Heldigvis godt merka og rydda. Takk til John Lien med venner!
Ingen av oss hadde eigentleg gått denne turen før, men det hindrar vel ikkje ein fellestur? Med venners venner var det folk frå Værlandet i vest og Kvammen i nord. Kom ikkje å seie at vi ikkje brukar kommunen vår. Kjekt med ein god miks av gamle venner og nye bekjentskap.
Siste kneika. Fantastisk utsikt! Solund bakerst i venstre kant, Fure og ytre Fjaler framom. Holmedalsbygda rett ned, Loftheimsåsen og Atløynipa bak til høgre.
Nesten oppe. Flekkefjorden
Monika ledar an med sporhunden. Sjarmøretappa til toppen. Toppane Eitrenipa, Blegja og Kringla med venner er alltid eit fint skue.
Kvar er no den hersens boka?? Nina tek ansvar.
Etter innskriving og bespisning var det mogleg å samle gjengen til eit fellesbilde!
FOR EIN KJEKK GJENG!
Sola varma i bakkane og det var nydelege haustfargar i skogen.
Holmedalsbygda
På heimveg møtte vi ein ein heil skokk på veg til til fjells. Det er så bra at både store og små brukar den flotte naturen og dei fine haustdagane.
Bakkefjellet (630 moh) frå bygda. No har eg vore der, og har ein sterk mistanke om at det vert fleire turar.
Takk for turen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar