tirsdag 25. september 2012

Selje kloster

Padlehelg! Fredag 21. september la vi ut frå sentrumskaia i Selje med stø retning Selja.

Stadlandet bada i ettermiddagssol


Det var ikkje lange biten ut til klosteret, men vi rakk akkurat å komme i padle- og helgeturmodus. Klosteret var eit flott syn då vi runda odden. Vi hadde fått tips om camping frå landbrukskontoret i kommunen i vika inn til venstre  
Villa Aarseth - basecamp 1

Til å vere 4 damer på tur så gjekk det relativt fort å finne leirplass. Dagane er kortare no, så det vart brått solnedgang.

Utsikta frå "restauranten" vestover mot Vågsøy. Utover kvelden såg vi blinka frå Skongsnes fyr og Kråkenes fyr (trur vi).

Vindmøller i solnedgang. Mehuken. Stygt? Fint?

Mehuken Vindpark vart etablert i 2001. Tretten turbinar gjev årsproduksjon på 65 GWh. Dette tilsvarar energiforbruket til innbyggarane i Vågsøy kommune (ca 6000).  5 av møllene har tårnhøgde på 50m og ei rotordiameter på 52m. Resten er 64 meter høge og har ein rotordiameter på 71 meter.

Bålkos ved basecamp

Vi har lagt oss til nye vanar, og no skal det vere bål. Det var skikkeleg rått og doggfall utover kvelden så det var kjekt å ha eit bål å varme seg på. For ikkje å snakke om kor koseleg det er! I tillegg fekk vi rydda vekk ganske mykje skrammel frå fjøra, som no er omgjort frå eit "søppel-i-havet-problem" til eit klimaproblem.  

Avstressa, dog noget søvnlause, vakna vi til svartestille.

Det er ikkje feil å sjå Stad og Vågsøy spegle seg i Sildegapet til frukost.

Første post på programmet var klostervandring. Klosterbåten kom med guide og (andre) turistar så vi fekk litt gratis informasjon undervegs.

Klostergjengen!

Stemninga var høg og gjekk over til høgtideleg. Dette er ein spesiell stad. Det historiske suset er tydeleg, og kjensla av heilagdom likeså.


Opp til grotta

Utsikt frå grotta mot Stad

Alteret i grotta

Nina testar Sunnivakjelda

Vi hugsa ikkje heilt om det var helse eller ungdom ein skulle få av å drikke av kjelda. Etter ei kort vurdering fann eg ut at eg både var frisk og ung nok, og meldte pass på drikkinga.
  

Klosterutsikt mot padlebasecamp

Først langt utpå førmiddagen kjem sola til klosteret

Selje kloster var flott! Uavhengig av religiøs ståstad så er dette eit turmål som bør inn på ønskelista. Då klosteret hadde si storheitstid var det kvitkalka, og låg som eit strålande seglingsmerke frå havet.

Sunniva-legenda er bakgrunn for bispesetet (frå 1068) og klosteret (ca 1100). Sunniva sine knoklar vart skrinlagt i 996. Storheitstida var på slutten av 1200-tallet. Utifrå storleiken trur ein det då var 10 – 15 prestevigde munkar på klosteret. I tillegg like mange lekbrødre. Dei var handtverkarar, dreiv med stell av sjuke og dyrka jorda. Utanom  bønne- og gudstenestelivet, var klosteret også ein lærestad for prestar. Munkane på den tida dreiv og med avskrift av bøker og oversettingar. Soga ”Flateyabok” skildrar anlegget som : "Dette er det største mannverk av dette slaget som er bygd"

I middelalderen (1030-1536) hadde Norge tre store pilegrimsmål. Det var Sunniva på Selja, St. Olav i Nidaros og krusifikset i Røldal stavkirke.
I nyare tid har "Dagmar" flytta heile sjøbua over ei bukt og krasjlanda den på svaberga her. Ikkje blikkstille alle dagar med andre ord..

NO var vi klar for padling og la ut på nye eventyr 


6 kommentarer:

  1. Ok, hit vil jeg være med hvis jeg en gang kommer nedover. Dette så ut som et kult padlemål. Jepp. Jeg må bare finne ut hvor det er hen...

    SvarSlett
  2. Kjekt du tok ein kortversjon i historia for oss andre, så slapp eg å lese meg opp så mykje sjøl :) PS! Saknar antall padla kilometer (29,5 om gislink er rett og eg ikkje huskar feil....). Di er så flink til å ha me det på slutten.

    SvarSlett
  3. Kjempeflott tur, takk for at du deler den med oss landkrabbar.

    SvarSlett
  4. Dette såg ut til å ha vore ein knalltur! Flinke damar som tek seg ut! :-)

    SvarSlett
  5. Miamaria: Kjem du nedover må vi fikse ein klostertur ja...:)Vi hadde vel i overkant flaks med veret når vi først tok oss ut, så det vart heilt supert. Ser at det vert ikkje telting og teknikktrening på same tur - førebels i alle fall.

    SvarSlett
  6. HERLIG! Og flotte munkinner:)) for en helg dere har hatt!

    :)

    SvarSlett