyminga var allereie i gang. No spørs det om undersøkingane i forkant held mål. Kart og satelittfoto var grundig studert, og vi hadde trua på å finne ein grei teltplass på øyene vestafor.

Det var i grunn akkurat slik. 

Tungt å padle i motvinden, men greit. Etter ei stund smatt vi oss inn mellom holmar og skjer som tok litt av for veret. Sandbotn og grunner så langt vi kunne sjå. Først såg vi etter strender. Etterkvart såg vi etter mogleg leirplass. Då vi fekk tenkt oss om såg vi etter livd. På Høgværholmen er det eit bittelitte plantefelt. Det vart vurdert som kveldens beste leirplass. Vi var i land og oppe med telt og tarp før det vart (heilt) mørkt. Knakande god berekning.

Vindmøllene på Harøya hadde nok å gjere. 

Kart fredag. Morsund - Høgværholmen ca 3 km

Laurdag morgon. Ny dag - nytt håp!

Frukost i tarpen. 
Kjekt med tarp når det regna og bles, og det var rett så triveleg inne i buskaset der. "Restauranten" var det ingenting å seie på, både middag og frukost smakte fortreffeleg!

Vi var inne i ei slags lagune, eit stort basseng med små øyer og store holmar på alle kantar. Det var 1-2 meter djupt og sandbotn stort sett over alt. Dette er kanskje det næraste ein kjem Bulandet (eller Smelværet) på desse kantar, og eit utruleg flott område for padling.

Mildrid i laguna

Innover frå Uksnøya

Berre ei av øyene er bebygd, og vi sette kursen mot huset. Vi såg store flokkar med villsau, og brått var det folk over heile øya. Det var sankedag, og skjebnestund: Vere her ute over vinteren eller vere med båten til slakteriet.. 

Bortover her fjæra vi inne og kom ikkje gjennom. Så då måtte vi snu og ta runden rundt Uksnøya på sørsida.

FOR EIT HUS!

Schmidt-husa er teikna og bygd av ein tysk/dansk arkitekt/byggmeister som rasa rundt på Sunnmøre første del av 1900-talet og sette opp praktfulle hus i mur. 

Tunet på Uksnøya

FOR EIT HUS! 
Jadda, eg veit at det vert mykje bilde, men dette huset fasinerte meg berre so aldeles. Her ute kjempa folk med ver og vind og overleving, men hadde likevel områdd seg til å skaffe arkitekthus. 

Det løya og vi runda øygruppa på yttersida.

Uksnøyasiluetten frå nord.

Mildrid i stråleglansen!

Lyset skifta, veret skifta, og det var mange årstider kvar einaste time. Vi tok oss ein sommerleg lunsj i Uksnøy-været før vi sette kurset vidare nordover. Hit skal vi tilbake! Rått på yttersida, idyll på innersida. 

- Tenk om det er ein spekkhoggar her! Mildrid drøymer høgt. Vi låg i jamt sig nordover, sola varma og livet var ganske greit.
-Der er det ein stein som viftar med halen. -HÆ? Jauda, steinane viste seg å vere ganske så levande. 


Stein... - med hale på!

Vi padla ganske nær og let oss drive sakte og lydlaust forbi. Selane tok livet med ro i sola, slest litt med kvarandre, bjeffa og seig etterkvart ut i sjøen. Ein gjeng "ungdommar" stimla saman omlag 15 meter frå kajakkane. Dei følgde oss etterkvart som vi dreiv avgarde, og hoppa og byksa rundt oss. Det var særleg ein leik dei var gode på: Sjå kven som torde seg nærast, og når den som var nærast fekk nok, skulle alle synkront dukke med eit stort plask. Dei vaksne gadd ikkje drive på med slikt, dei velta seg opp på steinen sin att før vi hadde begynt å padle vidare.  

Sel

Sel II

"Vasse" i sel

I mangel på spekkhoggar var det heilt greit med ein selkoloni. Vi takkar for den. 

Nordover i "Øyriket i Romsdal" Ona til venstre - Finnøy til høgre.

Gåsøya. Her var det og villsau. Og tid for lunsj. 

Fin krabat i stranda. (Kan det vere ein dobbeltbekkasin?)

Gåsøya hadde fin strand på austsida. Innover mot fastlandet. Romsdal sett frå sjøsida. Uvant vinkel.

Det var varmt, sikkert meir enn 15 grader. Brått var det heilt vindstille og lummert. Trykkande. Verda vart grå og mørkeblå. Vi var i tvil. Ona eller ikkje? Ver-sjekk på mobil med Jon Oli. Det kjem vind, men ikkje før seinare. Vi la ut med kurs for Ona, og hadde Seterøya som plan B. Vi kom ut i sundet mellom Håværet og Seterøya og måtte bestemme oss. Det var fine forhold framom oss. Ikkje mykje vind, ikkje spesielt stor dønning. God sikt. Bak oss låg det ein mørkeblågrå vegg som kom faretruande fort nærare. Eg kjende 10% tvil. Ikkje tvil om vi ville greie det, men tvil om kor lurt det var.. 4 km opa kryssing, med lite moglegheit for plan B. - Kjenner ein tvil så er det ikkje tvil! - Mildrid er bestemt, og vi set kursen rundt Seterøya. Litt dønning og storsjø kan vi no kjenne på.    

Ona. Så nær, men likevel så langt unna.

Faretruande vegg

På Seterøya ligg det ei knøttlita vik med fin sandstrand og gapahuk. Bortimot verdas beste teltplass. Etterkvart så fann vi ut at bukta låg i le for det meste av vindretingar her ute og. Litt antiklimaks når Ona var ute av bildet, men etterkvart fann eg turgleda på ny øy. Her var det villsau, fråflytta bruk og veldig fint. 

Leirplassen på Seterøya

Rundtur på øya. 
"Veggen" forsvann, sola gløtta fram og alt var berre fryd og gammen.

Uansett kva øy ein er på er det kjekt med leirliv. Vedsanking i dagslys og middagslaging i skyminga. Det var utruleg varmt, og etterkvart tok floa den påtenkte bålplassen vår. Gasslampe, middag, kaffi, dessert, vi lei ikkje stor naud. Høgdepunktet om kvelden var nok då vi tok med "stolane" våre og sette oss på toppen av øya, skrudde av lyktene og såg ut i svarte natta. Husa på Ona, fyr og lykter som blinka i leia, Skip som gjekk forbi. Ein oljeinstallasjon der heilt bakerst? Gløden frå "Ormen Lange" i aust. Det var fint.

Kart laurdagen. 24 km padling.

Det kom vind, og det kom mykje i løpet av natta. Om morgonen vakna vi til frisk bris i frå nord og ein nydeleg soloppgang! (Men med vermeldinga i bakhovudet så førebudde vi oss på andre bollar)
   
Soloppgang frå ein suveren teltplass

Ferga Kvaløy held liv i Øyriket. Sola varma. Eg veit ikkje om ho eigentleg varma, men lyset var fantastisk i seg sjølv. 

(Det vert alt for få soloppgangar. Eg bør kanskje stå opp tidlegare..?)

Før vi var klare til avgang hadde frisk bris i frå nord blitt til liten kuling frå sør. Eg hadde proppa meg med Mildrid sin eminente havregraut, med kanel, sukker, tørka eple og morr til frukost, så eg var klar. Mildrid var klar. No får vi testa oss. Her hadde vi plan A, B og C tilgjengeleg, så det var berre å teste vindkondisen.  

Teambilde for dagen!

Tekst for padlenerdar (om du ikkje er padlenerd, scroll til neste bilde):
Det var tungt men greit over til Finnøy. Vi hadde framdrift, og held 3-4 km/t. Ein pust i hamna gjorde godt. Eg bytta til grønnlandsåre. Det vert meir arbeidsøkter enn tur på slike dagar. Vi padla på innsida av Finnøya og moloen sørover. Kanskje litt mindre sjø, men framleis sterk motvind. Det vart meir vind, og nokre rosser tok godt tak. Eg var lang i armane då vi kom til Steinshamn, men grønnlandsåra gjorde susen. Det var ei verd av skilnad i høve vindfanget i ei vanleg åre. Sjokolade og kort rast i kajakken i hamna. No skulle vi på yttersida. Det verka som det løya litt, og det såg bra ut. Vi la i veg med godt mot. Etterkvart såg vi lykta på Marøya, rett ved bilen. Det var omlag då det begynte å skru seg til. Det kom ikkje som kast i starten, berre jamt meir vind. Mykje vind. Eg kjente framdrifta gjekk ned til eit minimum, men det var framleis greit. Så begynte det å komme kast. Så mykje vind trur eg knapt eg har padla i før. 

I Råvika var det stopp i framdrifta mi. Vi for inn i vika og samsnakka litt. Mildrid hadde meir å gå på, og eg var heller ikkje utslitt, det var berre ikkje nok kraft til å stå i mot. Skal vi gå i land og vente? Ut i frå dei vermeldingane vi hadde fått skulle vinden ta seg opp i tretida. No var klokka halv eitt. Ny sjokolade. - Vi gjer eit forsøk til, seier eg. Vi hadde snakka om tauing, for å halde oss samla og for at eg kunne dra litt nytte av superkreftene til Mildrid. Utpå att hadde det IKKJE løya. Eg padla på, og kom ikkje av flekken. Mildrid knepte på tauelina, men med kort tau. Vindbølgene hadde bygd seg opp, og vi skjønte fort at vi trong langt tau. Det sekundet det tok å løyse ut tauet hadde vi blese heilt opp i svaberga. Her var det berre eitt å gjere. Padle som ein gal baklengs, snu og komme seg innatt i vika. 

Det var berre 4 km til bilen. Eg såg at eg ikkje hadde nok styrke til å padle ned der i den vinden som var. Realistisk sett, sjølv om det var litt surt. Ingen av oss hadde spesielt lyst til å vente i vika. Det ville vere venting på ubestemt tid i timesvis. Så då vart det plan C. Vi snudde, surfa innatt til Steinshamn og ringte etter taxi. Det er jo greit å støtte det lokale næringslivet og. Det tok oss ca 5 minutt å surfe 1 km nordover att. Det er første gongen eg har opplevd at kajakken vil snu seg opp mot vinden sjølv med full senkekjøl ute. Spennande og artig. Risikoen var liten, om vi ikkje meistra forholda hamna vi greit i land og med kort avstand til veg og hus.

Eg tok ingen bilde i vinden, så har "lånt" eit par frå Mildrid for å illustrere:

Innover mot Finnøya. Motvind. (Foto: Mildrid)

Surf nordover att etter at vi snudde. (Foto: Mildrid)

Taxien kom, bilen vart henta og vi parkerte først i fergekøa. Då skein det opp, vinden løya, og det var reine sydenstemninga. Søndagsmiddagen vart Real i sola, og det var heilt surrealistisk at eg måtte snu ein time før på grunn av at eg ikkje kom meg av flekken. 

Happy ending. Syden a la Harøya. 

Fantastisk tur, mykje ver og mykje tenking. Eg synes vi er knakande gode på ruteval og utfordringar utan at det går ut over tryggleiken. 10 km på 3 timar. Denne dagen var det nok til at eg både var litt mørbanka og godt nøgd. Fantastisk padleområde, men eksponert og vindutsett. Vi hadde sett med sjølvsyn kor fort det skiftar, og kor godt austavinden fekk tak på innsida. Nordøyane og øyriket i Romsdal har mykje å by på - hit skal vi fleire gonger! Takk for ein strålande tur, Mildrid! God stemning og godt samarbeid i både stille og stiv kuling!   

Kart søndagen. ca 10 km padling

Alle vindpåstandar er ut i frå faktiske vindmålingar på Ona. For padlinga på yttersida er det nok representativt. Vindmålar står på ønskelista.

søndag 21. september 2014

Fivelstadnibba

21.09 Ny dag, nye moglegheiter. Vi var framleis på hyttetur, og var framleis innstilt på tur.
Fivelstadnibba (1209 moh) bakerst der. Er det håp?

Det gjekk ein kjempefin sti gjennom skogen langs Sætreelva og opp i Sætredalen. Der forsvann stien og det var igrunn ikkje noko veg opp som var meir innlysande enn den andre. 

Blåbær!

Også her var dalsidene fulle med deilige blåbær. 

Er no dette stien?

Store landskap

Bak der ein plass. Toppen. 

Vi på 1036 moh. Ved ein varde. Iskaldt. Ståande brødskiveeting. Kor gira er vi på den toppen? 
Fjella står, og vi vil nyte toppane med utsikt. Fivelstadnibba eller Fjellseter-kaffi-og-vaflar på hytta til Fride? Zimzalabim, og vi var på veg ned att.   

Haustfargar og spennande former

Eit glimt av verdas finaste dal?

Regnboge. Vakkert. 

Klyving opp og klyving ned.
Det var berre ikkje noko sti å finne i denne sida her. 

Flott tur, og fint terreng om ein taklar litt ur! Nytt forsøk på Fivelstadnibba (men då med høgare skydekke) inn på turønskelista.  

Kart Fivelstadnibba

Tusen takk for turen! Fine, våte, kalde fjellturar i nytt ukjent terreng og hyttekos! Eg må framleis overbevisast om konseptet #verdensfinestedal... Så det vert nok fleire turar innover. Veldig kjekk helg!

lørdag 20. september 2014

Verdas gråaste dal?

20.09 Kristin hadde invitert på hyttetur! Kjekt for meg at vennekretsen kjøper seg hytter og har lyst til å samle folk til tur og sosialt samvær. Full bil, fint vær og Norangsdalen ned. Lenge sidan eg har vore her. Eg hadde gløymt at dalen var så RÅ! Vi fann hytta, som verkeleg var ei stashytte altså!

Middagshornet framme og del av Risenosa bak. 

Kristin og Eva driv og overbeviser meg om at at Norangsdalen er verdas fineste dal. 
(Sjekk instagram #verdensfinestedal). Fredag såg det lovande ut. 

Laurdag såg det meir ut som verdas gråaste dal. 

Stålberghornet stod på ønskelista. Konehornet stod på "Meir-realistisk-i-dette-veret"-lista. Vi fann startpunkt og la i veg. Det finst ikkje dårleg ver, berre dårlege klede? 


Stien går opp her, først på venstre side av bekken og høgare oppe på høgre side. 

Ingen fjellturar i denne dalen startar snilt. Her er det effektive høgdemeter. 

Dårleg ver gjev fine fossar!

Over dalen mot Slogen. 

Blåbær!

Overraskinga for dagen var dei fantastiske blåbæra. Store, saftige, søte, og i mengder. Nokre av oss vart litt distrahert innimellom og tilsvarande blå rundt truten. 



Humøret var i grunn greit. 

På eit eller anna punkt, som GPS'en seier var ca 1024 meter over havet, vart det "familieråd". Tjukkare skodde, bratt, sleipt, iskaldt. Konehornet eller kaffi på hotellet? Zimzalabim, og vi var på veg ned att. Trimmen hadde vi fått, og potensiale for nye store opplevingar og meir utsikt var heller lite. Greit med ein samstemt gjeng. Det vart likevel ein verdifull rekognoseringstur. No veit eg korleis eg skal komme meg til Konehornet, Stålberghornet, Jakta med fleire. 

Den glade vandrar... (alt. galne..)

Union hotell Øye. 
Tradisjonsrikt, med spøkelse, Anders Askevold-måleri og blondekantar så det held. 

Ikkje feil med ein kaffi eller tre her. 

...og alle var einige om at det hadde vore ein super tur og ein fortreffeleg dag!

torsdag 18. september 2014

Artig på Alnes trass rullekatastrofe

17.09 Eg starta med å surfe ned trappa heime på berre ein hæl i fin bakoverlent 45-graders vinkel. Det gjorde grueleg vondt. Slim, gørr og dårleg pustekapasitet gjorde at eg nesten lurte på å halde meg heime. Tanken på kva morsomheiter eg DÅ kunne gå glipp av var verre enn smertene, og eg kom meg ut døra.

Alnes låg i skodda. Vi var tidleg ute - og kom oss på sjøen rett før ein haug med surferar på brett. Det var fine forhold, med lang bølgeperiode og fine sett med passeleg store bølgjer og rolege periodar innimellom.

Det var uoversiktlig med alle surferane og forholda var slik at alle spredte seg ut over heile stranda. Eg fekk ein fin surf, prøvde meg med eit høgt støttetak, og gjekk rundt. Det var ingen støtte i bølgja, og ikkje noko luft i lungene. Ut av båten. Cowboyentring. Det gjekk jo fint det altså, men det var litt irriterande. Ny fin surf, passerar to surferar med fin margin, men opsann der kjem det vist ein kajakk frå andre sida... Halvkontrollert velt, som kanskje ikkje var heilt nødvendig, for eg tvilar på om vi hadde kollidert eigentleg. To forsøk på rulle som ender meg at eg må dra meg ut av båten. Grei kameratredning.

Folksomt. Vi ventar på den same bølgja...

Kontrollert rulle. 
Alnes er ein HEILT grei plass å suse rundt på ein onsdagskveld. Eg har truleg verdas beste padlekompisar. 

Folksomt. Slitsomt. 

Den neste timen var eg ute av båten 5-6 gonger. Nye cowboyentringar. Eg testa kontrollert rulle og kom meg opp, men ikkje søren om eg kom opp ved velt. Heldigvis satt eigenredningane heilt som dei skulle, og eg har igrunn aldri drilla det i surf-sone før. Så aldri så gale..... Eg har ein teori om at når den dårleg lungekapasiteten bidreg til kvelningsassosiasjonar under vatn  så konsentrerar eg meg litt lite om rullinga..

Etterkvart samla surferane seg på eine enden av stranda, og bølgjene på "vår" side var perfekte for kajakkar. Kjempekjekk kveld! Det var vanskeleg å gje seg. Då endar det som vanleg med eit kjempestort sett bølgjer og "sentrifugering" av unge lovande. Eg mista både åre og kajakk for første gong denne kvelden, Rett nok ikkje i velten, men den bølgja som kom bak var sjølvsagt endå større, eg var dårleg posisjonert og ho røska med seg alt eg hadde i hendene. Lite anna å gjere enn å svømme mot land og samle opp litt utstyr undervegs. Jason hanka heldigvis inn kajakken min så den fekk ei kontrollert reise til stranda. Det gjeld å gje seg medan leiken er god, og det er som regel 5 minutt FØR eg faktisk gjev meg.

Oppsummering av kvelden:

+ Mange fine surfar, eg har blitt mykje betre på timing!
+ Mykje bedre styring under surf. Har framleis litt å gå på,  men når eg får til kantinga så svingar eg lett begge vegar på same surf!
+ Gode cowboyentringar i surf-sona
+ Mista ikkje surfegleda sjølv om eg måtte ut av båten alt for mange gonger

- Dårlege støttetak (men betre på slutten)
- Elendig rulling (men satsar på at det er eit forbigåande problem)
- Ikkje vett på å gje seg i tide

Den hardaste skaden og det einaste blåmerket fekk eg i trappa heime...

Fint. Finfint. 

Om forholda: 
Vindstille
Vi kom rett før full flo, og leika på fallande sjø
Bølgjelengde etter surfemeldinga: 12
Bølgjeenergi etter surfemeldinga ca 130