29.03 I etterpåklokskapens teikn kan eg ikkje skjønne kvifor eg var så nølande til å vere med Ragnhild og Sigve på Strandafjellet. Det er heilt klart det luraste eg har gjort i dag.
Paviljongen på toppen av stolheisen på Fursetsida. God stemning.
Kva gjer det vel med ein dag i skitrekk når utsikta er slik?
Mot Sykkylvsfjella; Høgenykjen og Langfjella med Urfjellet og Hammersettindane bak.
Det var rikeleg med plass i bakkane...
Artig dag, topp stemning, varme i sola, fint føre...
......i godt selskap! Betre vert det ikkje. Påskestemning på Strandafjellet og på Valderøya er våren i sving med pyntinga.
Takk for turen! Veldig kjekt!
Svele på ferja og panikkplanlegging av ny tur....
(I eigne auge har eg blitt veldig mykje betre til å stå på ski sidan i fjor. Lene - ski 1-0)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar