Longyearbyen. Utsikta frå hotellet, mot den gamle taubanesentralen
Når "stetten" på snøfonna smeltar frå "glaset" så er det per definisjon sommar på Svalbard. Dette skjedde i år fredag 31. august.
Tur til fuglefjellet. Sesongen var slutt, men vi såg nokre lundar, havhestar, krykkjer og ein polarjo.
Kva meinar eg om RIB-båtar? Eg må innrømme at det er ein effektiv måte å ta med turistar på, og vi fekk sett veldig mykje på kort tid. Artig er det og. Men klarar ikkje å vere heilt for likevel. Må vi ta med folk overalt med motor?
Grumant
Grumant er den einaste originale russiske byen på Svalbard.
Her budde det folk frå 1912-1965 med over 1100 på det meste.
Barentsburg var norsk og vart seld til russarene etter få år, og Pyramiden var svensk frå starten.
Grumant betyr Grønland på russisk. Truleg trudde dei første pomorane som kom hit at det var Grønland dei hadde funne. No har Grumant blitt det russiske ordet for Svalbard, sjølv om det eigentleg betyr Grønland.
Grumant
Innover langs fuglefjellet
Isfjorden. Brearmane ligg på rad og rekke på nordsida og går heilt ned i fjorden.
Longyearbyen
Det er ein million snøskuterar i Longyearbyen. Plassert og balansert meir eller mindre tilfeldig rundt på kvar sin palle, med ei klar forventning om vinter. Snart.
Gruve nr 2. Spennande gruvehistorie, og spor etter den overalt. No er det aktivitet i gruve nr 7 og Svea.
Longyeardalen og Longyearbreen.
Gravplassen. Sterkt symbol i lia ovanfor byen. 26 omkomne frå kolstøveksplosjonen 3. januar 1920 i gruve 1 er gravlagt her, saman med sju gruvearbeiderar som døde av spanskesjuka i 1918.
Norges einaste kolkraftverk.
Svalbardkontrast
På hotellet fekk vi beskjed om å halde oss i byen. Det var rart å møte folk med gevær overalt. Dei som gjekk på lenger tur hadde med seg folk frå sysselmannen med rifle. Eg hadde nok slitt litt med det i lengda. Det freistar med ein lenger tur til Svalbard - her er det mykje å sjå og mektig natur. Nesten Nordpolen kombinert med Golfstraumen. Spennande geologi, historie og brikke i storpolitikken.
Svalbard, en fantastisk flott plass. Var der i mørketiden og kjørte hundespann. Drømmen er tilbake for å padle:))
SvarSlettTenk å bo der et år eller to:)))
Du må lese "Nord for det øde hav" av Liv Balstad, gift med Sysselmannen rett etter krigen. (Har den)
SvarSlett