tirsdag 18. mars 2014

Dekk-trekking

8.-9. mars. Grisever. Skarvegen. Dekk på slep. Pulsen er jamt høg. Skritta er målretta. Tankane flyg. Ein svel nokre kamelar etterkvart som ein vert eldre. Eg hadde aldri sett for meg at eg skulle fare etter vegane med eit dekk på slep.

Midtlivskrise, mangel på vinter og ein god dose gruppepress kan bøye svakare sjeler enn meg. Så her går eg. Eg og dekket mitt. Lidun og Mildrid har allereie gjeve namn til dekka sine. "Dekk-Ulf" og "Miss Piggy" får lufta seg på Flø rett som det er. Eg funderar og tørkar svette frå panna. Oppover bakkane er det tyngre. Ikkje pokker om eg klarar å komme eit namn på det der dekket.
 
Korleis har eg hamna her?

Fungerer det faktisk som trening då? Etter testing av pulk på snøføre så innser eg at det er akkurat dei same musklane som er i bruk. Då er det sikkert lurt. I mangelen på snø sjølvsagt. At pulsen er høgare enn ved vanleg gåing er eg heller ikkje i tvil om. Dette er det andre som har lurt på og, så "Norges Helsehøyskole" driv og forskar på dette no. Fasiten på effekt av dekk-trekking kjem altså i løpet av 2014. I mellomtida er det berre å lite på Børge Ousland: - Det er det seige draget som tel. Å trekke dekk styrker musklene i rygg, rumpe, legger og lår, og det bygger karakter, seier han.

Det er også greit å ha ein entusiastisk far som uansett påfunn berre hankar fram egna reiskap og tilbehør i syrefast stål. Montering av holskruar på dekk gjekk som ein vind. Dekk var det rikeleg av bak løa, og i varierande storleikar om motstanden skulle verte i minste laget. Eg starta med eit bildekk. På flatene gjekk det greit, men opp siste brattaste bakken før vatnet måtte eg jobbe skikkeleg.
 
Demma på Skarvatnet! Eg og dekket mitt. 

Humøret stig. No er det berre nedoverbakkar heim att!

Det vart trekking frå "Storskiftet" til Skarvatnet både laurdag og søndag denne helga. Eg brukte 65 minutt begge dagar, sjølv om eg trudde det gjekk mykje fortare søndagen.. (6 km t/r og 150 meter høgdeskilnad).

Eg humra godt då eg las artikkelen til Knut Langeland i Bergen Tidene:

"I Nordmarka treffer du dei rett som det er, og dei skjemst ikkje eingong. Folk med bildekk på slep. Kanskje skal dei kryssa Grønland. Kanskje skal dei berre over ein kolle i nabolaget. Uansett er det sosialt akseptert om ein skal på ekspedisjon av eitt eller anna slag, å trekkja bildekk etter grusvegane.

I Hardanger er terskelen for bildekktrekking noko høgare, og karane som nett no er på veg langsmed Fitjadalsvatnet, har ikkje noko påtrengjande ønskje om å treffa folk. Kjem det ein bil, legg dei hovudet på skakke og gjer sitt beste for å kamuflera identiteten.

Å trekkja dekk er ikkje stovereint. Å sløsa med kreftene er det låg toleranse for i Hardanger. Her er for mange brattar og for mykje arbeid å bruka kreftene på. Iallfall om ein ser historisk på det."

Det er nok ikkje berre i Hardanger at terskelen er noko høgare. Denne helga kom eg meg over både dørstokken og dekk-terskelen.

9 kommentarer:

  1. Hei Lene, heia, heia!!! Eg synes forsåvidt det er like greitt at det ikkje let seg gjere å trekke dekk opp fjelltrappene…..

    SvarSlett
    Svar
    1. Trur det er like tungt å gå emd sekk - så køyr på i trappene du! :)

      Slett
  2. Åhahaha digger bildet av deg:))) kjempetrening å gå med dekk:)))

    SvarSlett
    Svar
    1. Blinskot ja... ;) det gjer vel godt, satsar på det.

      Slett
  3. Du får kome deg til Askvoll igjen. Her driv vi ikkje med sånt tull. Anna tull, men ikkje slikt. ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tanken har slått meg... ;) Artig å følgje med på rullefronten for tida! Supert at du legg ut videosnuttar frå stunta dine!

      Slett
  4. Inspirert! Eg trur eg spontankjøper meg ein lavvo etter å ha bladd i bloggen din!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt om du finn inspirasjon her! Lavvo er kjekt om ein er fleire, og teltliv kan anbefalast! :)

      Slett
  5. Seriously? Nå har det bikka over altså. Jeg kommer på særdeles mange bedre turkompiser enn et dekk. Det der får dere meg IKKE med på, det er i hvert fall sikkert.

    Som om ikke det er tungt nok å komme seg over dørstokken uten dekk, liksom.

    SvarSlett