mandag 11. januar 2016

Skolmen (582 moh)

10.01 Eg fekk tilbod om søndagstur på Skolmen, og slike tilbod må ein berre ta i mot med opne armar. Sjølv om skrotten protesterte litt om morgonen og dyna var varm og god. Startpunkt Unstad - sagnomsust surfestad - der har eg heller aldri vore før.

Unstad var på mange måtar veldig likt Hoddevika. Eg ser potensiale med kajakk på ein litt varmare dag. Surfarane låg allereie uti, men ingen av oss var misunnelege på dei.

Bakerst til høgre dagens mål. Is på vatnet og ei lett etappe innover

Nesten Fræna-landskap. Stranda på Unstad i bukta der nede.
 
Det som såg uframkommeleg ut opna seg. Opp og fram!


Nydelig utsikt mot nordaust og Skrådalstinden.
 
Då vi møtte snøen var det på med stegjarn. Det var bratt og eg var glad for isøksa. På kanten var det som å gå inn i eit eventyr! 

Frå skuggedalar til Soria Moria! Nappstraumen og Flakstadøy

Ryggen vidare mot Skolmen
 
Ryggen var grei å gå, men eg kjente litt på høgdekjensla og måtte konsentrere meg for å ikkje snuble eller tulle det til med stegjarna. Då er det veldig kjekt å gå i lag med trivelege folk, som gjev tips og råd og er tydelege på vegval og tryggleik.
 
Vidare mot Medskolmen.
 
Vi gjekk utover mot Medskolmen. Det vart litt plundrete og klokka gjekk frå oss. I staden for å dele oss gjekk alle tilbake. Eg hadde vel uansett møtt mi grense for dagen. Hit må eg opp att på sommaren, det er berre heilt sikkert!!

Basecamp Skolmen - brukbar lunsjutsikt.

Midt på dagen - sola i sør.
 
Kvalitetstid!
 

 
Ryggen ned på heimveg

Farvel til sola for i dag

Heimveg
 
Returen gjekk greiare enn frykta, og eg vert tryggare på utstyret etterkvart. Skal sjå det vert fleire turar med stegjarn utover.
Fantastisk dag, flott tur og fine folk å ture med. Betre vert det ikkje. Lofoten innfrir!
 
Takk for turen!! :)
 
 
Hugselapp: 1 time og 5 minutt køyring til Unstad

3 kommentarer:

  1. Så flott!! Går jo (nesten) Sunnmøre en høy gang ;-)

    SvarSlett
  2. Fantastisk flott, ren og skjær magi. Takk for titten! Dere er heldige :D

    SvarSlett
  3. Grønn av misunnelse! Tenk for et turår du vil få!! Ej dånæ:) hehe:)) Bare å blogge i vei så oss får lese!!

    Jill:)

    SvarSlett