Viser innlegg med etiketten Siri. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Siri. Vis alle innlegg

søndag 5. februar 2017

Til fots på Festvågtind i februar

5.2.17 Februar er ikkje berre skisesong. Siri og eg hadde begge mange ballar i lufta på kvar vår kant, men trong frisk luft og gløtt av sol mellom slaga. Henningsvær er aldri feil, og vi la turen til Festvågtind med eit håp om at det var lite nok snø til å komme seg til topps - til fots!

Festvågtind

Over Vestfjorden mot fastlandet

Gimsøya og Hoven 

Henningsvær - frå toppen!

Vi kom oss opp, og det var stilt og fint. Det er vakker utsikt til alle kantar her oppe.

Vestover Lofoten - Mosken og Værøy i horisonten til venstre 

Rett ned lia var lettare enn opp!

No skal det vel seiast at Siri hadde teke seg av det meste av sportrakkinga, så eg slapp billigast unna oppover og... Broddar og stavar er kjetk å ha. Nydeleg dag og herleg med vintersol og magisk lys i februar. 

lørdag 4. februar 2017

Smortvarden med Siri (585 moh)

4.02.17

Vinteren ville liksom ikkje heilt sette seg. Både Siri og eg hadde haugevis med arbeid og potensielt stress. Vi klarte likevel å finne nokre vindauge med sol og flotte akkurat passe lange turar denne seinvinteren. Livskvalitet og stressmeistring!


Eit gløtt av sol, snart på det høgaste for dagen

Vårleg i bakkane

Nydeleg, sjølv om det var litt meir snø enn vi hadde rekna med. 

Siri fann vegen og eg kom dinglande etter raud og andpusten i bakkane.  

Varden på Smortvarden i sikte!

Mot Haveren

Er det Vikjordtinden?

Gimsøya med Hoven

Lettare å gå heim att i egne spor. Batteria på lading heile dagen!

Gode minne frå nok ein gulltur i Lofoten!


lørdag 10. desember 2016

Vatterfjordtinden (576 moh)

10.12.16 TILBAKEBLIKK

Desember, adventstid og korte blå dagar i Lofoten. Ikkje skiføre, men heller ikkje barmark. Vi trengte å lufte oss litt, og midtvinteren har og si sjarm. Vatterfjordtinden, eit stykke nord for Svolvær, var målet, og vi rusta oss med stegjarn/broddar og isøks.

Snø oppå - glatt under

Svakt skjær av sol i sør - ei sol som ikkje nådde opp til oss desse dagane

Det vart bratt etterkvart (Foto: Stine)

Litt klyvete eit parti (Foto Stine)

Sjarmøretappa til toppen, med 30 cm nysnø held vi varmen oppover.

Oppe! Foto: Stine

Trikset på vintertur er å vere kjapp i vendinga og få på seg tørt/varmt

Godt skodd!

Stine hadde med seg stjerneskot og laga god stemning! (GoPro)


  

ca 2,5 kilometer i luftlinje og 570 høgdemeter

søndag 30. oktober 2016

Lysfest på Narvtinden (688 moh)

30.10 Søndagstur i vest etter ei kjekk helg på Glåpen fyr. Narvtinden står det på kartet, og i turboka for Nordland er turen skildra som "ein parademarsj for feinsmeckarar". Og det er vi jo!

Slik avrunda vi turen etter ca 5 herlege varierte timar ute i oktobersola!

Starten såg krevande ut. Utsikta frå parkeringa: Tekoppstetten 365 moh framme og til høgre. Austtoppen på Narvtinden bak. Det viste seg å vere lettare enn det såg ut til oppover. 

Første etappe gjekk på svaberg, deretter var det fin sti med utsikt mot toppen

Solbjørnvatnet er stort og opnar opp landskapet

 Dramatiske fjell: Klokktinden med snø på

Kjempestore sva og nydelege haustfargar. Narvtinden kneisar flott ute til høgre.

Gjengen på Tekoppstetten. Dagens første topp, og omlag halvvegs med høgdemetrane. 

På Tekoppstetten med Narvtinden bak. Herleg ver, eg gjekk i berre trøya oppover. 

Det kjem ei byge innover

Hufsete og grått, men..

For eit lysshow vi fekk på vegen! Sola og byga slest om merksemda mellom ville fjell. Det stråla, skein og svartna til i eit virvar av lys, skuggar og strålar. Magisk!

Oppe på austtoppen set Siri og Per straks kursen mot vesttoppen.
Det var nysnø og ei ganske smal egg over til andre toppen.

Tilbakeblikk på austtoppen og Ingrid

Feiring på topp nr 3! 688 moh

Bønneflagg på toppen her og. 

Flakstadrekka med Stjerntinden

Tilbakeblikk på vesttoppen

Det vart lunsj på austtoppen, og reine påskestemninga i sola. 



Lyset var fantastisk og dette var ein slik dag som ein verkeleg kjenner at "batteria" vert lada opp. 

Vi fekk med dei siste variasjonane i lyset på veg ned. Ettermiddagssola var ikke heilt ferdig med showet. 

Kåkernbrua og regnbogar i fleng

Vi snubla i eit par harepusar, dei hadde ikkje mykje kamuflasje denne helga.


For ein dag! For ein topp! Dette er ein ny favoritt i Lofoten. Turen til Narvtinden har litt av alt og går i eit dramatisk og flott landskap heile vegen. 

lørdag 29. oktober 2016

Tindstinden (490 moh)

29.10.16 Helg på Glåpen fyr og vi stod opp til grått og grusomt ruskever. Yr.no lova sol, og vi hadde is i magen og tok ein lang frukost. Etterkvart for vi opp til Vassverket i Sørvågen, og der starta turløypa. Dei første 100 metrane gjekk vi same stien som til Munkebu, deretter tok vi av sørover. Det var merka og god sti, og det skein opp.

Dei første 100 metrane gjekk vi same stien som til Munkebu, deretter tok vi av sørover. Det var merka og god sti, og det skein opp. 

Mot Munken og Munkebu

 Vi gjekk i skuggen mesteparten av vegen opp, med utsikt til toppane som bada i sola.

Kort og grei tur, med kjetting på fleire parti då vi nærma oss toppen. Eg var litt usikker på behovet, men det var fint gjort, og greit å halde seg i. 

Oppe! Og det åpna seg opp! Ågvatnet rett ned

Det er sjeldan eg vert så euforisk av å komme opp på ein topp! Eg veit ikkje om det var gråveret om morgonen, eller det at vi gjekk i skuggen opp, men eg vart heilt ekstatisk av å komme opp i sola. For ein topp! For ei utsikt! Vi var like i havet, og Mosken var nære nok til å nesten ta på. 

Mosken og Værøy bak

Mot Munkebu og Munken

Rett ned til Å!

Stokkvikskaret med Gjerdtindan bak

Sørvågen, med Glåpen fyr ute på odden til høgre.

Lene i Lofoten! Siri fotograferar. 

Vindstille og varmt nok til å sitte lenge på toppen. Sjå og spekulere. Kjem vi oss dit ein gong? Eller kva med den der?

Merete og Per hadde nett prøvd seg på Ertenhelltinden - og skal gjere eit nytt forsøk til sommaren. 

 
Panorama fra Tindstinden - tverrsnitt på Moskenesøya

God sti i bratta

Sørvågen - ei skikkeleg triveleg bygd! 

Støvla, som eg og drøymer om ein dag

Herleg haustdag på fjellet. Vi ville ikkje heim, og somla oss nedover. Merete viste oss Ruggesteinen som vi fekk skikkeleg sving på. 

Dei glade vandrarane

Vel "heime" på Glåpen fekk vi med oss ein magisk solnedgang og gjestane serverte sprudel i hagen. Det er ikkje dårleg laurdagettermiddag i oktober!

Solnedgang over Mosken og Værøy

 
Så runda vi av dagen med kikkerten i fyret, og såg heilt til Røst! 

Tindstinden er verd turen. Mykje utsikt for innsatsen, og litt annleis perspektiv på verda herifrå enn mange andre Lofottoppar.  Meir hav.