tirsdag 26. april 2016

Geitgaljen (1085 moh) - take 2

26.04.16. Knallfine meldingar og siste sjanse på Geitgaljen før veromslaget. The Ingrids var klare, og eg hadde lyst, sjølv om energien ikkje var heilt på topp. Ettermiddagen kom og vart grå. Vi for likevel og la i veg. Eg var glad for at dei andre var motiverte, eg såg litt svart på ein lang gråverstur. Oppi første bakken skein det opp og vart berre lekkert. Då steig humøret mitt og. For ein kveld det skulle bli!
Vårskitur = bæring. God sti frå Liland. 

Sol ute og etterkvart sol inne! 

The dog. Ilta i storslag. Våryre ryper og våryr hund. 

Lekkert i bakkane! 

Betre kjent og betre førebudd. Det gjekk som ein leik, og snart var vi oppe ved bollen/bandet. 

Er det verkeleg toppen der borte? Så liten?

Bollen var mykje større enn sist. Det minka kraftig med snøen. 

Stegjern siste biten før sadelen. Sola laga gull i havet. 

Havgull i horisonten

Ingrid klar for siste kneika. 

God stabil snø, nesten ikkje folk og vi bestemte oss for å prøve på siste kneika og. 

Unge lovande med øks og stegjarn og veldig kontrollert. (Foto: Ingrid K.)
Brattare enn det her går eg faktisk ikkje. 

PÅ TOPPEN!!! 1085 moh

Mot Ryten, Vestfjorden og fastlandet

Bø i Vesterålen bakerst

På toppen og vestover Lofoten

Magisk lys. 

Det er ein lite hake når ein ser solnedgangen frå 1000 meters høgde. Så vi tok til vett og starta nedturen sjølv om det var veldig veldig fint på toppen. 

Kontrollert ned att og.

¨
Ingrid køyrer yoga på sadelen. Verda vart skiftande rosa, orange og gyllen. 

Hund i solnedgang

Vi kom oss faktisk heilt ned til bilden før det vart mørkt. Skiføret var så der, noko bra, hard skare nederst. Det spela ikkje så stor rolle. Vi var høge på turen, lyset og livet. For ein kveld!  

   

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar