søndag 10. februar 2013

Bortoverskihelg - Svartløken og Skalleløypa

Februarhelga 9.-10. vart nesten som ein mini-vinterferie. Kaldt i Ålebyen. Det er nesten utruleg å vakne opp til -4 og strålande sol to dagar på rad - og det attpåtil på helg! nesten som å vinne i Lotto.

Vintermorgon i Ålebyen som skrik: Finn fram skia og kom deg ut!

Nydeleg i skogen

Laurdagen for Kristine og eg til Ørskogfjellet og gjekk løypene til Svartløken og Tomrefjordhytta. Mange kalde grader, flotte nypreparte løyper og vakkert vinterlandskap.

Påsketurist nr 1

Påsketurist nr 2

Med breie glis og aukande nasjonalromantisk stemning suste vi avgarde. Rett nok suste det eindel unge lovande forbi oss med skøyteski, men eg nekta å la det gå inn på meg. 

Tomrefjordhytta

Dagens mål, med lovnad om "full gaffel". Det er HTC-språk for ein vaffel. Tomrefjordingane kan dette med skihytte. Folk var blide, vaflane gode, og vi fekk med oss Emil Hegle Svendsen ta VM-gull i skiskyting før vi for heim att.

Eg vert litt glad for å vere norsk når eg ser kor mykje folk som går i skiløypene, er på skihytta og kosar seg med nistepakke med grovbrød og brunost. Det er ein fin tradisjon. Det er kjekt at det er SLIKE ting som gjer oss glade.

Frostadtind.
Ikkje i dag, men snart..?


Vi kunne skryte på oss over ei mil på ski (11,2 km), og var godt nøgde.

Søndagen hadde eg beslutningsvegring, men endte opp åleine på Sula. Det var slett ikkje noko dårleg val på ein litt dårleg dag. Fine løyper og fantastisk utsikt.

Porten til Sulafjellet.

Eg får alltid lyst til å lage eventyr når eg kjem til "porten", og ventar på at det skal dukke opp eit troll her.
 Eg testa delvis ei skogsløype oppover lia, men då eg møtte sporlagaren på veg ned snudde eg og. Litt lite snø og veldig laust i terrenget. Veldig mykje lettare å gå i dei oppkøyrde løypene.

Rollonhytta

Rollonhytta er veldig fin og ligg fantastisk til. I dag var den stengt, men når det er betjening her så har dei verdas beste buljong.. Skal, skal ikkje. Kort realitycheck. I dag orka eg rett og slett ikkje å gå på Vardane. Tok av fellene her og for ned på Taustua rett nedanfor for lunsj. Der var det fyr i peisen, kiosk og god stemning.

Fine løyper på Sula! Solvendt og med strålande utsikt.

Frå Taustua tok eg Skalleløypa (jf skilting) nedatt. Det vil seie delar av denne. 

Skalleløypa var artig å fare ned. Nesten ingen folk og flat nok til at eg berre kunne stå heile vegen med bittelitt staking på dei heilt flate partia. Mykje kjekkare enn å ploge seg ned mellom folk, hundar og akebrett på den vanlege skogsvegen.

Utsikt mot Kolåstind.

Det vart over ei mil på ski på søndagen også.
For meg som ikkje er oppvaksen her er det artig å gå desse løypene. Eg er heller ikkje vant med tilrettelagte vinterløyper, så det er faktisk stor stas med preppa spor og merkte løyper. Skikkeleg pudderkvalitet på snøen no, så reknar med det er nokre begeistra tuppturentusiastar etter denne helga.  

4 kommentarer:

  1. Du er en virkelig friskus på ski! Eg er på nybegynnerstadiet enda, med pulken på slep. Er som gele i beina i nedover bakke, og misunner litt dokke som berre fyker avsted og nyter skia ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er nok litt gele her og.. Har lite erfaring med ski, så begynner no med løyper og lette turar for å legge grunnlaget. Pulk er nok ei utfordring, har aldri prøvd, men ser for meg at det er genialt når ein skal ha med masse stæsj eller småttingar på tur.

      Slett
  2. Imponerande bilete. Postkort? --Idar

    SvarSlett
  3. Ja, det har vore både vinterferie og påske på ein gong dei siste dagane...:) Såg ut som kjempeflott turområde, og veldig kjekt å bli kjend på nye stadar. Og med utsikt til vakre Sunnmørsfjell, så må det jo berre bli perfekt!

    SvarSlett