fredag 1. april 2016

Skredtinden og Lyngværfjellet

01.04 Ikkje noko aprilsnar, vi for faktisk på ettermiddagstur. Lange kveldar og fin ver er herlig, og må nyttast! Per hadde sett seg ut ei rute rett opp frå Lyngvær. På kartet såg det ut som fleire toppar og fine ryggar.

Vår i bakkane! Høge kneløft og rett opp frå start. 

Oppover her då kanskje? Fin utsikt over Vestfjorden med ein gong

Skjergarden ved Vestvågøy

Kanten var kul, og den skulle vi følgje vidare oppover.

Skredtinden ca 500 moh.

Fint å gå på ryggen

Sjarmøretappa bort på Lyngværfjellet 638 moh

Det var ein nydeleg kveld, og vi bestemte oss fort og gale for å ta med siste toppen og.

Ryggen mot neste Lyngværfjell på 678 moh og Vågakallen bakerst.

Himmeltinden

Det var litt kludrete bortover, vi måtte ned under ein del hamrar i staden for å gå eggen bortover. 

Tilbakeblikk på 638.

På eit blunk skya det til, vart dårlegare sikt og litt meir utriveleg. Fin vårkveld vart til arktisk vinter. 

Det var lenger bortover her enn eg trudde gitt.

Avgrensa utsikt til vilt landskap frå toppen på 676.

Vi gjekk ned i Merradalen og ut derifrå. Grisebratt ned der, og ein liten stein som lausna for ned og heilt over dalen før den stoppa. Vi tok det veldig pent, og det var godt feste i snøen. 

Kryssing ned dalsida (forsiktig!) 

Lekker kveld, fint lys og godt selskap!

Vi rakk akkurat bilen før det vart mørkt. Strålande inngang til helga og april! 

Endomondokart - ca 8 km og ca 800-900 høgdemeter
At ikkje starten er med er min feil, og at ikkje slutten er med må i-telefonen ta skulda for. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar