tirsdag 2. juni 2015

Turleiarkurs med DNT

30.-31 mai Eg har lyst på vinterturleiarkurset til Den Norske Turistforeninga (DNT), og då er det berre å starte på kursstigen. Skorgedalsbu vart samlingspunktet for ein fin gjeng frå heile fylket. Det var spennande og litt skummelt å møte ein haug med ukjente folk. Under presentasjonsrunden vart eg imponert over kor mykje kompetanse og turerfaring som var samla i gruppa. Hest, turn, dykking, klatring, ski i alle variantar, segling, skred, jakt, hund, organisering av fjellfestivalar, telting med småsøsken og toppturguiding med blinde. Det var ikkje måte på kva folk dreiv på med! 

Bli kjent og fyring med bål og kjøkken. 

Med bållukt og sol på tunet var stemninga for helga satt. Det var ein triveleg gjeng, og folk var faktisk ikkje skumle i det heile.  

Helga vart ein fin kombinasjon av informasjon inne, ute og på tur. Tema var kart og kompass, turerfaringar generelt og tips og triks for turleiarar. Grunnleggande informasjon om DNT som organisasjon fekk vi og.

Ut på tur!

Dag 2 - skikkeleg vått men HUMØRET var det ikkje noko å seie på. 

Dag to var det gruppearbeid med turplanlegging og gjennomføring. Det vart våtare og våtare, utan at det la ein stor dempar på stemninga. 


Vått på Løytnantstøylen

Det er i grunn det turleiing handlar om: å vere på tur i lag, dele fine opplevingar, la folk få meistringskjensla og ha noko lunde kontroll på tryggleik og navigasjon. 

Oppsummert inntrykk av helga: 
Enten er turfolk kjekke folk eller så vert ein kjekk og grei av å gå på tur!

Link til Molde og Romsdals turistforening si omtale av helga.  
Takk til Sven og Håvard for kursinga! 

2 kommentarer:

  1. Dette er jo supert Lene:) Har tenkt på det mange ganger selv og nå ble jeg inspirert til å rive meg rundt igjen. :))) Men kan tenke meg det var lærerikt ja:))
    Da leier du deg ut som guide? :)))

    SvarSlett
    Svar
    1. Hiv deg rundt, så kan vi evnt ta dei neste kursa i DNT-stigen på fellesen? Ikkje så hard på å leige meg ut, men kven veit? :)

      Slett