lørdag 9. april 2016

Geitgaljen (1085 moh)

9.04.16 Strålande sol og blå himmel! Vi sette kursen mot Geitgaljen. Som forventa gjorde resten av Lofoten det og... Norrøna hadde teambuildingssamling, og stilte med 4 grupper derifra. Ein folksom dag på fjellet med andre ord. (Eit lite arbeidsuhell med å innstillingane på kameraet, og minimal oppløysing på bilda.)


Skiløype, sti og skibæring i ca 45 minutt

Ser uframkommeleg ut frå botnen

Skibæring i første bratta

Nydelege dalar og alpint landskap openberra seg

Ulikt utstyr, ulike føresetnader og kanskje også kommunikasjon vart ei utfordring denne dagen. Det var greit f.eks greit å ha skarejarn. Ingrid sklei ut og vurderte å snu. Ho ombestemte seg og kom etter opp bakkane. Veldig kjekt at det vart slik, og når enden er god osv ..!

Godt oppe i dalen, Austnesfjorden.
Kvittinden på andre sida av fjorden
  
Høgare oppe i bakkene. Nye grupper på veg opp. Mot Laupstad

Siste to bakkane, bratt og brattare.

Frå lågaste sadelen (ca 920 moh) eller snøfonna eller kva ein skal kalle det. Allereie her var det ei fantastisk utsikt og eit rått landskap på alle kantar.

Her vart det på med stegjarn for meg og Kristin (i fin solidaritet! - Takker!)
Ser folk og "The Ingrids" nede på sadelen.

Eg snur her.. ca 1020 moh.

Kristin og Gunhild gjekk heilt opp. Det var hardt, bratt og veldig mykje folk allereie på toppen eller på veg opp. Eg fekk nok her og venta på ca 1000 moh. Ikkje dårleg utsikt der heller!

Vestover Lofoten

Trolltindan og Vestfjorden - fastlandet bakerst

Tøff skulpturtopp på ranen mot Higraftinden

Hit og berre hårfint lenger. Godt nøgd!

Gunhild køyrer ski frå ca 1000 meter - det ser så lett og lekkert ut!




Folk på veg opp og mange har sett signaturen på veg ned

Sol, fint føre og herleg dag. Flott nedkøyring. Eg gjekk eit heng med stegjarn (heilt unødvendig, men litt lam i beslutningsøyeblikket) og elles kom vi oss heilt end til skiløypa på ski!
Fin-fin avslutning på dagen!

Aprilbad i fjorden var prikken over i-en. Det var så flott her at eg ikkje gadd å irritere meg over dei siste 65 høgdemetrane ein gong. Per sendte trøystemelding om kvelden: Vi går helt opp på Geitgaljen i sommer :) Så det så.

Vill natur og mykje å passe på. Greit å gå her på stabile forhold og skredfare 1.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar