torsdag 9. august 2012

Stauren (157 moh)

Siste padledag i ferien. No skulle vi berre heim, og ein snartur innom Stauren på Tviberg. Lang frukost. Fint ver. Alden til Tviberg var rein kosepadling.

Slettevika på Tviberg.

Siste feriedag, siste pepsi max. -Denne har eg spart til i dag, seier Nina med eit lurt glis.

Her er det ikkje fjelltrimpost eller trakka sti, så vi måtte finne vegen sjølv. Høg lyng, tett eine og våt mose. Masse store blåbær innimellom. 

Stauren frå aust (arkivfoto). Vi kom opp og over skaret til venstre og gjekk opp ryggen på Stauren.

På toppen! Utsikt mot Ryggsteinen.

Det var lettare å gå opp enn vi hadde trudd, og ikkje behov for klyving. Sjølve toppen var flat og ganske stor. 

Fornøgde turistar på toppen - mot Hindøy, Heggøy, Smelværet.

Det var eit verkeleg fint rundskue på toppen. Vi er heldige som bur (evnt. har budd) på ein slik plass. Det er jammen flott i Askvoll!  

Herland

Tunet på Tviberg. Ei øy.To gardar. Kilometervis med steingardar.

Neste gong vi er på Tviberg skal vi på tunvandring.

Ørn over øyriket

Vi fann ei ørnefjær på toppen. Ørna sirkla rundt oss. Denne var mindre, nettare og meir velstelt enn "Aldenørna". Gode vibbar på Stauren.

Det var ganske frisk nordavind på toppen. Det er korte kryssingar innover, så vi var ikkje bekymra. Lang lunsj/middag i vikja før vi la i veg. Det var framleis friskt då vi for ut. Fine, runde og ganske store bølgjer.  Med sideveis bølgjer av variererande storleik så vart det ein og anna sprut i trynet, men kajakken min er endå meir stødige når den er fullasta. Det stilna og vi for gjennom Hindøysundet og inn til Herland. Siste stykket var det heilt stilt og flatt på sjøen. Det er utruleg kor fort det skiftar.

Herland. Tilbake til sivilisasjonen?

Flotte feriedagar i Askvoll og Alden. Variert padling med alle verforhold representert. God trening i å padle med sideveis bølgjer/vind. Vil ha meir ferie!


Kart over heile turen, totalt ca 48 km padling

Tviberg er eit nasjonalt viktig kulturlandskap, og halve øya er kjøpt av staten til friluftsformål. I motsetnad til alt som er freda, så er det her tilgang. Det er dårlege hamneforhold på øya, så forsøk på å få til turisme/tilrettelegging har stranda. Det er og store utfordringar knytt til å ta vare på kulturlandskapet. Med kajakk er Tviberg lett tilgjengeleg og verdt eit besøk eller to. Det er pepra med kulturhistorie på øya frå ulike tidsepokar, og stadnamna vitnar om høg aktivitet. Det er laga ein eigen rapport om Tviberg og kulturlandskapet. 

1 kommentar:

  1. Fint å følge feriepadlinga di for en kartglad og lite sjøvant mamma.

    SvarSlett