lørdag 28. april 2012

Rull og tull på Blimsanden

Padlelanghelg med Askvollbesøk! Eg hadde gleda meg i vekesvis og ALT var "klappet og klart" som det heiter. Laurdagen (28.04) stod vi opp til sterk kuling (19 m/s) og sludd oppover vindauga. Det einaste vi skulle gjere i løpet av dagen var padling og grilling..

Tekstmeldinga tikka inn: HAR de sett veret? HAR de tenkt ut å padle i dag? Er det padlejunkies from h... eller normale folk du har på besøk?

Sidan vi truleg høyrer heime i kategorien normale vart det ein roleg start på dagen, diverse kaffikoppar og diverse måltid før plan B: RULL OG TULL på Blimsanden. Vinden hadde roa seg seg til ca 10 m/s, frå nordvest og rett inn på stranda og det var fine brytande bølgjer.

Blimsanden - magisk sandstrand som skapt for kajakkar!

Her er eg på veg ut. Den største utfordringa var å komme seg laus frå sanden. Det var tungt å komme seg ut i motvind og bølgjer. Innatt kom eg meg fort, på eine eller andre måten.

Litt uvant? Kor tid er det flot her då?

Kenneth er på heimebane og har full kontroll

Etter 1,5 time sentrifugering var det tid for pause. Forbausande blid gjeng med tanke på at Norskehavet har hersa med dei ei stund. Vi var nok meir ute av kajakkane enn oppi..

 Nina i fint driv

Kenneth i bra posisjon

Kjell i farta

Artig, slitsomt, lærerikt. Vi velta både på veg ut og inn. Støttetak til alle kantar. Det var ikkje så lett å berekne bølgjene og surfen. Sand overalt. Alle, absolutt alle musklar i heile kroppen har vore i bruk etter ei slik økt.

Samling i botnen! Her demonstrerar eg ein av dei litt mindre praktiske måtane å komme seg til land på.

På oppmoding er no alle tekstane lagt under bilda. Likar du det slik? Legg att ein kommentar då vel!

tirsdag 24. april 2012

Jentetoppturhelg 2012

19.-22. april var det Jentetoppturhelg i regi Ålesund Skiklubb. Av, for og med jenter i ulik alder og på ulike (ski)nivå, men med felles interesse for tur.

Standalhytta

Det vart ei svært lærerik helg. Dyktige turleiarar plukka ut aktuelle turmål, og forklarte kvifor. Østvendt og vestvendt, snøforhold, rasfare og andre vurderingar. På tur fekk vi mange gode tips. For min eigen del hadde eg stor nytte av gode råd for å lære teknikk for å komme meg ned. Vi fekk og testa bauting (lappespark), gode sporval, og vurderingar av snø og terreng.

Standalen og Sunnmørsalpane på veg heim frå Oslo med SAS 17.04.
Laurdagskvelden kom Birgit frå varsom.no og fortalte om skred. Det var eit konsist og konkret foredrag, og vi fekk skredkort frå NVE.

Dette var ei sosial og triveleg samling som kan anbefalast! Eg har allereie lyst til å vere med neste år!

Meir om dei ulike turane som eg var med på finn du her:

Eg var ikkje med til dei mest kjente toppane (lange turar), men det er noko med det å lære og krype før ein kan gå. Det var fine turar med fine nedkøyringar. Det er berre det at eg har ikkje teknikk nedover, så når det vert litt bratt så går eg i vranglås. Dødsangsten er borte, så no er det vel berre trening som skal til! Snøforholda varierte alle dagane, og kvar tur hadde sitt særpreg.


Takk til super gjeng og dyktige turleiarar for ei veldig bra helg!

Rametinden (1198 moh)

Siste dag på jentetoppturhelga! Skodde, men med gode meldingar utover dagen. Utvasken av hytta gjekk som ein vind. Eg hadde bestemt meg for tur kvelden før, men mange var usikre. Kor kjem det til å lette? Når?

Eg (det vil seie SAS) flaug over Rametind tidlegare i veka, og slik såg den ut på tirsdag

Vi for til Barstadvika og opp mot Erdalen. Her starta vi med skia på ryggen. Vi viste at vi måtte bære skia opp til støylane, ca 300 høgdemeter. Det vi ikkje visste var at "Dagmar" hadde rasert halve skogen, og delar av stien. Manøvrering gjennom granskog med ski på sekken er ei øving i seg sjølv. Det blir ikkje lettare når trea ligg vannrett.

Stor glede med snø!

Det tok ikkje lang tid før vi gjekk inn i skodda. Kristin og Siri var kjente, og Åsa hadde GPS-kontroll, så det var inga grunn til bekymring. Men vi såg ikkje så mykje då. Vi gjekk no der, og prata om at det skulle lette. Eg var heilt sikker på at vi fekk sol på toppen. Innimellom såg vi blå gløtt og siluetten av sola. Det varma.

På veg opp siste ryggen opna det seg mot Jønshornet. Fantastisk fin utsikt. Fotopause på sekundet!

Men det skulle bli med ein smak. Verda gjekk i kvitt og vi brukte GPS'en for å finne varden. "HEI!" stod det i snøen der. Kjentfolk hadde vore oppe tidlegare om føremiddagen. Det var varmt og kvitt.

Vi venta i 10, 20, 30 minutt. Vervindauge let vente på seg. Slaget var tapt og vi måtte nedatt i skodda.

Under skodda var det flatt lys. Eg vart brått svimmel og kvalm. Eg ploga til eg var heilt sikker på at eg stod stille, men verden gjekk trill rundt. Karusellaktig rundt. Skikkeleg ekkelt. Eg fekk henge meg på Siri vidare nedover, og med fast blikk på skia hennar så gav det seg etter ei stund.

Åsa vart uroleg. Hunden gjekk med GPS sendar, og det ikkje bevegelse. Lenge. -Eg må berre gå å sjå etter han. Dette har aldri skjedd før, seier ho. Alvorleg stemning i gruppa. Vi hadde ingen hund å miste. Då to hadde fått på fellene på skia for å leite var det brått rørsle på displayet. Etter to minutt kom det ein glad firbeint i bakspora våre. DET var dagens høgdepunkt. Eg trur alle pusta letta ut.

Tung kram snø, flatt lys og lenger ned var snøen roten. Låra var fulle av mjølkesyre. Då vi var nesten nede såg vi verda i fargar att. Vi spekulerte i om vi hadde vore på den einaste toppen med skodde på i heile Møre og Romsdal. Rametinden var for anledninga døypt "Bomullstoppen".

Til trass for skodda så var det ein fin tur (blå strek på kartet) og bakkane var veldig bra. Lang tur men ikkje spesielt bratt nokon plass. Her har eg lyst oppatt, på ein dag med utsikt og kanskje litt betre føre.

Snipp snapp snute var jentetoppturhelga slutt. Eg har vorte ei erfaring eller to rikare, og takkar før følgjet!


Rambjørhornet (815 moh)

Dag 2 på jentetoppturhelga var grå og trist. Det vil seie; veret var grått og trist. Humøret i hytta var det ikkje noko å seie på. Ut på tur skulle vi i alle fall! Gruppa mi skulle på rundtur Rambjørhornet - Sandhornet.

Kristin klar med splitter nytt splitboard!

Vi såg fjella då vi køyrde ned dalen. I dag var det lenger trasking på traktorveg, omtrent 20 minutt. "Dagmar" hadde sett spor, og sjølv med feller har ein ikkje spesielt godt feste på granbar og bark.


Opp til ein støl og opp dalen. Skavlane hang langs toppen. Vi kryssa elva og gjekk ryggen opp til Rambjøra. Det vart gråare og gråare. Urpu viste oss bauting og vi terpa litt på det. Ho forklarte korleis vi kunne gå utan hel-løftar viss vi valde gode linjer. Ho la sporet slik at eg gjekk med lav hel heile vegen. Det var behageleg og vi såg kor effektivt det var samanlikna med den andre gruppa som var på veg opp.




Det var ganske bratt og laust siste delen opp, så vi fekk bruk for bautinga. På toppen hadde vi kanonutsikt ned til Ørsta. Skodda dekka det meste andre, men eg trur det er bra utsikt til alpine sunnmørsfjell herifrå. No låg toppen på Sandhornet i skodda, og det var lite freistande å gå over ei smal egg og inn i skydekket. Meldingane var tilskyande utover dagen, så det var ingen grunn til å vente for lenge på toppen heller.

Eva på veg opp

Toppen!

Ned er som vanleg trasig. Blaut og tung snø. Eg turde ikkje svinge i øverste del,så det vart litt bauting nedatt og. Irriterande altso. Etterkvart vart det litt slakkare, og då kjem det seg litt. Vi kom akkurat ned då det byrja å regne for alvor. Bra timing!


Sidan turen vart litt kortare, så rakk vi kafe i Ørsta. Denne gongen gjekk vi på "fru Svendsen". Dette er ein super kafè med heimelaga mat og kaker og mykje sjarm i eit freda bygg midt i Ørsta sentrum. Verd ein stopp i seg sjølv! Ann Elin som eig kafeen var også med på toppturhelga. I tillegg til kafè så har dei lukka lag og masse kulturarrangement.  

Super dag vart avslutta med badstu, middag og lysbilder på Standalhytta.


Grøthornet (1058 moh)

Dag 1 på jentetoppturhelga 2012: Grøthornet. Det er ein haug med Grøthorn i Ørsta, så sjekk kart nederst. 5 jenter - flott føre, og fint vær. Betre vert det vel ikkje? 
Vi kunne ta på skia 200 meter frå bilen. Først litt traktorveg, deretter opp gjennom skogen og til slutt i sikksakk opp sjølve fjellet.

Utsikt mot Lisjetinden og Storetinden

Utsikta vart betre og betre. Mot Ørsta, Bondalseidet med Veirahaldet og Saudehornet lengst bak.

Ein kjem ikkje til topps etter flate vegen...
Toppen var ein lang rygg, med skavl mot aust. Eg vert litt skeptisk på det smalaste, men det var sikkert over 15 meter breitt på det aller smalaste punktet også.. Flott utsikt mot fjell og dalar! God tid, høg solfaktor og rikeleg med niste! Ahhh! Herleg!

Kort snutt med utsikta

Team Grøthornet

Så skulle vi ned...Den første delen var brattast, og litt skummel. Åsa viste meg og var tolmodigheita sjølv. TAKK! Så eg kom meg no ned bratta, og kunne begynne å kose meg med resten. Litt flatare og fin skogskøyring til slutt. Kanskje ikkje pudder, men hardt føre med 5 cm tørr laus snø øverst. Jamt føre heile vegen. Ikkje noko lugging eller lureri i det heile.

Dagen var endå ung - så vi runda av på kafè i Ørsta. Heilt greit å sitte i solveggen på Fugl Føniks kaffebar med ein cortado ei stund. Nokon rakk til og med frisøren..


God turbeskrivelse av sommartur på heile rekka Grøthornet - Lisjetinden på Fjellinordvest.net