tirsdag 19. januar 2016

Kroktinden (707 moh)

17.01 Det vart i kaldaste laget for padling, så plan B vart søndagstur til Kroktinden. Nydeleg boknafisk i godt lag kvelden før, i kombinasjon med ein greit lag nysnø, gav meg ein seig start på turen. Start ved gravplassen i Sydalen, innover ein traktorveg og opp bakken til skaret med kraftlinjene. Vi runda Litlsydalstinden og gjekk opp dalen. Deretter ryggen til venstre som vi følgde rundt og opp til toppen. I dalen og botnen var det mykje snø, og det freista med ski. Kul topp, enkel tur og rå utsikt!

Sydalen og Gimsøya bakerst

Sydalsskaret med kraftlinja

Morgonsola streifa toppane i Vesterålen. Øyriket ved Sunnlandsfjorden rett ned.

Hard økt, men endeleg på siste ryggen!

Kroktinden

Dagens del av "Kroken" - toppstøtet att

Flott utsikt mot resten av "Kroken"

Månelys over ville fjell

Stetind eller Hamarøyskaftet i horisonten?

Sola krydrar dei villaste toppane på Austvågøya - Higravtindan, Geitgaljen m.fl
 
Grei lunsjutsikt, og heilt vindstille på toppen. Bikkjekaldt, og ned mot -10, så det vart kjapp lunsj.

Tøff i pysjamas, men endå tøffare med stegjarn!!

Skikkeleg kule toppar!! Kroktinden ber namnet sitt godt!

På heimveg.
 
Kjempefin tur! Slike søndagar gjev mykje energi!

1 kommentar:

  1. Flotte bilder! Ser du tar for deg av herlighetene der nord :)

    SvarSlett