onsdag 23. april 2014

Skorpa - endeleg påskepadling!

21. april. 2. påskedag. Siste påskekrampe. Om morgonen når eg stod opp klokka 06.00 lurte eg litt på om det var verdt det... Havskodda låg tjukk og grå. Kvifor utsett eg meg for all denne tidlege oppstandelsen, pakkeriet, matpakkesmøringa?

Fin start på dagen med sydenstemning mellom Langholmane på Moltustranda. Skorpa i midten bak var målet for dagen.

Er det sesong no?

"Keip" på trebåt til venstre og fjellet "Keipen" på Skorpa til høgre. Tilfeldig? Ikkje i følge Mildrid..

Først over Herøyfjorden til Flåvær. På maks fjøre kom vi oss ikkje gjennom været der vi hadde tenkt, og padla på sørsida utover til fyret.

Flåvær fyr - Skorpa til venstre, Nerlandsøya til høgre. Fyret ligg så vakkert til. 

Flåvær fyr har fått nytt tak og rekkverk på fyrlykta og generelt litt vedlikehald sidan sist. Det er godt å sjå!

Kryssing av Flåværleia neste. Sandsøya, havskodde og Stadtlandet. Skodda var på retur og vi var lite bekymra for den. Nordaustleg vind skulle friskne på utover dagen. 

Herøybruene: Nerlandsøybrua nærast og Remøybrua bak. Godøya med Storhornet bakerst. 

Kryssinga av leia gjekk lett, og her er Nerlandsøya. Ganske fin den og. Vi såg nokre spennande "skuggar" til høgre der som må utforskast nærare. 

I ein steinørken av verbitte øyer ligg husa på Skorpa som ein oase. Magen rumla, det var lunsjtid og perfekt å gå i land her. Fråflytta bygd, men velstelte feriehus og mykje folk som var ute her i dag.    
Skorpa kan mellom anna skryte på seg ein stamme av villgeiter (vi såg dei så vidt - monstergeiter) og ei dramatisk krigshistorie. 


Målet var Skorpa rundt. Med magen full av mat og nasen full av nye fregner sette vi kursen sørover langs øya. 

Sørspissen

Her var det litt meir dønning, grovare sjø og litt meir vind. 

Svinøy fyr i horisonten. Lokkar og dreg, men ikkje i dag.  
Zoom, så det ser kortare ut enn dei ca 10 km som det faktisk er ut dit. 

På vestsida var det som dei fleste vestsider eg har padla: Skjer, brott, stor dønning, kvitt skum og goldt. På kartet såg Storevågen ut som ei lekker lagune. Nødhamner og potensielle teltplassar må sjølvsagt sjekkast ut. Vi fann den, og den var ikkje lekker og ikkje lagune. Verhardt, eksponert og full av søppel. Det vart ikkje engong bilde av den.  

Omlag her begynte eg å kjenne på dårleg magekjensle. Sygni og Mildrid var komfortable, tok bilde og fjasa på. Vi har alle vore ute i større forhold. Det var i grunn ikkje noko å sette fingeren på. Nok erfaring, god gruppedynamikk, godt utstyrt. Eg kjende likevel på at no frikar eg litt ut og her har eg IKKJE lyst til å vere. Eg hadde i alle fall ikkje lyst å snirkle vidare mellom brotta som berre vart større og meir komplekse nordover. OG EG KUNNE IKKJE FORKLARE DET RASJONELT! 

- Ehhh, dåkkke? Skal vi snu eller gå rundt? - Eg har ikkje lyst. Eg er ikkje "på" for dette i dag, seier eg. Det er i slike stundar eg skjønnar at eg har verdas beste padlevenner. Dei tek meg på alvor, og seier kontant at om alle ikkje er "på", ja då snur vi. Ingen ekle spørsmål om kvifor og korleis, eller krav om skjerpings for dette er då å rekne for eit barneskirenn.  

Vi rundar sørspissen att og får nordavinden i fleisen. Det som var flatt hav for ein halvtimesidan har blitt halvmeters vindbølgjer med litt kvitt på. Padlinga mot bebyggelsen var grisetung, og all småangring over å snu forsvann. Når nordausten (frålandsvind) frisknar skikkeleg til er det greit å ikkje vere heilt ytst. Vi tok ein ny stopp på Skorpa, i same naustveggen. Plan A og B, sjekke på kartet, justere antrekk, på med meir klede, tvangseting av sjokolade og andre naudsynte ærend. 

Vi ser middagsselskapet til Mildrid gå fløyten og er mentalt førebudde på timar med blodslit innatt. Vel utpå løyer det litt, til omlag det som er meldt og som er heilt overkommeleg padlemotstand. Mentalt skrur vi over frå motvindskrig til sightseeing att.  

Det var desse skuggane på Nerlandsøya då. Ser ut som grotter?

Katedralaktig, men ikkje padlbar. 

Greie forhold med "passeleg " motvind innatt til Flåvær. Liadalsnibba markert landemerke på fastlandet. 

På Varholmen dreiv dei med påskesyslar og feriestemninga slo i mot oss. 
 Ingrid kjente oss att med hjelm og solbriller (godt gjort!), og det var kjekt å slå av ein prat.

 Godt å lande på Moltustranda, og vi berga både middagsselskap og ferje med stil.  Takk for ein innhaldsrik og lærerik tur! 

Kart over løypa. 22 km.


Sommarfjøsen/hytta til Shetland-Larsen som vart brukt under krigen for å gøyme motstandsfolk som skulle ut av landet ligg omlag midt i Skorpesundet. Det får bli neste gong. 

11 kommentarer:

  1. Hallo! Klart det kan forklares rasjonelt - dagsform, heter det. Dagsform er høyst relevant og bør høres på - kommer ikke helt sjelden til uttrykk via magefølelse. Kloke damer som tar det til etterretning uten videre dikkedering.

    (Det er SÅ mye bedre med folk som sier ifra, enn disse (ellers ofte kalt menn?) som bare tuter på fordi de ikke vil pingle, og så ender det med alskens styr fordi de på forskjellig vis ikke takler forholdene - om så bare den dagen.)

    Ikke dvel mer ved det, du heller, følg kloke damers gode eksempel. Sånn var det bare, den dagen. Klokt valg. Basta.

    SvarSlett
    Svar
    1. Skal ikkje kaste vekk energi på dveling nei ;). Dagsform er ein ting og underbevistheit noko anna. Mogleg eg la saman nokre faktorar der som eg ikkje greidde å sette heilt ord på. Uansett super tur og padlekompisane fekk store stjerner i boka. :)

      Slett
    2. Nå har jeg dvelt ved dette og et par andre ting en stund, så nå har jeg tatt med en liten tirade i det siste innlegget mitt. Linker hit siden dette satte tankespinnet i gang, så da vet du det hvis det plutselig kommer masse folk ramlende inn her... ;)

      Slett
    3. Den er go! Lett å møte seg sjølv i døra når det gjeld desse tinga. Teori og praksis går ikkje alltid hand i hand. :)

      Slett
  2. Klokt val, ja! Viktig at alle er med. Det at nokon hiver seg på ting dei eigentleg ikkje er komfortable med, kan skape farlege situasjonar.. Hadde de slepetau med?

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp, tre stk slepetau med og på i gjerningsøyeblikket. Sjølvsagt. Skriv vel ikkje godt utstyrt elles. ;) Det som EG lærte mest av var reaksjonen til mine medpadlarar. Er eg like grei når ANDRE har ein dårleg dag? Det skal eg jammen prøve å vere..

      Slett
  3. Tusen takk for stjerner, Lene ;) Turen blei heilt topp den, og det skadar på ingen måte å måtte padle ditt ein gong til :)

    SvarSlett
  4. Har lest både Padlemia og din blogg, via link fra henne.
    Fin lesing det er.
    «ingen skam å snu» gjelder absolutt også på havet.
    Og tørre å si det i tide!
    Man er tross alt på tur for kosen sin del, og «målet» er ikke livsviktig å nå.
    Og med fralandsvind ville nok jeg også avslå en tur 10 km ut i havet.
    ---
    Dagsform er viktig!
    Noen dager er bare moro å padle i rotsjø, andre dager er ekkel bare det skvulper litt over båten.
    Kan sies slik:
    «Hvorfor er det så tungt i dag? Det var jo verre forhold sist gang, og da bare koste jeg meg.»
    Har etter hvert forstått dette for min egen del, og er blitt mer bevisst å kjenne etter min dagsform, og forstå at også andre har det likeens.


    Hilsen PadleRemi fra Vesterålen

    SvarSlett
    Svar
    1. Heisann PadleRemi! Takk for reflektert kommentar. Rart med det. Padling er meir enn padling. Innimellom kan ein nesten finne på å tru at det gjev litt sjølvinnsikt og. ;)

      Slett
    2. Kloke ord fra Remi - du ser Lene, har noen sånne her også. :) Kjekke folk!

      Slett