lørdag 23. april 2016

Trollfjordhytta over

23.04.16 Ingrid og eg hadde fått nyss om ein privat organisert tur: Båt over Sløverfjorden, ski over til Trollfjorden og båt tilbake til Svolvær. Dette måtte vi få med oss!

Nydeleg start på dagen! Vi vart skyssa over Sløverfjorden i småbåtar. 

Skisko og tanghopping er ei interessant øving på morgonkvisten. 

Merka sti og bæring av ski første stykket i Austpollen

Lekkert bjørkeskogterreng innover dalen

Ville i fjell i sikte

I rykk og napp og på lang lang rekke gjekk folk innover til Trollfjordhytta. Det var pausing og prating undervegs. 

Hytta!

Utsikt ned i Trollfjorden. 

Fine ryggar. Braksettinden først og Korsnestinden bak? 

Wallentind/Isvasstind 940 moh.

Eit amerikansk jagerfly (A 10) styrta i Isvasstind 30. mars 1987. Piloten Robert D. Wallen omkom. Redningsmannskapa som bisto etter ulykka ba om at fjellet fikk namn etter piloten.

Trollsadelen (svart vegg bak til venstre)

Påskesteming og sosialt på hytta. Varme i omnen inne, men dei fleste kledde seg i solveggen. Her venta vi til alle var komne opp, og vertskapet baud på ein ein liten ein til kaffien. Det vart ikkje dårlegare stemning av det. 

Oppbrudd og vidare ferd. Flott hytte i stort landskap. Vi kunne tenke oss opp att til sommaren. 

Nedover mot Trollfjorden. Bratt og dårleg føre. Etterkvart kjempelaust og slush til knea.  
Godt vi hadde ein liten ein innabords. Det tok si tid, men ingen var spesielt gode nedover, og det var mykje fliring av knall og fall. 

Skikkeleg glimt av Trollfjorden.

Sightseeing-båten (med alle rettigheiter) på veg for å hente oss. 

Herleg dag og god stemning heiel vegen. No var det berre sjarmøretappa att. 

Turist i eige land. Heilt greit. 

Flott fjell heile vegen ned Raftsundet

Geitgaljen bak til venstre.

Applaus til arrangørane! Flott at vi fekk vere med! Kjekk dag, med mykje luksus og lite slit. Heile bølingen enda på Bacalao i Svolvær til middag og "debriefing". Ut i frå fregner og glis såg det ut som dei fleste hadde hatt ein topp dag på tur! Vi segna om med friskluftssjokk og det vart ein roleg kveld i heimen etterkvart. 

Lilla: Båt. Blått: Ski. Skituren var ca 6,5 km. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar