Morgonstund har gull i munn. Starta med sightseeing på Finneset (Kabelvåg) med bilen på tomgang for å få smelta fram vindauga. - 10 grader og det har det vore lenge!
Det var 12 stk på parkeringa og god stemning trass minusgrader. Vi la i veg oppover lia, og etterkvart vart det varme i fingrane og tærne.
Etter første kneika fekk vi eit godt blikk mot toppen av Håtinden
Vågakallen vis a vi over fjorden. Rå siluett i morgontimane.
Det var greie motbakkar med broddar og etter kvart stegjarn. Toppen hadde ei aldeles strålande utsikt til alle kantar!
Mot Hov på Gimsøya
Kjempenøgd! Sola snik seg såvidt over horisonten.
Lunsj og soltilbeding. Det gjer så godt desse solstrålane.
Godt skodd. Nøgd med dei nye stegjarna. Ser ut til at eg får bruk for dei framover og!
Retur over kvite vidder og inn i blåtimen.
Magisk lys her nord!
Eg ser fram til fleire turar med Lofoten turlag - aktiv og triveleg gjeng!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar