10.desember Flott ver - og vi heiv oss avgarde. Desember er full av så mykje, så vi pressa inn køyenatta mellom heimekontor, adventskalenderar, julepynting og oppfølging av sjuke folk. Sjølv om vi måtte tidleg opp for å rekke jobb neste dag. Vår aller første hengekøyenatt var i Borgundgavlen, så det passa godt å avslutte prosjektet der. No var vi betre kjent der ute og hadde ein perfekt lokalitet i tankane. Det var stup mørkt då vi la avgarde, men mildt og vindstille.
Viser innlegg med etiketten nattunderopenhimmel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten nattunderopenhimmel. Vis alle innlegg
søndag 20. desember 2020
Desembernatt i naturen
Vi har vi blitt gode på å henge opp køyene! Synnøve ordna med festen - 12 av 12 turar var gjennomført!
Bål på tilrettelagt bålplass. Lysa frå Sula og byen i horisonten. Stjerner som gløtta fram mellom skyene.
"Villmark" tett på byen er gull verd!!
Godt å vere ute. Fin prat. Vi kunne NESTEN ha bada. Puste med magen.
Det vart ei superkomfortabel natt. Passe varmt. Perfekt høgde og vinkel på køya. No kan vi det!!
Morgonlys til morgonkaffien.
Månen stod opp seint, men godt.
Vi rusla oss ut av skogen forbi ei lyssett Borgund kyrkje i blåtimen før sola stod opp.
Adventsstemninga seig på.
fredag 27. november 2020
Novembernatt i naturen
27.11 Best under press! Tidlegare i månaden hadde det vore både sommartemperaturar på 15 grader og full storm. November nærma seg slutten, og vi kjente presset på utenatta. Etter ei kreativ idemyldring landa vi på Taftasundet denne gongen! Klårver og måneskin i ein mørk del av Ellingsøyfjorden var planen. I tillegg satsa vi på så kort gangavstand frå bilen at "kjøpeved" var eit alternativ. I eit tilrettelagt friluftsområde med badeplass, regna vi med at andre hadde fyrt opp rekveden.
Måneskinn
Riggen er klar!
Kveldskosen sikra!
Lys frå Ellingsøya og byen, men mest mørkt
Heilt vindstille. Vi vert nesten satt ut når det er så stilt. Bålrøyken siva loddrett oppover. Det var ikkje kaldt og fjorden låg blank.
Det vart ei god natt i køya! Denne kvelden hang eg beint, og heldt varmen. Då er utenatta best!
Høgt heng vi, men sure er vi ikkje!
Vi var oppe før sola, tente frukostbål og kokte kaffi. Soloppgangen er jammen sein på denne tida av året!
På heimveg. Flott lys.
11/12 i boks.
mandag 22. mai 2017
Høgenibba i Hornindal (1191 moh)
20.05 Om ein klarar å starte helga på fredagen så vert ho så mykje lenger! Vi starta med ein kaffikopp som vart til tre hos Therese, så det vart seint før vi kom oss i posisjon for ei natt under open himmel. Det var så verdt det! Varmt og fint, utan insekt med fuglekvitter og med magisk utsyn over Austefjorden. Dagen etter sette vi kursen mot Hornindal, med håp om å sleppe mykje bering av ski på Høgenibba.
Midnatt og blåtime #skalikkjesovevekksommarnatta
Greit å slå opp auga til dette. #morgonstundhargullimunn
Austefjorden med Eidskyrkja til venstre og Matøskja til høgre.
Vi forflytta oss til Hornindal og det tegna til å verte ein strålande sommardag. Skredsøkaren vart att i bilen, og full dekning med solfaktor vart prioritert frå start.
Vi bar skia opp halve skitrekket. Indre Hornindal i vårprakt
Høgenibba kvit og lovande bakerst der
Lunsj i lyngen med herleg utsikt mot sør. #trivselsfylket
Kvite bakkar og steikande sol. #Bikiniføre.
God plass og stor varde på toppen! Skikkeleg rundskue.
Grodås 1100 meter under oss.
Herifrå var det rare vinklar til kjende fjell.
Djupdykk i kartet var naudsynt. Vi såg lenger enn vi trudde i sør, og kortare enn vi trudde mot nord.
Vidare mot Gjugra og Kvivsdalshornet. Guridalen ned mot høgre.
Landskapet nord for Høgenibba var veldig spennande, eigentleg fjellskiterreng som freista til fleire turar.
Ny utsikt mot Austefjorden - vi står på kommunegrensa mellom Volda og Hornindal
Det skya til frå sør, og vi ville ha godt lys nedover. Gjugra får bli neste gong, og vi sette kursen nedover Guridalen
Perfekte bakkar ned Guridalen, men dessverre verdas tråaste føre. Det lugga og reiv og det var berre såvidt det gjekk framover.
Guridalen - fin plass - og eit skikkeleg snøhol
Vi stod på ski ned til grusvegen og eit godt stykke nedover. Stølane som låg her var skikkeleg fine. Lyset hadde blitt flatt, men både Storesætra og Bruasætra er verdt eit besøk seinare og. Dei har vore flinke til å ta vare på kulturlandskap og bygningar her.
Runden vart på ca 10,5 km og med ca 850 høgdemeter
Vi runda av med is og kaffi på Grodås i 20 (!!!) varmegrader. Skikkeleg helgetur - og mesteparten av helga framleis framom oss!!
Plassering:
Hornindal, Norge
Abonner på:
Innlegg (Atom)

















