Viser innlegg med etiketten Austvågøy. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Austvågøy. Vis alle innlegg

søndag 26. mars 2017

Kongeføre på Kistbergtind

26. mars 2017

Eg hadde klaga ein del på dårleg føre i Lofoten og desto finare puddersnø i Troms. Denne søndagen såg "The Ingrids" sitt snitt til å motbevise meg på ALLE punkt. Vi hadde vurdert litt att og fram og funne ei li der vi trudde det var bra snø. Sjølv om det betydde at vi måtte gå store delar av turen i skuggen. Og for ein dag det vart!! Det er ikkje akkurat noko hemmeleg skifjell det her, men det var INGEN som hadde vore der etter siste snøfall. Urørt jomfrueleg puddersnø frå vi steig ut av bilen og omlag heilt til topps.

Vi lagar våre eigne spor...

Utsikta mot Higravstinden og Geitgaljen var fabelaktig

Det går greit å gå i skuggen, når føret er knall og utsikta magisk. Vi held med vilje god avstand akkurat her. Med tanke på det som er utanfor bildet til høgre. 

Eg gjekk dei siste høgdemetrane med stegjarn, medan dei andre gjekk med ski heilt opp. Kjensla då vi bikka kanten og fekk sola midt i fleisen var ubeskriveleg! Sjølve livet. Det var det vi kjente på. 

Oppe så langt vi gadd å gå, ca 550 moh? 



Sjølve Kistbergtinden på 661 moh bak der

Vi måtte ape oss litt og då....Vart reint øsne av vårsola. 

Litt vemodig at tida i Lofoten snart var over. Det var berre å suge til seg inntrykk og utsikt.  

Kongedag - kongeføre

Juhuuuu! Ingrid er klar for FART og MORO

Det vart pudderfest og straka vegen ned til bilen! Beste føret eg har opplevd i Lofoten NOKON gong. Kjempegøy!! Kanskje eg er i ferd med å verte ein skientusiast no? 

lørdag 10. desember 2016

Vatterfjordtinden (576 moh)

10.12.16 TILBAKEBLIKK

Desember, adventstid og korte blå dagar i Lofoten. Ikkje skiføre, men heller ikkje barmark. Vi trengte å lufte oss litt, og midtvinteren har og si sjarm. Vatterfjordtinden, eit stykke nord for Svolvær, var målet, og vi rusta oss med stegjarn/broddar og isøks.

Snø oppå - glatt under

Svakt skjær av sol i sør - ei sol som ikkje nådde opp til oss desse dagane

Det vart bratt etterkvart (Foto: Stine)

Litt klyvete eit parti (Foto Stine)

Sjarmøretappa til toppen, med 30 cm nysnø held vi varmen oppover.

Oppe! Foto: Stine

Trikset på vintertur er å vere kjapp i vendinga og få på seg tørt/varmt

Godt skodd!

Stine hadde med seg stjerneskot og laga god stemning! (GoPro)


  

ca 2,5 kilometer i luftlinje og 570 høgdemeter

søndag 16. oktober 2016

Rundfjellet (803 moh)

16.10.16 TILBAKEBLIKK

Nok ein nydeleg haustdag i Lofoten. Siri var grei og skyssa oss til Kudalen. Vi hadde ei plan om å gå heim att over Rundfjellet. Rimfrosten frå natta matta ned haustfargane, og det var skarpt i lufta. På brukbar sti var det lettgått oppover bakkane, og før vi visste ordet av det var vi oppe på Rundfjellet. Stor varde på toppen og sola varma. Det er luksus å ta lunsjen i skjorteermane i oktober! Vidare var det dårlegare med sti. Ingen problem å gå lyngen ned til Vasskråa, men det var tungt å komme seg opp høgdemetrane att til Tuvvatnet. Verda var farga i gull og orange då vi kom ned til Svolvær - ein nydeleg overgangstur!

Kudalen - mot Higraftinden og Geitgaljen

Mot Vatnfjorden og Sunnlandsfjorden

Siste ryggen opp mot Rundfjellet

Lekker utsikt - Molldøra og mot Hamarøy

Fjellheimen på Austvågøya er eit flott skue frå Rundfjellet

Toppen! (803 moh)


Populære flankar for skikøyring på alle kantar av Rundfjellet. Her ryggen ut mot høgde 650 moh. Vi passerte toppen og gjekk mot sør. Stilaust, men greit framkommeleg.  

Frå Rundfjellet fin rygg ned mot Vasskråa. Vatna i Svolværmarka blenker i sola.

Pust i bakken opp mot Tuvvatnet - tilbekeblikk mot Rundfjellet og ryggen som vi nett har gått ned. 

Kortaste veg over her då?

Svolvær i sikte!


Turen vart totalt ca 9 km og knappe 1000 høgdemeter

søndag 9. oktober 2016

Vågakallen (943 moh)

9.10.16 TILBAKEBLIKK

Det var ein nydeleg haustdag i Lofoten. Dette var kanskje siste sjanse å komme seg på Vågakallen i løpet av 2016, så vi var ein fin gjeng som la avgarde. Ingrid og eg hadde sett bort på Vågakallen frå kontoret heile året, og drøymt om turen. Fjellet stikk seg fram frå alle kantar og er eit skikkeleg landemerke i Lofoten. Vi var litt spente på terrenget. Eit av svaa som ein må over er kjent som "Taket" og det er stadig vekk små hendingar og redningsaksjonar her.

Djupdalen. Sti over halvstore rullesteinar langs vatnet.
I morgontimane var det undersolt og mørkt i dalen, men sola på toppane og klår himmel lova godt. 

Det var ikkje veldig tydeleg sti opp til skaret. 

Opp til skaret var det steinete og laust, og sikkert eit mareritt å gå om sommaren med mykje folk og uvante fjellvandrarar. Denne dagen var vi aleine i fjellet.  På austsida av skaret var det graskledde bakkar og tydeleg sti vidare.  

Mot toppen. Uren luren. 

Taket. 

Eg pingla ut ved taket. Det var ikkje veldig langt, eller veldig bratt, men det er akkurat slike sva som triggar høgdeskrekken min. Eg såg meg sjølv liggande i ein blodpøl nedanfor berga, og let dei andre få gå vidare aleine. Det å ha ein svært levande fantasi har sine sider. Det var uansett ikkje feil å sitte i solveggen ca 750 meter over havet og skue over Vestfjorden og Lofotfjell. 

Mot vest  over til Vestvågøy og Himmeltind 

Nordaust over Austvågøya mot tinderekka ved Raftsundet; Rulten, Higraftind med fleire
   
Sørvestover mot Vestvågøy og Flakstadfjella

Henningsvær og Vestfjorden

Der var dei andre på toppen!

Returen over taket: 
 

Konsentrert gjeng


Då var det samla flokk ned att. Låg sol, strålande haustfargar og ein nydeleg dag på tampen av sesongen.




Djupdalen i solnedgang. 

Alle var nøgde med turen, og eg angra meg ikkje. Toppen ligg der til seinare. Fin tur, men krevjande  terreng. Laust fjell og mykje småstein, sti i renne og nokre bratte parti. Det vil vere glatt å komme seg ned og ut Djupdalen om det frys på, så ikkje rekn med at det er forhold her i oktober. Bruk vett og ha respekt! :)