søndag 24. januar 2016

Glomtinden på ski (419 moh)

21.01 Ingrid freista med skitur over morgonkaffien. Potensielt siste dagen med snøforhold på lenge! Glomtinden er ein lett, trygg og enkel tur! I full fart etter jobb vart det pakking av ski og feller og halvhjarta skraping av sommarens gule varmvoks. Resultatet var at eg gløymte sekken heime.
Jaja.

Den første kilometeren kunne vi gå utan lys innover vegen. Sjølv om det var overskya var det på ein måte måneskin gjennom skydekket likevel. Oppover ryggen vart det kald vind og rimeleg arktiske forhold ei stund. Skiføret var ikkje noko å skryte av heller. Lite snø, berg og fonner. Siste toppstuntet måtte vi ta til fots, sjølv om det var snø i masssevis. Bratt og tungt, så vi var godt nøgde med å komme heilt opp.
Toppen!

Skikkeleg fornøgd med oss sjølve!
 
Vi tek dalen ned i staden for ryggen, for å få betre snøforhold, tenkte vi. Det var brukbart ned dei første 100 høgdemetrane, deretter vart det tettare med skog for kvar sving. Laussnø, stålkantar mot stein og ur og etterkvart skog. Meir skog. Tettare skog. Vi gav aldri opp, fekk brukt musklar vi ikkje viste at vi hadde og var sannsynligvis dei første og siste som tok akkurat denne vegen ned.... Langt om lenge og etter å ha forsert ein granfelt kom vi inn på vegen akkurat der vi hadde tenkt, og fekk stake ned gamlevegen til bilen.
 
I etterpåklokskapens teikn hadde det kanskje vore raskare å gå med skia på sekken ned ryggen same veg som vi kom. Klart minneverdig tur, med både banning og fliring! (Eg rakk akkurat torsdagspuben etterpå) Håpar det vert meir ski, hovudlykt og snø utover våren!
 
 
Der var vi altså - foto frå laurdagen etter
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar