søndag 17. april 2016

Rundfjellet (803 moh) via Kudalsheia og nordryggen

17. april - Søndagstur! Venners venner tur og endeleg vart det Rundfjellet. Mange har snakka mykje om dette fjellet, og skildringane varierar frå topp tur til keisamt og langdrygt. Vi skulle gå frå nordsida, og der var det snø og ski frå parkeringsplassen.


Start og snø frå parkeringsplassen. Toppen ligg baki der.
 
Skikkeleg vårskitur, breie glis og toppen bakerst.

Kjekt med AVkledningspause på tur!

Kudalsheia

Nest siste ryggen. Flott terreng!

På kanten var det utruleg flott

..og vi fekk denne utsikta då vi kikka over kanten.

Siste ryggen gjekk vi på føtene med skia på sekken. Det gjekk heilt fint til øverst der det var to skritt med skrå bakke. Eg vart veldig feig og tok på stegjarn for dei metrane, men såg etterpå at det kanskje ikkje var heilt naudsynt. Flott på toppen, sol og vakkert. 360 graders utsikt. Dette fjellet har mange ruter og nedfartar, og vi snakka om å dra ned sørflanken og gå opp att til toppen. Etter mykje om og men (beslutningsvegring) delte vi oss i to - og eg og Anja for ned same veg som vi kom.

Hoppebildeseongen er innvilga!!
 
1,2,3 HOPP!

Vestover frå Rundfjellet

Frå varden og austover med øyene Store- og lisjemolla

Flott nedfart og vi fekk fleire hundre høgdemeter med godt føre. Hard skare i botnen, men vi kom oss til bilen med skia på. Dei andre kom ned eit minutt før oss, og hadde også hatt ei flott nedkøyring. Det vart ikkje sørflanken på dei heller.

Vi vrei dei siste dråpane ut av søndagen, tok ei brus i solveggen på Prestengbrygga i Kabelvåg og runda av med teambilde i våren med alle 5. Hyggeleg dag!

:) Humøret held seg i timevis etter ein flott søndagsskitur!

Rundfjellet har så mange kantar og moglegheiter, så hit vert det fleire turar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar