fredag 22. februar 2013

Stordalsfjellet på skareføre

Vekkerklokke. Spenning. Sjå ut glaset. JAAA! Stordalsfjellet (752 moh) frå Skjerlia var målet. Ingen kunne vegen eller visste kor lang tid det tok, så i dag dag hadde vi både GPS, kart og kompass (og hovudlykt).

I Skjerlia stod turkameratane klare, og eg sleit med beslutningsvegring. Fjellski (som Nina) eller randonee (som Leif)? Elle melle. Randonee.

Frå Norddalen ned mot Markavatnet og utgangspunktet

Norddalen stod til forventningane. Relativt bratte bakkar oppover, men for eit vakkert kulturlandskap! Ei hemmeleg perle i Askvollfjella.

På veg opp dalen i vakkert kulturlandskap

Mot toppen av dalen vert landskapet villare og råare

Norddalstjerna. Her begynte alvoret. Skråberga rett i mot.

Kryssing Norddalstjerna

Skrå svaberg om sommaren. Det såg ut som litt av ein monsterbakke no. Det var ikkje så gale når vi fekk begynt på bit for bit. Her gjekk vi oss på skispor og fotspor. Gjetteleik på kven dette kunne vere? Fasiten står jo truleg i fjelltrimboka på toppen...

Leif mot toppen av skråberga

Då vi kom opp i skaret vart vi litt forvirra. Eg har kun gått andre vegen på sommarføre. Skispora gjekk ikkje heilt der vi hadde tenkt løypa. Kva hump er eigentleg Stordalsfjellet? Alle humpar var like og kvite. GPS og kartsjekk. I grunn like kloke. Så då gjekk vi berre i skispora til dei andre.

Sjølvsagt gjekk spora til Stordalsfjellet. Sjølvsagt kom vi oss opp. Sjølvsagt vart det teambilde og "innskriving" i boka. 30 poeng takk. Sjølvsagt hadde vi tippa rett på sporlagarane.

Nina på veg opp på rette humpen

Leif på toppen av Stordalsfjellet

Dagens teambilde

Så var det slutt med det sjølvsagte. Vi skulle ned. Eg var nervøs. Litt vondt i magen. Hard skare heile vegen, men ikkje knallhard.

Heldigvis skulle vi ete litt først i ei solhelling. Vigdis og co hadde laga sofa i snøen som vi utvida litt og leika påsketuristar på. Litt mindre varme i sola og litt kortare enn ein påskelunsj.

Utsikt frå Stordalsfjellet austover mot Blegja, Storehesten og Kringla

Vi fann vår eigen variant av løype ned. Randoneeski var tingen. Det gjekk kjempefint sjølv om det var skare. Nina gjorde ein hederleg jobb og hadde litt større utfordringar på fjellski, men alle kom seg heilt ned med skia på!

Norddalen- Stordalsfjellet var meir enn godkjent som ein bra skitur - her vil eg gjerne gå att med pudderføre. Fine bakkar og flott terreng!

GLIIIS! Eg har nagla fjelltrimtopp nr 3 for sesongen - Stordalsfjellet bak.

Det er herleg å ikkje vere så redd lenger når eg skal ned med randoneeski. Eg har framleis mykje å gå på, men bekymringane på toppen var grunnlause.

Sjølvportrett i skibrillene til Leif

Takk for i dag - takk for turen!

6 kommentarer:

  1. Fin tur ser det ut for og fine bilder. Grattis!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Stor stas å klare "runda" no når eg ikkje bur i Askvoll fast lenger..;)

      Slett
  2. Ah.... :) flott tur Lene! Såg herlig ut (og lar være å tenke på skare)Nydelig natur og blid turgjeng :)

    SvarSlett
  3. Ja, dette var ei hemmeleg perle for meg også! Flott terreng og fine bilete!

    SvarSlett
  4. Eg får så lyst på tur! er imponert over alle turer du er på, til vann og til fjells. Blir helt inspirert til å komme meg ut,- i mange av de områdene du har besøkt, bl.a sunnmøre! Fortsetter å lese bloggen din, så bare legg ut mer... Takk for at du deler!

    Jorid

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra at du vert inspirert! Det er jo som oftast motivasjonen som treng eit puff - og det treng faktisk ikkje vere lange turar for å vere store opplevingar :)

      Slett