onsdag 17. oktober 2012

Geita fyr og oktobertelting på Tviberg

Etter ein tapasaften vert det fort rundt lunsjtid før ein kjem seg på sjøen. Vi la ut frå Øyra og det var havblikk!


Nina speglar seg før Sauesundet

Kjente og vakre profilar! Tviberg og Brurastakken. Basecamp var planlagt ved foten av Stauren (spissen i midten)

Først skulle vi padle ein liten omveg, og plukke med oss eit fyr. -Rekk vi det før det vert mørkt? Ja, trudde vi. Dessutan er det ikkje kvar dag ein kan padle ut til Geita fyr med ein svak austatrekk i ryggen og knapt ei rørsle på sjøen.

Før vi kom så langt, var vi svoltne. Då vart det lunsj i Aralden.

Aralden aust og utsikt innover. Rart å sjå landskapet denne vegen.

Aralden er kjent for fin strand, og vi har telta på vestsida før. Vi har ikkje vore på sørsida, og der var det jammen endå fleire fine strender og holmar som vi kunne snirkle innimellom. 

Nina på veg mot Geita fyr.

Det vart litt meir bris, men framleis fint å krysse til fyret. Då eg kom bort sat Nina i kajakken og bante. -Her må ein no VERE GEIT for å komme opp! Vi gjev ikkje opp så lett, og var førebudde på at det var litt kronglete å komme i land. Etter ei kort risikovurdering av bad i tareskogen lot vi stil vere stil og velta vi oss bokstavleg talt i land. Ingen bading, og det var vel like greit. 

Jubel på Geita!

Vi har hatt lyst hit lenge, så det var god stemning på fyret. Nytt fyr på lista. Det var ein flokk geiter som gjekk her og, så alt var som det skulle. 

Fyrturist Nina.

På fyret funderte vi litt over kor kort det eigentleg var over til Solund. Neste gong? På veg ned til kajakkane traff vi to skjønne småjenter. På kaia var det heldigvis nokre foreldre og. Det viste seg å vere dei som nyleg har teke på seg å få liv i fyrmeisterbustaden att. Kanskje det på sikt vert mogleg å leige?
Artig med eit treff her ute i havgapet, og på bloggen til Sirpa kan du følgje deira fyreventyr på Geita.    

Heldivis låg kajakkane på same plass som vi forlet dei.

Siste etappe før basecamp. Geita - Tviberg. Ikkje nok med at det begynte å skumre, den fine austatrekken vi hadde hatt i ryggen heile dagen forvandla seg til ein litt friskare nordavindsvariant rett i fleisen.

På Tviberg stod hjorten og tok i mot oss. Vi rakk det akkurat før det vart mørkt.

Basecamp i sikte - Tviberg aust.

Kaldt, mørkt og oktober. Det gjev ein viss motivasjon til å vere effektiv i val av leirplass, teltoppsett og middagsmat.

Ahhhh.....!

Drivved er ein fin ting. Det er og veldig greit å reise på tur med nokon som har laga hjortegryte på førehand! Det kjentes ut som verdas beste hjortegryte faktisk. Vi hadde med bøker og teltlykt og trudde vi kom til å hutre i teltet fram mot leggetid. Men det var så triveleg på Tviberg, at vi vart sittande ute og nyte kvelden. Det var litt overskya, så det vart verken kaldare eller råare. Oktobertelting er undervurdert! Vi var og veldig nøgd med oss sjølve, både padlemessig, bålmessig og sånn reint generelt.

Soloppgang

Etter ei meget komfortabel natt i telt, der vi traff 100% med både underlag og påkledning, vakna vi til ein nydeleg soloppgang. Og kuling. I alle fall nesten. 10 m/s i alle fall.  

Basecamp Tviberg

I staden for å bekymre oss for vinden, (det var uansett padlbart) så gjekk vi på sightseeing. Tviberg har to gardar og masse historie frå tidlegare tider. Kulturlandskapet er veldig fint. Framtid og forfall er truleg ei utfordring... Etter fleire turar hit ut er heile øya eit favoritturmål for meg.  

Med ein gong vi begynte å bevege oss så kom ørna og sjekka.

Eg er sikker på at det var same ørna vi såg frå Stauren tidlegare i sommar. No er vi altså på førnamn med både Aldenørna og Tvibergørna.

Tuna på Tviberg

Kilometer på kilometer med steingard på over meteren held innmark frå utmark.

Kva har dette vore?

Klokka går, sjølv om ein har det kjekt. Lunsj, pakking og heimveg. I motvind. Jamn, solid tung motvind. Eg fekk kjempevondt i skuldra og bytta frå euroåre til grønnlandsåre ved Brurastakken. Det gjekk heldigvis betre. Vi brukte 1,5 time til Nærvika!

Naustrekka i Nærvika (eller Nervikja?)

Vi har eigentleg ikkje lagt merke til så mykje meir enn båthotellet på Vilnes, før Marit blogga om naustrekka innafor. Så det vart dagens sightseeing. Fine naust, og ein god dose forbannelse over motvinden, som det stod heilt klart for oss at ville vare dei neste timane og.  

Dagens drama

Litt drama på veg heim. Vi skremmer ein sel, og brått ser vi noko kvitt som flyt. Det viser seg å vere ein fin fisk. Brått dukkar verdas største oter fram og tør akkurat så vidt ikkje ta den. Selen følgjer med på trygg avstand. Ein slunken måse kryssar gong på gong, frustrert over storleiken på byttet og desse padlarane då!

Resten av turen var knallhard jobbing i motvind. Knallhard. Demotiverande. Heilt til Sauesundet. Heldigvis var det litt meir folkeleg "normal" motvind i Granesundet.

Sjarmøretappa til Askvoll sentrum

Klokka gjekk. Det som skulle vere god tid vart travelt. 18.00 landa vi på Øyra. 19.00 var vi på plass i samfunnshuset på Zumba (Nina er instruktør så ho må jo stille..).

Kart over turen (klikk for større)

Dag 1: 27 km padling - 4,5 timar effektiv padletid
Dag 2: 17 km padling - 4 timar effektiv padletid. Motvind ja.

Seier det igjen: Oktobertelting er undervurdert! (og det var austavinden og...)

12 kommentarer:

  1. Sprekingar! De har god grunn til å vere nøgde med dykk sjølve ;-) Flotte bilder!

    SvarSlett
  2. Morosamt og godt skrive, Lene! Ser at de har hatt ein flott tur. Vart padle- inspirert. :-)

    SvarSlett
  3. Du er ein god formidlar både i ord og bilde. Inspirerande :-)

    SvarSlett
  4. Men hallo - hvordan endte det med fisken? Hvem fikk den?

    SvarSlett
  5. Kjekt om bloggen gjev turinspirasjon! Eg fekk i alle fall lada opp mine mentale batteri.

    Når det gjeld fiskedrama så ville ingen av aktørane gjere utfall før vi forsvann rundt neset. Her er det mange ubesvarte spørsmål. Var fisken fanga eller stolen? Av/frå kven? Kven endte opp med byttet? Til kva pris?

    SvarSlett
  6. Dokke har hatt (nok) ein flott tur ser eg. Lang i armane no kan eg tenkje meg... :)

    SvarSlett
  7. Veldig kjekt å ha sett hvordan kajakkpadling "v/gamle-unge, begge kjønn" har senere årene kunnet tatt seg opp i også det værmessige fort omskiftelige(obsobs) ytre Sunnfjord! Flotte høstbilder og padlebeskrivelser som her bl.a., vekker fine minner fra egen padletur i traktene også en oktober, da for nært tredve år tilbake. (Fra Bergen i Nordkappen. Modellen, den første i Norge og alle moderne eksp.-havkajakkers mor. Nærmere beskrevet på FBsida mi. Og er fortsatt i jevnlig bruk helårlig). Ser fram til nye bilder og beskrivelser fra Sunnfjord!!

    SvarSlett
  8. PS. Trenger ny tørrdakt. Går rykter om at nye Kotakat er blitt for tynn/ mindre slitesterkt. Ser at du/dere begge har URSUK`n. - tidligere testet av Padling) Fornøyd med pusteegenskapen ??

    SvarSlett
  9. Ser ut som de har hatt ein fantastisk fin tur:)Flotte bilder spes soloppgang bildet.Blei padlesjuk eg og,får håpe det snart laga seg med ein tur for meg og :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi må få til ein fellestur i Askvoll ein gong! Dagstur i fint ver? Prosjekt til våren att. No er det jo mange som padlar.

      Slett
    2. Ja,det må vi få til,eg e med :)) Fellestur med bål veldig viktig ingrediens ;)

      Slett
  10. Fantastiske bilder, dere har hatt det fint på turen ser eg!! Flott.

    SvarSlett