tirsdag 13. august 2013

Grunnkurs bær i Synnøve Lundes uteskule

Har ein sagt A må ein seie B. I ein passeleg bisetning spør Synnøve: -Vil du vere med til Østerdalen på bærplukking i helga? Det ville eg jo når eg fekk tenkt meg om. -Ja gjerne, seier eg (sjå på det som A..)

Hanestad gamle skule (inneskulen)

Eg hadde høyrt litt om restaureringsprosjektet til Synnøve og Roar, men var likevel ikkje førebudd. Den gamle skulen (originaldel frå ca 1880) var enorm, staseleg og fantastisk fint restaurert og møblert. Noko godt arbeid står att i andre høgda, men for eit praktbygg! Det var ei ære å vere gjest her, og vertskap og bevertning stod i stil med bygget.

Utsikta frå hagen; Glomma, "Bratten" og uendeleg med bærterreng.

Eg hadde vel heller ikkje på førehand fått med meg at det skulle vere enorme mengder med positive familiemedlemmar som bidrog med lokalkunnskap, guiding i dei "Tobroske" skogane, gode historier og veldig hyggeleg selskap. Kjekt å vere fleire på bærkøyret! 

..og for nokre bær!!!

Blåbærskog nr 1. 

Alle stadnamn i området høyrdes ut som variantar av "Brattbekkstugguliaknatten". Eg gjorde det enkelt, og stolte blindt på guiden. Do as the locals.

Nok til alle!

Blåbærskog nr 2. 

I blåbærskog nr 2  var det om mogleg enda fleire og større bær, på eit teppe av mjuk og kvit reinlav. Surrealistisk å plukke blåbær mot kvit bakgrunn. 



Vakkert. 

Sidan eg var på "grunnkurs" i uteskulen plukka eg reint og for hand. Dei på vidarekomne kurs og professorat plukka sjølvsagt enorme mengder med bærplukkar og sveipa over terrenget med målretta bærblikk. 

Eg får skikkeleg kick av så mykje og flott bær. Det er ein meiningsfull aktivitet å hauste av naturen og sommaren sitt overskot. "Krydder" i uteskulen var observasjonar av hjort, elg og rein, og jammen såg vi ikkje eit rådyr på veg heim. Ei stor flott røy fekk eg og sjå på kort hald. Ok. Greit. Eg innrømmar det. Det er fint i Østerdalen, sjølv om ein ikkje ser havet. Det går an å stoppe her for ei helg eller to. 


Mine resultat på grunnkurs bær: 12 liter heilt rein blåbær, 1,5 liter villbringebær og 2 liter molte. Blåbær er artigast. Har dessutan ete spekesild. 

På måndag, då eg draksa eit splitt flett nytt frysesskåp inn i rekkehuset mitt, så var det innlysande at det ikkje berre er bæra som begynner å verte moden.... 

Det hadde sjølvsagt vore storskryting av eigen innsats undervegs på instagram og andre dertil egna kanalar. Så ein av kollegaene mine sette fram krav om blåbærmuffins til morgonkaffien. Eg fekk forhandla meg fram til utsetting til tirsdag. 

Mine vennar Google og Tine utstyrte meg med det naudsynte teoretiske grunnlaget. Måndag kveld var det svett, ampert og personleg rekord i husmorfakter i rekkehuset.  

Eg starta med ein stor bolle blåbær med vaniljesaus til direkte konsum. Viktig å få opp blodsukkeret.

Faktisk forskning 1: Tørka blåbær
 Legg utover på brett (dette var jo lett). Romtørk i 2 døgn (kjem attende til denne prosessen).

Eg har planar om å ete meir havregraut generelt og særleg på tur. Grauten trur eg vert bedre med store mengder tilsettingsstoff som til dømes blåbær oppi.  

Faktisk forskning 2: Blåbærmuffins
Følg oppskrift - sett i omnen

Blåbærmuffins. 

Resultatet vart bra, og smakte veldig godt. Kollegaene sette pris på ein smak til kaffien. 
Har ein sagt A må ein seie B. Nett no kjennes det ut som eg har vore gjennom halve alfabetet... 

Takk til Synnøve og Roar for ei fantastisk bærhelg på Hanestad og til Kristin for eit velplasssert spark i husmor-rumpa!


Oppskrift Blåbærmuffins
(modifisert frå Tine.no)

4 egg
3 dl sukker
10 dl kveitemjøl
4 ts bakepulver
3 ts vaniljesukker
3 dl vaniljeyoghurt
2 dl smelta smør (ca 200 gram meierismør)
5 dl blåbær

Framgangsmåte:
1. Visp eggedosis
2. Rør inn yoghurt og smør i eggedosisen. Bland inn det tørre. Vend inn blåbæra til slutt.
3. Midt i ovnen, ca 200 grader, ca 25 minutt

Dette vart 24 store muffins.

3 kommentarer:

  1. Kult og veldig god gjengivelse av realitetene i de østerdalske skoger. Og ikke minst flotte bilder. Faktisk så gode at vi neste år skal vurdere å ta deg med til de stedene der det virkelig er mye bær..... (dvs de stedene som vi som vertskap vanligvis holder for oss selv) !

    SvarSlett
    Svar
    1. Det lovar godt til neste år! ;) Eg og søstersen er og i ferd med å lese oss opp på Harr.

      Slett
  2. Hei Lene!

    Bloggen din har fanget vår oppmerksomhet på grunn av kvaliteten av oppskriftene. Vi ville bli glade hvis du ønsker å bli med i Alleoppskrifter.no, slik at vi kunne koble til den.

    Alleoppskrifter er en søkemotor som samler de beste norske matlaging nettsteder og blogger fra Internett.

    Flere hundre blogger er allerede registrert her og dra nytte av den trafikken vi sender til sine nettsteder.

    For å bli med Alleoppskrifter, bare gå til http://www.alleoppskrifter.no/ga-med-i-matbloggtoppen

    Ha en fin dag!

    Vennlig hilsen,
    Elin
    Alleoppskrifter.no

    SvarSlett