torsdag 21. februar 2013

Bakkekletten

19. februar testa Anne og eg den nye stien på Bakkekletten. Holmedølingane har rydda i "bymarka" og merka ein flott runde i kulturlandskap og skog med høgdepunktet på utsiktspunktet på kletten. Løypa var fin ein februardag med slaps og snø, og sannsynligvis fantastisk ein varm sommarkveld. Kan anbefalast! Stien er ein del av Kystarvprosjektet, med 100 turstiar i HAFS-regionen der du verkeleg kan oppleve Kystlandskapet.

Holmedalsbygda!

Fin tur i godt lag!

På utsiktsplassen her vert det nok mykje fotografering, kaffidrikking og kanskje eit og anna frieri?

Det var rydda ganske mykje langs stien og på utsiktspunktet. Kjempebra!

Bakkekletten

Løypa går rundt og opp på kletten.
Vi gjekk over og ned på Kleppeneset, og det gjekk heilt fint.
Denne løypa passar for alle, små og store.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar