tirsdag 29. april 2014

Leikepadlesesongstart!

27.04. Søndag. Sol. Helga kjentes som ein heil sommarferie! Deileg å stå opp, tasse rundt berrføtt med verandadøra på vidt gap, med morgonkaffien i fleire omgangar og sakte men sikkert gjere seg klar for padling.

Blimsanden. Heimebane! Eg vert glad berre av å komme ut her. 

SiiiiiDEN-stemning. 

Rulla på begge sider. Satt som eit skot. Ikkje heilt sydentemperatur. Planen er vel RETT UT på skjæra då eller? Samrøystes.   

Er det noko som beveger seg her då? 

Det var lite vind og lite dønning. Litt rørsle var det men ikkje noko heftige greier. Meget bra sesongstart. Eg er alltid litt meir pinglete i starten, så greit å starte med kjekke overkommelege forhold. Litt surfing og snirkling ved Langholmen. Timesvis rettare sagt. Eit par kjempestore ørner og eit par havertar held auge med oss. 

Å finne ein ufreda holme for lunsj var ikkje så lett, men vi enda på eit skjer sørom Hildreøyane. Sjøfuglen skal få eggleggingsro. Lunsj og drøs. No har det blitt varmt nok til å sitte ei stund. Lovar godt for månadane som kjem!

Elegant avgang 1

Elegant avgang 2. Dagens dropp. Gjekk veldig bra faktisk.

Ønskeliste: plastkajakk?

Omlag som jegerar som passar mårfellene sine, drog vi frå skjer til skjer og sjekka forholda. Korleis står det til her mon tru? Kva gjorde vi her i fjor? Jaudå, det var slik det var ja. Vi endte opp ved Brimneset der Kenneth var sikker på at det låg nokre fine grunner. Det gjorde det, men dei var ikkje lette å sjå på avstand denne dagen. Det braut frå oss og med sola i auga.... 

Skjera ved Brimneset - ut mot Erkna.

Her var det gode forhold for rockhoppesurf - skikkeleg artig! Eg tør meir enn i fjor og har litt bedre kontroll. Ikkje noko ufrivillig bading heile dagen. Godt å kjenne at ferdigheitene berre rustar litt om vinteren, og at ein ikkje startar heilt på nytt år for år. 

Rockhopping med ein tøtsj av rock. 

Vi for langs land innatt. Flottaste taremarka du kan tenke deg. Eg kan berre ikkje hugse at det såg slik ut? Har eg berre vore der på flo før? Måtte smakast på. 

Trur det var desse to vi smakte på: Butare til venstre (Foto: Naturbasen) og Stortare til høgre (Foto: Øystein Paulsen ). Den siste var best og den første smakte mest. Begge likar seg på utsette plassar som Vestlandet og Nord-Norge. 

Eg er glad eg ikkje skal ete ein heil taretallerk. Vi lurte litt på kva næringsinnhald taren eigentleg har:
I tang og tare, med en fellesbetegnelse kalt alger, finnes alle grunnstoffene. De inneholder minst ti ganger så mye mineralstoffer som planter på land. Tørkede alger inneholder for eksempel rikelig med jod, og 14 ganger mer kalsium enn melk. Alger er rike på vitaminer: A, alle B-vitaminene inklusive B12, C, D, E, og K. Olje fra alger inneholder mye mer A og D-vitamin enn tran. Algene inneholder mellom 4 og 25% proteiner. De har også medisinske egenskaper som antibiotisk virkning, styrking av immunforsvaret, kolesterolsenkende effekt og kan fjerne eller detokse tungmetaller fra kroppen vår. (Nyttnorge.com)

Lærer mykje når ein lurer på ting. Visste du at tare kan vekse opp til 30-60 cm om dagen? Somme artar kan vekse til ei høgd på opptil 60 m! Fleire tareartar er fleirårige og kan verte over 20 år gamle. Sunt for hjernen, blodtrykket, depresjon og ei rekke lidingar (ref: http://www.tangogtare.com/ernaeligring.html)!

Sjekk http://www.tangogtare.com/ for bearbeiding og oppskrifter. MEN og eg berre seier det, det er ein del treff på "tare+lakserende" på google og altså.. 

10 kilometer, men aller mest leik og moro. 

Litt lang i armane på slutten av dagen men for ein fin dag på sjøen! Sesongstart med stil! Kjempeartig!

Når ein endeleg trur at ein har alt utstyr så begynner det sjølvsagt å halte litt. 
Note to self: 
- Kameraet fuskar - krise! 
- Nytt spruttrekk
-Hjelm/hette klemmer for mykje. Tynnare hette og/eller ny hjelm. Sjekk opp.
- Finn ut kvifor det kjem inn vatn både i snopeluka og skottet framme. Har vore knusktørt før. 

5 kommentarer:

  1. Herleg, herleg! Har brukt mykje hjelm i mi tid- også i jobbsamanheng- og konklusjonen så langt er at hjelm gjør vondt for skolten når han sitt på over litt lengre tid.....I grunn så hatar eg hjelm berre på grunn av det.

    SvarSlett
  2. Satt i en varm bunad etter å ha spist for mye kaker og kikket på dere fra Sagabu! Say no more!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Var det mogleg å sjå oss frå land altså? Sagabu er kanskje så høgt oppe at vinkelen vert betre. Tykkjer det er vanskeleg å spotte padlarar frå sjølve sanden. Når ein først ikkje skal padle så er bunad og kake ganske greit det og då! :)

      Slett
  3. Kjenne eg blir sjøsjuk berre ved å lese og sjå bilda om.dropp! :-S høres innmari gøy ut berre, og kan tenke meg at dokke hadde en strålende og våt dag i sola :)) fy flate du er tøff Lene! :-D

    SvarSlett
    Svar
    1. Tøff er relativt, og alt som ein mestrar er lett. Eg droppa ikkje derifrå altså, berre så det er sagt. Eg hadde nok ikkje helde ut eit kvarter ein gong med den beremiesoppakkinga du dreg rungt med, så du er no gangske tøff sjølv og ;) No er vi klar for fjølsanking i Sykkylven utover sommaren!

      Slett